Etter ein strålande debut og deretter ei litt svakare andrebok er Brekke tilbake på eit bra spor her. I dei to førre bøkene veklsa handlinga mellom notid og nokre hundre år attende i fortid, og med ei krimgåte i kvar av tidsepokene som hang lauseleg saman. Denne boka er bygd opp heilt annleis. Handlinga, eller kanskje heller handlingane, er i notid og kuliminerer mot eller held fram vidare frå ei dramatisk episode. Det er fleire parallelle historier som er fletta saman, og det er ikkje kronologisk fortalt. Likevel er det forholdsvis enkelt å halde tak i handlinga, spesielt sidan kvart kapittel har ei tidsreferanse som overskrift («Natten før det skjedde», «Fem dager før det skjedde», «To uker etter at det skjedde» etc.)

Først og fremst så er dette eit strålande handtverk i å folde ut eit knippe historier. Brekke avslører akkurat passe mykje i kvart kapittel til å halde på spaninga samstundes som lesaren får anledning til å setje på plass ei ny brikke i dette puslespelet. Språket er lettlest, men samstundes inneheld det ein del skarpe observasjonar av, tja, mennesket sin natur? Skal ein pirke på noko så kjennest enkelte av dialogane litt oppkonsturerte, spesielt dei mellom dei yngre personane i boka. Ei og anna passasje blir også litt for klisjeprega etter min smak. Men dette er smårusk, alt i alt er dette ei godt gjennomført krimbok som eg kosa meg storleg med.

Brekke har blitt ein liten favoritt hjå meg, og eg gleder meg veldig til å lese dei to neste bøkene av han, Doktor Fredrikis kabinett som eg alt har i bokhylla, og Paradisplaneten som kom ut ganske nyleg. Og så vonar eg at det kjem mange fleire gode bøker frå den kanten i framtida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn S