God og spanande bok, i postapokalypse-sjangeren. Ein sopp infiserer menneske og gjer dei infiserte til særs aggresive menneskeetarar, og infeksjonen spreiast gjennom kroppsvæsker. Dette leier sjølvsagt til totalt samanbrot av sivilisasjonen, og 20 år seinare, som er tidspunktet for handlinga, er det uvisst kor mange busetjingar med uinfiserte menneske som framleis finnest. I England finnest det i det minste ein by, Beacon, som framleis har stått imot.

Men boka startar ikkje her. Den startar med opplevingane til ei lita jente, Melanie, som blir halden som fange saman med nokre titals andre ungar på ein militærbase langt unna Beacon. Melanie veit ikkje om anna enn dei daglege rutinene i avdelinga der ho bur, som mellom anna inneber at ho må lenkast fast for å kunne vere nær andre. Ungane får undervisning ved avdelinga, og favoritt-læraren til Melanie er miss Justineau. Melanie syg til seg kunnskap som ein svamp, og dreg også konklusjonar av ting ho ser og høyrer på militærbasen. Grepet med å la lesaren forstå verda gjennom Melaine sine auge var særs vellukka, og etter mitt syn den aller beste sida ved boka.

Det skjer etter kvart ganske mykje i forteljinga. Ein veklsar mellom action-scener, nær-vitskaplege utgreiingar om korleis ting har blitt som dei har blitt, og Melanie sin oppfatning av korleis ting heng saman. Det var tidvis ubehageleg å lese historia. Ikkje på grunn av all valden og dei tidvis splatter-aktige skildringane, men rett og slett fordi eg måtte spørje meg sjølv om kva for standpunkt eg ville ha tatt i forhold til Melanie dersom eg hadde vært ein av personane rundt henne. Med føresetnad om at eg aksepterte den vitskaplege forklaringa på Melanie sin tilstand er det slett ikkje sikkert at eg hadde landa på den snille sida. Ein får tru at ein slepp å havne i situasjoner der det moralske kompasset må setjast på slike prøver.

Eg lase denne saman med Ajiniakra sin dystopiske lesesirkel, og hadde stor glede av diskusjonane undervegs. Boka er for øvrig filmatisert, premiere i løpet av året. Det blir nok til at eg må sjå denne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn S