Slaps, slaps, slaps overalt ein snur seg ... freistar ikkje å vere så mykje utandørs i helga. Men ein kan jo køyre litt innover og nokre høgdemeter oppover i landskapet for å finne betre forhold, kanskje skal ein prøve seg på ein liten skitur? Med varsemd i såfall, eg gjeng ut frå at det er ein viss skredfare med nedbøren som har kome i fjellet siste dagane.

På lesefronten så reiknar eg med å bli ferdig med to bøker i dag, Hunden av Kerstin Ekman og Menneskets natur av Jørgen Brekke. Gode bøker begge to, på kvar sin måte. Deretter tenker eg å take fatt på den andre boka i utvandrar-serien til Vilhelm Moberg. Passe lang til å gjere unna før det brakar laust med dei to lesesirkelbøkene Ready Player One og Brødrene Karamasov neste veke.

Som lydbok medan eg køyrer bil så høyrer eg framleis på Candide av Voltaire. Her får hovudpersonen verkeleg testa ut hypotesen om at alt er til det beste. Med ynskje om at bokelskarane slepp å oppleve same typer prøvingar, rundar eg av med

God Helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Pssssst: Jeg leste Hunden i fjor og det er en godvond bok. Håper du liker den:)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den er kjempefin. Har 20 sider att no, nesten slik at eg gruer meg til den er ferdig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjenner den følelsen, men det er dessverre ikke ofte det skjer. Savner å lese bøker som hjemsøker lenge etterpå:) Spent på din terningkast etter å ha lest Hunden:)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det måtte berre bli ein 6'ar på denne. Forteljinga traff meg midt i hjartet. Så må det seiast at eg sikkert var ekstra mottakeleg sidan vi har hund sjølve, som eg har knytt meg sterkt til.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jeg ga den en firer og mener fremdeles at boka er god. Har ikke hund selv (katt), men det ene tantebarnet mitt er hund (Jack Rusel - Terrier), så vet hvordan det er å ha et bånd til en hund, og katter er ikke så verst de heller da:) Godt at du likte boka:)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Høres ut som jeg må lese den:-) Jeg har også hund.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Les den. Man trenger ikke å ha hund for å like denne boka, det er nok med å være glad i dyr:)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenKirsten LundFlettietteritaolineCathrine PedersenDemeterVariosaPiippokattaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunillaKaren PatriciaBeathe SolbergRonnyIngunn ØvrebøChristofferAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTatiana WesserlingGrete AastorpMads Leonard HolvikGeir SundetgretemorsiljehusmorIngeborg GJakob SæthreCarine OlsrødAnne-Stine Ruud Husevåg