Då er han visst lys, då. Eg synest framleis Viggo Mortensen passar bra. Hårfarge er jo det minste problemet for slike skodespelarar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han gjer jo ei veldig god rolle i "A history of violence" også. Eg synest ikkje han ser skummel ut ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenker at han kanskje litt sånn Viggo Mortensen-aktig eg, litt sliten og rufsete. Kanskje ei litt mindre veltrent utgåve av Viggo Mortensen hadde gjort seg? Han skal i alle fall ikkje vere lys, men litt mørk, med gråstenk i håret. Trur eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det ser ut som om han har ombestemt seg, her. Det siste eg høyrde var nemlig at han ikkje ville lage filmar av Harry Hole-bøkene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skal dei filmatiserast? Jo Nesbø har jo tidlegare vore veldig klar på at dei ikkje skal det. Har han ombestemt seg?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det kan hende eg skal ta sjansen på å sjå filmen, likevel då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er jo ingen betre måte å fjerne rust på engelskkunnskaper, enn å ta dei i bruk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I lys av foregåande debatt, som denne debatten spring ut av, synest eg heile spørsmålsstillinga blir litt kunstig. Eg trur mykje av det som var verdt å seie, blei sagt, og eg kjenner ikkje at eg har så mykje meir på hjartet i denne omgangen.

Men for å oppklare ei potensiell misforståing av mitt synspunkt, som eg skimtar bak spørsmålsformuleringa di: Treng vi "lettvektarar" og "unyanserte" bøker? Ja, absolutt! Men er det lov å velje dei bort, dersom dei ikkje faller i smak? Ja, definitivt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg las ho på engelsk, og synest mykje av humoren låg i det småironiske språket og dei spissa skildringane av hendingar og personar. Men eg har høyrd fleire seie at dei har lese ho på norsk, utan same lesaropplevinga, så eg lurer på om det kan vere noko der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette høyrest svært spennande ut! Sekundærlitteraturlista har eg stor tru på - Dingstad er dyktig! Eg har ikkje lese Hamsun på ei stund, så det kan hende eg let meg inspirere her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pan er best!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For meg har det meir å seie om det er ferietid eller arbeidstid, enn om det er sommar eller vinter. Eg går ofte laus på større verk som krever at eg les i lengre strekk i feriane, medan i arbeidstida av året les eg bøker det er greit å legge bort etter ein halvtime. Men dette heng jo saman med kor lange strekk med lesetid eg har til ulike tider. Det er liksom dumt å gå laus på eit verk kor eg gløymer persongalleriet sine relasjonar til kvarandre, når eg bare les på bussen og før eg sovnar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjorde det same, av same grunn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har visst gått glipp av mykje, som ikkje har vore innom her i dag, men Strindin har sagt mykje av det eg tenkte, på ein langt betre og ryddigare måte enn eg sjølv kunne gjort.

Det er veldig kjekt å sjå at denne diskusjonen har spora tilbake til sak! Det liker eg.

Vi er jo alle prega av vår bakgrunn og det vi gjer til dagleg. Sjølv underviser eg i religion og etikk, eit fag der eg stadig møter elever som trur alle muslimske menn er som han fyren i Tusen strålende soler og at alle katolikkar er som i DaVinci-koden og Engler og demoner. Dette er også bakgrunnen for at eg trur at bøker som presenterer ein stereotyp av ei gruppe mennesker, kan vere med på å stadfeste fordommar. Det er ikkje noko problem om folk les ein roman som gir eit unyansert bilete av muslimske menn og deira haldningar, viss det fører til at dei går djupare til verks og forsøker å finne ut meir om kven dei muslimske mennene verkeleg er, slik du Rose-Marie beskriver. Men eg meiner at det grensar til å kunne kallast eit problem, når svært mange ikkje gjer det, men heller konkluderer tvert med at "alle muslimske menn er slik" og "alle katolske menn er slik". Og som Strindin så fint forklarar, er tradisjonelle framstillingar av arabiske menn svært stereotype.

Dette svaret verkar eigentleg litt overflødig, tatt i betrakning at dei andre svara er så gode. Men eg tenkte bare å seie litt om korfor eg meiner at dette er noko som er verdt å diskutere.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mulig jeg tar feil, men ord som kommersiell, lett, unyansert og drevet av handling er litt negativt ladde og er gjengangere.

Kommersiell kan vere eit negativt lada ord. Dette er ord ein gjerne bruker for å kritsere noko. Men at handlingsdriv og lett skal vere negativt, får eg meg ikkje til å skjønne.

Det som forundrar meg litt i denne diskusjonen, er jo at sjølve utgangspunktet er at trådstartar ber om ei forklaring på at folk kan komme med ei utsegn om at ei bok er for kommersiell. Også blir det svært høg temperatur, når nokon svarar at ja, det kunne eg også sagt og begrunnar dette.

Siden jeg har lest mye av det som rakkes ned på, uten at jeg nødvendigvis er ukritisk til disse, hiver jeg meg på mest fordi jeg blir provosert over at mange ikke tenker på det finnes en del bokelskerer som liker disse bøkene og sikkert tar det personlig at deres litteratursmak stadig blir stemplet som lett og unyansert.

Også tilbake til ordet unyansert, som du gjentek. Dersom vi ikkje skal diskutere kva vi liker eller ikkje liker, forsvinn vel fort litt av poenget med å henge på eit forum kor vi snakkar om bøker. Eg synest det er meir interessant å lese at nokon liker eller ikkje liker ei bok, med god begrunnelse (sjølv om eg kanskje ikkje er einig i verken smaken eller begrunnelsen), enn å lese at nokon synest denne boka var "heilt fantastisk" eller "veldig dårleg" utan at det er vidare begrunna. Men det er fordi eg tenker at noko av poenget med å snakke om bøker, er å dele meiningar om bøker.

Men det blir jo vanskeleg å ha slike diskusjonar, dersom ein ikkje klarer å skilje mellom sak og person. Eg har sagt at eg synest Drageløperen formidler eit unyansert bilete av ein vanskeleg og langt meir kompleks situasjon, og at det finnest mange bøker som problematiserer det same på ein meir nyansert måte. For meg er dette ei uttaling som er knytta til ein sak (kva eg synest om Drageløperen) i forlenginga av trådstartar si uttaling. Det har ikkje vore min intensjon å la "deres litteratursmak stadig bli stemplet som lett og unyansert". Eg håper du ser forskjellen på "eg liker ikkje boka, fordi ho formidlar eit unyansert bilete av noko som bør nyanserast" og "du din dust, du har unyansert litteratursmak, fordi du liker denne boka". Det siste har det aldri vore min intensjon å uttrykke.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Hjort er en av de mest undervurderte forfatteren i Norge. Har begynt å lese henne igjen etter at jeg blei lei av sexbøkene hennes for tjue år siden. Oppdaga at hun tydeligvis gikk like lei. dette er ei bok om det eskistensielt vanskeligste spørsmålet for den vestlige middelklassen. Hvordan være menneske i vår tid, hvordan være menneske i en verden der privilegiene dine følger deg inn i kjærligheten og inn i senga. Kan man velge det bort? Kan man luke øynene? Kan man se seg sjøl utenfra og la det stå til? Og så er det ei bok om skam. Skam og heminger, å velge ikke kommunikasjon framfor de beskjedene man frykter. Hjorts kvinner skulle vært gift med solstads menn. De kunne ikke blitt ensommere enn de er aleine i alle fall.

Godt sagt! (19) Varsle Svar

Løp og kjøp, løp og lån, løp og les. I alle fall, bare få den lest. verdt å vente på. Den er skrevet i 65 tror jeg, men likner på det han skriver 40 år seinere. Han er rett og slett veldig konsistent.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Leste boka på ny nå. Dette må være en av Solstads aller beste bøker. I alle fall om det å bli berørt, rysta, få vondt inni seg er et kjennetegn på hva som skjer med deg når du leser gode bøker. Singer er nesten som meg, som mange jeg kjenner, han har en sterk skamfølelse, han lider under det å se seg selv utenfra, og ikke leve opp til sin egen forventning. Men så tar Solstad det bare litt lenger enn det vi andre opplever det som, og vi får en mann som målbevist skaper sin egen ensomhet, som ikke evner å være den han vil være, og dermed velger å ville være ingen, og til slutt klarer det. Han er i slekt med alle Solstads nittitallskarakterer, ELias Rukla, Bjørn Hansen, professor Andersen. Kanskje aller mest med Bjørn Hansen. I nabobyene Notodenne og Kongsberg bor det to menn som har det til felles at de ikke evner å snakke, ikke å kommunisere med sin omverden. Den ene er skuffet, eller oppgitt over verden, den andre over seg selv. Men sette ord på det, kommunisere det med andre kan de ikke. Istedet lar de seg lure av sin indre dialog til et punkt hvor de tror at verden ser dem slik de ser seg sjøl.

Singer opplever til slutt glede over at han kan bli sukka over av sin stedatter, gjennom å være årsak til dette sukket hun gjør framfor sine jevnaldrende venninere føler han at han har en funksjon for henne, og det gir ham et øyeblikks glede. Tristere blir det ikke, men heller ikke mye bedre.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Før du kjøper ordliste, bør du gå inn på udir.no og sjekke om ho er godkjent for eksamensbruk, slik at du ikkje gjer eit bomkjøp.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg blei også ille berørt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeKirsten LundElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar Tømmerstø