Dersom du for eksempel er interessert i Montesquieu, kan du jo skrive eit særemne om korleis hans idear har påverka opplysningstida og litteraturen i denne perioden. Både Ludvig Holberg og Jonathan Swift er jo sterkt påverka av Montesquieu sine idear. Det å samanlikne Montesquieu sine politiske filosofiar med samfunnskritikken i Holbergs Niels Klims underjordiske reiser og Gullivers reiser kan for eksempel vere ein ide. Då får du dekka både norsk litteraturhistorie, litteratur og samtid og samanlikning mellom norsk og europeisk litteratur.
Eg kan ikkje hugse å ha vore borti dette i bøker, men det var jo ein periode kor forfattarar dreiv og skreiv seg sjølv inn i bøkene sine. Er det ikkje i Dalen Portland at hovudpersonen brått møter ein som heiter "Kjartan med F" som hamrar eit eller anna meiningslaust i språket? Også er det ei liknande scene i Pölsan av Torgny Lindgren, kor Torgny Lindgren plutseleg dukkar opp. Men det var vel for å problematisere forhaldet mellom litteratur og verkelegheit.
Det kan jo vere lurt å skrive om nokon du kan knytte til fleire av kompetansemåla. Er det påbyggkurset du tek som privatist?
I så fall kan det jo vere ein ide å lage ei oppgåve kor du viser at du kan noko innanfor fleire av kompetansemåla, for eksempel samanlikne ein kvinnefigur frå ein norrøn tekst med ein ibsen-figur og seie noko om kva slags verdiar som er like og ulike i dei to periodane. Då vil du få vist størst mogleg bredde.
Enig! Det er lenge siden jeg leste disse, men jeg husker dem som en av de beste fantasyseriene jeg har lest. Spennende historie, og veldig fascinerende verden.
Jeg blir litt lei meg hver gang jeg ser hvor få som har lest denne. Dette er nemlig en slik bok som fungere omtrent like bra for voksne som for barn. En fin og sår bok om vennskap, ensomhet og barndom.
Eg har lese Morgon og kveld av Jon Fosse med VG1-elevar. Det var litt ambisiøst, men det var ei utfordring dei hadde stort læringsutbytte av. Sjølv om eg trur eg vil foreslå noko anna for dei svakaste elevane, neste gong.
Eg kan anbefale Ingen må vite, men Fange 59 ber litt for mykje preg av å vere "den vanskelege andreboka".
Det kan jo nesten verke litt som om det som når ut til store masser kjem gjennom andre medier. Boka har jo mange konkurrentar, og eg trur fleire filmar og tv-seriar kan ha "overtatt" litt av den rolla som Ibsen, Dostovjeskji og Dickens hadde i si samtid.
"I thougt you must be dead..” he said simply. ”So did I for a while,” said Ford, “and then I decided I was a lemon for a couple of weeks. I kept myself amused all that time jumping in and out of a gin and tonic”. Arthur cleard his throat, and then did it again. “Where,” he said, “did you…?”. ”Find a gin and tonic?” said Ford brightly. “I found a small lake that tought it was a gin and tonic, and jumped in and out of that. At least, I think it thought it was a gin and tonic. I may”, he added with a grin that would have sent sane men scampering into trees, “have been imagining it"
Det er for så vidt sant. Det er jo ei veldig stor interesse for andre menneske sine liv, generelt, sjå bare på sladrepressa og bloggane...
Er dette eit nytt fenomen? Eg har inntrykk av at det alltid har flomma over av meir eller mindre interessante biografiar.
Eg har vel ikkje meir greie på det, enn at eg har sett meg inn i korfor vi har eit så kunstig høgt prisnivå på bøker i Norge. Og det er veldig uheldig at det er slik, meiner eg, sjølv om bokbransjen sjølv vil hevde at dette kunstig høge prisnivået er med på å finansiere bredde i marknaden. Det er ikkje stor forskjell på Norge og Sverige, og den svenske marknaden har større bredde enn den norske.
Du er inne på pris versus kvalitet, og det heng vel saman med bokavtalen vil eg tru. Slik det er nå, har det ikkje noko å seie kva kvalitet bøkene har, fordi prisen er den same uansett, den første tida boka er på marknaden. Dermed har ikkje forbrukaren noko han eller ho skulle ha sagt. For ei tid sidan skulle eg sjå etter boka En dåre fri på Capris.no og som biletet viser kostar den norske utgåva 323,- medan den svenske kostar 150,-. Dette skuldast jo at bokbransjen i Norge har kunstige vilkår: alle bøker kostar det same i ei viss periode, før det er lov å sette ned prisen eller gi ut pocketbøker. Dermecd får ikkje vi som kundar anledning til å velje mellom å kjøpe billege utgåver i dårleg kvalitet eller dyrare utgåver i god kvalitet. Vi må kjøpe den dyre utgåva, omtrent eit år, før det blir variasjon i prisinga. Dette gjer jo også at forlaga ikkje treng differensiere i kvalitet, fordi den simple utgåva har same pris som den dyre utgåva den første tida.
Dette ser vi jo i forhold til somlinga med å lansere e-bøker i Norge. Dette er jo ein annleis "kvalitet" enn den vanlege boka, men forlaga har brukt fleire år på å bli einige om korleis dei skal prise bøker i dette formatet. Og nå når dei nærmar seg lanseringa av ebøkene, ser vi igjen at dei store forlaga går saman i eit samarbeid om å halde prisane på eit kunstig høgt nivå.
Eg trur vi undervurderer elevane litt i så måte, og gløymer at det å gi dei litterære utfordringar dei kjem til å hugse kanskje er ein verdi i seg sjølv, sjølv om det tek tid å veilede dei og hjelpe dei med å jobbe seg gjennom slike tekstar.
Det trur eg du har rett i. Som eg skreiv i ein anna tråd her om dagen, trur eg at bestselgjarane tek opp mykje plass, og er med på å skvise bort den eksponeringa smalare litteratur kunne ha fått. Dette ville kanskje i større grad gitt oss større bredde i marknaden.
Det gis da for eksempel fortsatt ut noen få lyrikkbøker i året uten at jeg tror forlagene går veldig i pluss på dem.
Det trur eg skuldast bevisste val frå marknadsavdelingane. Lyrikkinteressa er der, men ein må gjere svært aktiv research for å få med seg kva som blir gitt ut, og då blir sjangeren begrensa til noko som bare er aktuelt for det fåtalet lesarar som faktisk gidder gjere denne jobben sjølv.
Flamme sin singelklubb er jo eit spennande forsøk på å spre litteratur som ikkje får så stor plass i butikkane, til ei større mengde folk. Og dette er også eit eksempel på utgivingar som har marginalisert utgiftene.
Det visste eg ikkje. Takk for lenkar.
Einig! Og det er gjerne det at dei representerer noko nytt, som gjer at dei blir ståande som "store" i ettertid. Det er nok av bøker som kan vere gode i samtida, men som druknar litt i mengda i ettertid.
De norske Bokklubbenes eies i dag av forlagene Aschehoug og Gyldendal (hver 48,5 %), samt Forlaget Oktober AS og Pax Forlag AS; tidligere (1963-90) var også Cappelen en stor eier.
Det er heilt sikkert engasjerte redaktørar som vel ut bøkene med eit visst engasjement, men dei vel nok av sine eigne bøker. Og De Norske Bokklubbene har ein så stor marknadsandel, at dette i seg sjølv er med på å styre kva "folk flest" les.
Så eg må nok skuffe deg, viss du trudde Bokklubben var ein ideell organsiasjon.
Dette er langt frå det beste Murakami har levert. Det som gjer Murakami sine bøker så utruleg gode, er jo det at han går i djupet og utforskar det absurde og usamanhengande i menneskesinnet. Og det synest eg ikkje han gjer i Norwegian Wood. Eg er litt enig med Lise under, i at Watanabe ikkje gir nok av seg sjølv - særleg ikkje samanlikna med andre Murakami-karakterer.
Likevel er eg veldig nysgjerrig på filmen og gleder meg til å sjå han.