Ein av grunnane til at eg skal ha lesebrett er at då kan eg bla gjennom magasiner og tidsskrift på bussturen min. Granta Magazine er ukjent for meg. Det må eg sjå nærmare på.

Og ja - Morgenbladet er eit flott tilskot!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bare lese Genanse og verdighet og 16.07.41. Begge er bøker som har gitt meirsmak, til tross for at dei er veldig forskjellige. Då eg las 16.07.41, sakna eg å ha lese meir av forfattarskapet, fordi det er ei sjølvbiografisk bok. Og det er morsommare å lese sjølvbiografiske bøker, når ein kjenner forfattarskapet, enn når ein ikkje gjer det. Likevel var boka verdt å lese der og då, også.

Hmm... Eg trur eg skal lese litt meir av Solstad, eg også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er også medlem på Raverly, og eg kjenner meg ikkje igjen i det du beskriv. Dette er organisert heilt annleis, og ein kvar som starter ei undergruppe (underfora) er moderator for si gruppe. Når eg for eksempel har starta opp gruppa "Skandinaviske lesehester" har eg også moderatorrettigheiter i denne gruppa.

Og som eg har sagt under - eg ser absolutt behovet for moderatorar her også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig. Eg kom tilbake hit nå, etter ein lengre periode utan særleg aktivitet på forum i det heile tatt. Eg opplever at tonen på forumet har forandra seg veldig frå då forumet var i startgropa. Eg ser at mange av dei som var aktive ressursar her inne tidlegare er fråverande nå. Og eg skjønner det godt, etter at eg sjølv blei ønska velkommen med personangrep og usaklege kommentarar - til tross for at eg bare gjorde eit forsøk på å diskutere ei bok på ein sakleg måte.

Det verkar på meg som om det har etablert seg eit sett med uskrivne normer og regler her inne, som det ikkje er så lett for kven som helst å følgje. Eit moderatorteam vil både kunne vurdere desse normene og reglene sin legitimitet og ha myndigheit til å rettleie folk som kanskje beveger seg utføre det som er ønska skikk og bruk på forumet. Eg ser heilt klart eit behov for moderering her inne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Truverdig er han ikkje, men likevel - det er satire på høgt nivå, og heile artikkelen er jo skikkeleg godt gjennomført. Eg lo høgt, då eg las han.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur likvel ikkje det å bla i ei liste nokongong vil bli det same som å leite i ei bokhylle. Men spør meg gjerne igjen om eit år eller fire - det kan hende svaret er heilt annleis då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det kan jo hende dei har plastsmak.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Både Biblioteket og Bok & Samfunn er blader eg ennå ikkje har fått lese. Dei må eg sjå nærmare på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg håper også det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skjønner godt kva du meiner med motstand. Og eg er ein av dei som ikkje trur at eg kjem til å la lesebrettet erstatte bokhyllene mine.

Korfor? Jo, fordi det å leite seg fram til riktig bok i bokhylla er noko av det finaste eg veit. Den siste tida har alle bøkene mine vore pakka ned i pappesker. Pappeskene er nummererte og eg har oversikt over kva som er kor, men likevel, dei står ikkje framme. Når eg har lyst til å lese ei ny bok, blir eg sittande og tenke meg om før eg kjem fram til at eg har lyst til å lese for eksempel Siri Hustvedt. Så går eg inn på excellarket mitt, finn ut at den Siri Hustvedt-boka ligg i eske nummer 18, også finn eg fram boka. Det vil seie at eg har erstatta bokhyllene med ei liste over titlar, for ein periode. Og eg kjenner at eg saknar bokhyllene. For det er ikkje sikkert eg har lyst til å lese Siri Hustvedt i dag. Det kan hende eg trur eg har lyst til å lese Siri Hustvedt, men så kjem eg til bokhylla også finn eg ein gløymd skatt av Helle Helle i staden for. Og så finn eg ut at Helle Helle er jo heilt perfekt til humøret mitt, akkurat nå. Og det skjer ikkje når eg må søke opp eit namn og ein tittel frå ei liste.

Det er kanskje ein bagatell i den store samanhengen, men likevel, eg saknar bokhyllene mine. Eg saknar det å kunne stå framføre hyllene i ein halvtimes tid, ta på bøker, kjenne på dei og så bestemme meg for kva eg skal lese. Og eg gleder meg veldig til vi blir ferdig med å pusse opp, slik at bøkene mine kan flytte inn i hyllene sine igjen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det som er kjekt med tidsskrift er at det kjem fire av dei i året, og det klarer eg prioritere å lese.

Eg gløymde boksidene i Morgenbladet også. Dei er veldig fine.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er mange - og Bøygen er eit av dei betre! Det er sikkert mykje der ute på marknaden eg heller ikkje har høyrd om, så eg lager like godt ein tråd om det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva les du om litteratur? Og kva synest du om dei ulike magasina og tidsskrifta som er på marknaden? Eg tenker kanskje det kan komme spennande innspel og gode tips til nye magasiner og liknande av ein slik tråd.

Eg abonnerer på Bøygen og Poetry Foundation. Elles les eg The New York Review of books på nett. Eg kjøper også Vagant av og til, og har vurdert om eg skal begynne å abonnere på det, men det er litt varierande kvalitet på artiklane der. Vinduet er også tidvis veldig interessant, men sidan dei køyrer temanummer er det stor variasjon med tanke på kor spennande dei ulike temaa er. Eg er også ein ivrig lesar av bokbloggar. Det er mange amatørskribentar som har mykje godt å komme med.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Enn så lenge er jo - som du seier - eboka for dyr til å vere ein reell konkurrent. Det er jo også slik nå (viss eg ikkje har misforstått) at det blir moms på ebøker, men ikkje på vanlege bøker, noko som er med på å halde eboka dyrare enn andre bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kan forresten tipse om ein veldig god artikkel i siste nummeret av Bøygen om emnet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har prøvd det på biblioteket, og det var då eg tok den endelege avgjersla om at det er dette eg vil ha. Men eg veit at det krever lys. Heile poenget er at mine auge blir slitne av skjermlyset, det er derfor eg liker dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg svarte på Ann Christin sitt innlegg, før eg såg ditt. Men etter litt research og etter å ha sett på ulike modellar i butikkar har eg komme fram til at eg vil ha Sony Reader PRS-650. Hovudargumentet er det med lys og skjerm, som eg har skrive over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er forskjell på lesebrett. Nokon har baklys, som ein pc-skjerm, som for eksempel iPad og Samsung sitt. Dei har fleire pc-liknande funksjonar i tillegg til å vere lesebrett.

Eg skal kjøpe Sony sitt som har ein slags "blekk-skjerm" og som treng å lysast opp. Dette er fordi eg blir sliten i augene av å lese på skjerm med baklys i lengda. Dei er mindre fancy i forhold til tilleggsfunksjonar og er meir reine lesebrett. Men eg tenker at det er det eg treng. Mobiltelefon, kamera og pc har eg utanom, så då prioriterer eg det som gir god funksjon som lesebrett.

Men ein må jo vere forsiktig med det, på same måte som ein er forsiktig med eit kamera og ein mobiltelefon. Heldigvis brukar eg oftare å lese på bussen, enn på stranda. Så den eine veka i året eg ligg på ei strand, kan eg lese pocketbøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For meg er den trykte boka samlarobjekt, og eg trur aldri eg kjem til å ønske å få erstatta moglegheita til å bla i papirbøker med noko anna.

Samtidig kjem eg til å kjøpe eit lesebrett (eg veit kva eg skal ha, men eg må vente til butikkane får det inn igjen). Eg pendlar til jobb med buss, og då er det veldig greit å ha aviser og bøker på ein 6-tommars skjerm. Eg synest også det er vanskeleg å pakke til ferieturar og liknande. Eg liker å ha mykje å velje mellom, og det er ofte vanskeleg å kombinere med begrensa baggasjeplass.

Så eg seier ja takk begge deler. Eg vil ha bøker i bokhylla mi framleis, men eg gleder meg over å kunne få dei i mindre format og vekt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ekelöf har sagt mykje om at diktinga hans etterstrebar musikken si form, i dei same essaya. Det er ikkje han du tenker på?

Eg trur at språket kan ha ulike funksjonar, og at det kanskje er denne musikalske funksjonen som er med på å gjere lyrikken annleis enn kvardagsspråket. Det er i alle fall ein av faktorane. Men i mange tilfelle er jo det musikalske og lydlege i diktet med på å poengtere det innhaldsmessige. Dette er jo sjeldan to motsette storleikar, men snarare to storleikar som styrkar kvarandre. Sjå for eksempel på Rolf Jacobsen sitt dikt, "Jernbaneland". Her beskriver innhaldet det å bu ved jernbanen, samatidig som rytmen etterliknar toget sine lydar. Vi kan lese diktet og lytte til rytmen, og tenke på tog, utan å tenke på innhaldet. Også kan vi lese diktet og sjå på innhaldet og skjønne at dette diktet handlar jo om tog. Og det meiner eg er god diktning. Det same finn vi i Ekelöf sin "Böljesång", kor rytmen i diktet etterliknar lyden av bølgjer som skyllar fram og tilbake. Og ser vi til innhaldet så handlar det nettopp om bølgjer (og eget som ser ut over havet og tenker på evigheita).

Eg trur dette er med på å kjenneteikne god dikting. Det lydlege og formelle, som forsterkar innhaldet og gjer diktet til ei heilskapleg oppleving av eit tema, er for meg eit kvalitetsteikn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger Martinsen