Løye og løyen er eit uttrykk eg har slutta heilt å bruke etter at eg flytta til austlandet. Det er heilt håplaust å prøve å føre ein samtale kor ein bruker det uttrykket aktivt, for ein må stoppe opp og forklare kva det eigentleg var ein meinte kvar gong.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tikken leikar dei i Rogaland også, medan i Oslo-området leikar dei "Har´n". Det tok litt tid før eg skjønte at det var det same.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viss påstanden din om at alt er subjektivt og dermed alt eit menneske opplever som sant er sant, stemmer, er eg litt redd vi kan ende opp i ei relativismegrøft. For kor går grensa mellom å seie at alt er like sant og alt er like gyldig - at alt er likegyldig? Du hevdar at ein kvar tanke er sanning, og dette gjer det umulig å tenke at det finst sanningar som er høgare enn andre. Eg personleg trur at det finst høgare sanningar, utover det subjektive. Spørsmålet mitt blir heller kor vi skal leite etter dei?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

men jeg mener uansett at enhver skal få lov til å lese på sine egne premisser og at vi ikke alltid behøver å sette spørsmålstegn ved hvorfor ikke alle gjør som "oss".

Det er akkurat dette som er mitt poeng også!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er eg heilt einig i :) Men ein kan jo ikkje få med seg alt, og då må ein jo bare foreta meir eller mindre kvalifiserte gjetningar, med tanke på kva som er verdt å få med seg og ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein utvider vel horisonten ved å lese nye bøker, uansett kva sjanger dei har. Og når ein ikkje har tid til alt, og må velje bort noko, er det naturleg å prioritere det ein er minst usikker på og som ein i størst grad trur ein vil like.

  • Med fare for å gjenta meg sjølv: Korfor er dette eit problem?
Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg trur ikkje eg klarer å lese kun for underhaldninga si del. Bøker er liksom mykje meir enn rein underhaldning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det er vel forskjell på å dømme noko nord og ned, og på å seie at eg ikkje gidder å prioritere å lese denne sjangeren, er det ikkje?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les mykje ny norsk litteratur. Men eg les lite om tafatte unge menn som svimer rundt... Eg trur det er ei vending på gang, blant nyare forfattarar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Noen leser for å tillære seg kunnskap, noen for å utfordre seg selv i forhold til etablert kunnskap, - andre kun for underholdningens skyld.

Eg har som regel ei bok til kvart av desse tre formåla liggjande på nattbordet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, eg leste visst litt skeivt.

Den metaforiske talen kan ofte vere opphav til misforståingar ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då vil eg også lese Pinnsvinets eleganse. Noterer tittelen, i alle fall. Eg tolka smake, som ei bok som ikkje kom lenger enn til første smaken, altså ei bok som ikkje blei lese ferdig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åh, så fint, då! Då var det godt at du likte ho. Ja, det er absolutt eit veldig godt innanfrå-perspektiv i denne boka. Eg held på med Mellom attentatene nå, ei novellesamling av same forfattar, og den er også god på same måte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Processing... Processing... * åpplyst *

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må beklage at eg har litt tungt for det, men dette var litt upresist.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las ho så tidleg, at eg ikkje hadde rukke å få særlege forventningar til boka, og det var kanskje like greit. Eg har ikkje anbefalt ho vidare heller.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har skrive litt grundigare om boka i bloggen min. Men det er i hovudsak dette at personane ikkje er truverdige eg kritiserer her også, bare med litt fleire ord.

Når det gjeld det at dette temaet er viktig, har eg inntrykk av at det er svært få av dei bøkene som forsøker å behandle tema som kulturkonfliktar, slik denne boka jo gjer, som får det til på ein god måte. Også er det litt for mange som prøver. Eg veit ikkje korfor slike tema ofte floppar, men eg har inntrykk av at dei har ein tendens til å gjere det. Er det nokon som har nokre synspunkt på dette?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg må forresten bare legge til ein liten kommentar, i forlenginga av at dette (og likande) tema blir tatt opp med ulike vinklingar her. Korfor er det så gale at vi har ulike smak, når det kjem til bøker? Heime hos oss les mannen fantasy, noko eg ikkje synest er så spennande. Dei bøkene eg les (som eg synest er varierte) vil han karakterisere som "kjedelege". Også liker eg best sjokolade, medan han liker best potetgull. Men eg tar det ikkje som ei fornærming, at han heller vil spise potetgull enn sjokolade. Då får jo eg sjokoladen min i fred - kva er problemet?

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Eg synest det er veldig interessant akkurat dette, med korleis Balram ikkje passar inn i den klassiske sympatiske fattiggut-myta. Eg liker det veldig godt. Det er litt som du TorillS seier, at det kostar litt å komme seg opp og fram i verda. Boka problematiserer dette, og blir dermed langt meir realistisk enn ei rekke andre bøker eg har lese om framande kulturar.

White Tiger er ei sterk bok, som gir eit veldig godt innblikk i eit samfunn som er framand frå det eg lever i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg held på med Mellom attentatene nå. Det er ei novellesamling, så eg les ho i litt små porsjonar, for å fordøye dei ulike skjebnane som blir presentert. Det er absolutt ei bok det er verdt å lese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter