Don Quijote, faktisk. Eg kjende brått på meg at tida var inne.
Takk! Burde kanskje nemnd at boka vart skrive i 1947, og slik sett er nærast samtidig med dei hendingane den skildrar.
Det er ei stund sidan eg las ferdig Hans Fallada sin roman "Alle dør alene". Eg har skrive litt om den tidlegare her på Bokelskere - no er tida inne for ein slags fasit.
Og boka gjorde eit mektig inntrykk på meg. Så mektig at eg framleis kjenner det vanskeleg å skriva noko fornuftig, noko som gjev boka den credit'en den har krav på. For det er ei stor bok, la det vera sagt med det same - og ei viktig bok fordi ho kanskje meir enn noko anna bok eg har lese frå denne tidsperioden fortel meg kva nazismen var for folk flest. Ein fantastisk draum om eit nytt og stort rike som raskt enda i eit mareritt.
Men for å seia litt om handlinga: romanen tek utgangspunkt i ei sann historie. I dei første krigsåra starta ekteparet Elise og Otto Hampel, eit ektepar frå arbeidarklassa, sin eigen private kampanje mot nazismen gjennom å skriva og distribuera 220 handskrivne postkort med antinazistisk bodskap. I boka følgjer me dette ekteparet, som her heiter Quangel, i det ytterst risikable arbeidet med å leggja ut korta. Men me møter også naboane deira - den eldre jødiske kvinna som brutalt vert rana og plyndra av nokre av dei andre naboane i leigegarden, av ein familie med nazipampar, me møter det kvinnelege postbodet Eva som får store problem på jobben då ho i trass melder seg ut or partiet, me får eit innblikk i det stille, mest anonyme tilværet til ein tidlegare dommar som ser forfallet spreia seg rundt han, eller me helsar på snyltarar og småkjeltringar, politifolk som gjer ein slags freistnad på å gjera ein heidarleg jobb, og me får stifta bekjentskap med det brutale SS som gjer som dei vil.
Først og sist får me eit unikt innblikk i eit samfunn og politisk system som byggjer på makt, frykt og vald. Alle desse tre delane er rikeleg til stades heile tida - byråkraten si redsle for å bli degradert eller sparka av sine overordna, ofte med dei mest vilkårlege grunnar som årsak. Det er den vanlege borgar sin frykt for å bli meldt og kasta i fengsel eller sendt i konsentrasjonsleir, stundom utan å vita kvifor. Og det er redsla for fysisk vald, ein valdsbruk som heile tida er til stades i eit Berlin som er gjennomsyra av brutalitet.
Og det er nett dette eg kanskje vil hugsa best frå denne romanen etter kvart som eg får stoffet på avstand - denne ustanselege utskjellinga og sparkinga nedover, der menneska ikkje lenger vert behandla som individ, men som ei brikke i massen. Det syner oss eit system som er i ferd med å rotna opp innanfrå.
Korleis går det så med dette ekteparet, som i all sin naivitet trur at postkorta deira vil ha noko å seia frå eller til? Dei vert sjølvsagt tekne og henretta - særleg denne sekvensen av boka var gripande.
Hans Fallada levde eit intenst og tragisk liv. Utgjevinga av denne utgåva var ein av fjorårets litterære sensasjonar på verdsbasis. Stilen er naken og rå - eg trur det kanskje er den boka som har gjeve meg best innblikk i nazistatens sanne vesen.
Dette blir eg meir enn gjerne med på! Eg har lese dei fleste av desse romanane tidlegare, men tek dei gjerne opp att - dette er eit glimrande opplegg. Eg har vore ein Dickens-elskar sidan eg var i 20 års-alderen. Seinast no i vinter las eg delar av Pickwick-klubben opp att. Ei herleg bok - som lever sitt eige liv. Du blir så glad av Dickens!
Vel, ingen bok bør vera tjukkare enn ho treng vera, men om innhaldet er på plass er det ingen begrensingar. Då er det berre å ta tida til hjelp.
Litt merkeleg spørsmål, eigentleg. Tjukke og tunge bøker er det då flust av i litteraturhistoria - Don Quixote, Moby Dick, På sporet av den tapte tid etc. etc. Eg ville heller stilt spørsmålet annleis - kor tynn kan ei bok vera?
Ein glimrande ide! Minner elles om boka Wit and Wisdom of Don Quixote som er å få både på Amazon (Kindle) og på Gutenberg.
Leser for tida A Week's Tramp in Dickens-Land - om ei vekelang reise i spora etter Charles Dickens og scener frå bøkene hans, i gode gamle victorianske England - ei bok til å bli inspirert av til endå meir Dickens-lesing!
Det finst ei rekkje gratis bøker på Amazon - eldre klassikarar og anna. På dette området kan også Gutenberg tilrådast.
I Chrome finst det ei utviding som heiter Send to Kindle. Herfrå kan du senda artiklar og annan tekst på nettet til Kindlen din. Då opprettar du først ei eiga Kindle-adresse.
For det tredje vil eg anbefala gratisprogrammet Calibre. Her kan du formatera andre e-bok format (t.d. epub) til Kindle sitt mobi-format.
PS. Via innstillingar for språk får du også yWriter med norsk grensesnitt
Det finst også ein annan gammal travar på nettet: yWriter
Mange synest at dette programmet er vel så greitt som Scrivener, i tillegg er det gratis. Eg har brukt yWriter ein del, men i det lange løp vender eg alltid tilbake til vanleg tekstbehandling og OneNote. Eg synest at program som Scrivener og yWriter lett kan bli masete. Men for dei som er interessert, det skadar ikkje å prøva yWriter.
Eit særs interessant og tankevekkjande innlegg. Eg trur nok elles at innlegget / spørsmålet mitt er blitt litt misforstått av mange, evt. er det eg som ikkje rakk å spissformulera saka godt nok.
Men saka er den - som du eigentleg også skriv - at papirboka framleis er premissleverandøren, dvs. at papirboka er det mediet som elektroniske tekstar legg opp til å likna for å kallast ei "bok". Spørsmålet mitt vert då om ein tekst, gjerne ein tekst som gir seg ut for å vera ei e-bok, framleis er ei "bok" når teksten berre finst elektronisk og ikkje på papir?
Eit anna poeng, henta frå musikkhistoria: før var det slik at musikken sitt medium for formidling var noter. No kan musikk formidlast også på anna vis, via innspeling i studio - og denne nye formidlingsmåten har også ført til ny musikk og nye klangar - den har rive seg laus frå noter som einaste formidlingsform.
Takk for kommentaren!
Gløym ikkje at det også finst mykje artig og spanande litteratur OM Dickens. M.a. eit oppslagsverk over alle romanfigurane hans. For tida les eg A Week's Tramp in Dickens-Land frå 1888, som eg fann på nettet - var det via Google Scholar?
PS. Jo visst var det der: http://www.manybooks.net/support/h/hughesw/hughesw3139431394-8pdf.pdf
Ein kommentar til dette med at omgrepa vert verande dei same sjølv om dei ytre omstenda endrar seg: I min grafiske versjon av Paul Auster sin roman "Glassbyen" heiter det: "Men tingene er knust, og ordene våre har ikke tilpasset seg. Når en paraply går i stykker, slik at man blir våt, er den da fremdeles en paraply?"
Ja, det med at me automatisk nyttar ordet "diktsamling" og ikkje "bok" er eit artig poeng.
Eigentleg eit svært interessant innlegg. For mange er det slik at boka er noko "heilag" som ikkje må tilsmussast av litteratur som er mindre verd. Me forlangar jo ikkje det same av film og tv - og cd-mediet er jo ikkje utelukkande for seriøs musikk. For det er jo faktisk slik at dei same personane som rakkar ned på andre si lesing sjølv gjerne ser såpeseriar på tv eller b-filmar på kino. Underhaldning i bokform, eller såkalla "dårlege" bøker, er heilt ok - og som du skriv, dei kan også ha sin eigenverdi. Eg har sjølv tidlegare jobba mange år i pocketbokbransjen - og for oss var underhaldningslitteratur eit fag som me tok særs seriøst! Men når alt dette er sagt - det er klart at det vil vera ein kvalitetsmessig skilnad på litteratur.
Berre ein peikar til ei fantasisk flott nettside, det reine e-boktivoli: Worldbookfair
Jo, sjølvsagt kallar me elektroniske tekstar for både bok og brev m.m. og det er greitt nok det - men det er jo nettopp i mangel av nyare omgrep. Eit poeng for meg er om elektronisk tekst etter kvart vil forlata den type tekst som er berekna for det tradisjonelle bokformatet - og om ei slik utvikling kan bli påskynda og styrt inn i nye (og hittil ukjende) retningar ved å skapa andre omgrep kring fenomenet tekst.
Greitt nok, men det blir upresis språkbruk. Det interessante er jo at den teksten som blir presentert mellom to permer alltid vil vera ein spesiell type tekst, som regel via ein redaktør og ein forlag, som t.d. ein roman eller fagprosa, medan eit frislepp av digitale tekstar vil føra til meir flytande grenser - og kanskje nye måtar å skriva og lesa på.
Grisen fall over den kveltra bilen Grisen fall over den kveltra bilen Dritings sa Grisen, dritings
The Pig fell over the upturned motor car The Pig fell over the upturned motor car Drunk said Pig, drunk.
Frå “Three Pig Poems” (eigentleg er det fire) av Spike Hawkins