Her er dei utgåvene som eg har per 7.7.2011 av verk av Charles Dickens


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Har i grunn litt lyst til å lese mer av Dickens. Har bare lest Great Expectations fra perm til perm. Jeg slet meg gjennom den. Synes måten han skrev på var vanskelig rett og slett. Og ikke nok med det, jeg måtte analysere den og levere som eksamensoppgave også. Jeg hadde en diskusjon med professoren jeg hadde i faget jeg leste den i forbindelse med. Han mente nok at da er ikke Dickens noe etter min smak, men at William Thackeray kanskje passer meg bedre. Han har nok rett i det. Men Great Expectations var en helt fantastisk bok selv om jeg slet med måten språket var brukt på. Så det blir nok mer Dickens på meg etter hvert vil jeg tro. :)

Hvordan opplever du språket i bøkene hans? Er språkbruken annerledes i de andre bøkene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dickens - både innhald og stil - blir sikkert opplevd på ulike måtar. Og når eg i tillegg skriv at eg bruker å seie at noko av det fine med språk er at ein kan ta det i fleire rundar, at ein kan konsentrere seg om det som ein skjønner meir enn det som ein ikkje skjønner, har du vel alt oppfatta at eg ikkje kan gi anna enn eit subjektivt svar her:

Eg finn lange setningar med mange innskot og ein del gammalmodige ord i både Great Expectations og f.eks. Oliver Twist, og dei er nok ganske representative for skrivemåten. Slikt kan bli ein vane, kanskje også ein lidenskap, men gleda over stilen hans er nok noko som ein lyt tileigne seg gjennom litt arbeid. Eg truir at eg ville råde deg til å starte med David Copperfield, for der burde handlinga kunne rive deg med.

Og så går det an å gå gradvis fram. Du kan bli kjend med handlinga ved å lese teksta på norsk fyrst - eller kanskje sjå ei filmatisering (om du høyrer med til dei som ser film før du les bok).

Kast deg ut i det - og "Something will turn up!", som det heiter i David Copperfield.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gløym ikkje at det også finst mykje artig og spanande litteratur OM Dickens. M.a. eit oppslagsverk over alle romanfigurane hans. For tida les eg A Week's Tramp in Dickens-Land frå 1888, som eg fann på nettet - var det via Google Scholar?

PS. Jo visst var det der: http://www.manybooks.net/support/h/hughesw/hughesw3139431394-8pdf.pdf

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk! Men eg har berre ført opp dei bøkene som eg har sjølv. No er boka du nemnde, på ønskjelista. Hugs Ackroyds biografi òg, forresten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundAndreas BokleserVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid Kjendliesomniferum