"Elementært, min gode Watson" - det har Holmes aldri sagt
I fjor sommar sette eg meg føre å lesa samtlege Sherlock Holmes-historiar - noveller og romanar, etter ein årelang fascinasjon. Så langt er eg kome halvveges - og må attpåtil gå tilbake og lesa ein roman på ny: Hunden frå Baskerville, som kom i nynorsk utgåve i fjor.
Det er mykje med Sherlock Holmes som kan verka underleg på ein moderne lesar. Men vert ein fangen inn i dette victorianske universet, så blir ein der - kort og godt. Holmes ruler framleis, om enn Britannia ikkje lenger gjer det.
Samla verker av Holmes er absolutt overkomeleg - 56 historiar og fire romanar, så langt eg minnest her eg sit.
Bra ide. I det siste har det kome ut ein del "halv-pocket", dvs. med sterkare innbinding enn vanleg pocket ( det finst sikkert eit namn for det) - likar den typen
Du kan gjera begge delar, både lytta til boka og følgja med på teksten. Det gjorde eg for Krig og fred sitt vedkomande - berre for å ta opplesaren i ei rekkje feil. Dessutan ramla eg av lasset her også...
I året 2053 bryt tredje verdskrig laus. Sivilisasjonen vår går under i ein frykteleg atomkrig, rasekrigar og epidemiar. Ozonlaget er øydelagd, ingen kan bevega seg ute i sollys meir. Kunnskapar og også sjølve språket har kome ned på eit minimum. I byen Osh Lo har nokre få menneske overlevd. Me følgjer nattjegaren Evv i hans harde liv for å overleva i ein ruinby der stammar slåst mot kvarandre og kannibalismen rår. Etter kvart rømmer han frå Osh Lo og tek seg ned gjennom Europa, berre for å oppdaga at livsvilkåra er like beinharde der.
Boka er den første av ein trilogi - og la det vera sagt med ein einaste gong: dette er ein fantastisk bragd av ein norsk forfattar! Faktisk skjønar eg ikkje heilt kvifor desse bøkene, som kom ut 2004 - 2007, ikkje fekk meir merksemd i media. Kan det vera fordi dei ber merkelappen "sci-fi" - eller fordi handlinga etter kvart går mot at muslimar har teke over restane av verda og styrer etter nådelause sharia-lover? Kva no grunnen kan vera, så vit at dette er sci-fi i verdsklasse, etter mi meining. Dessutan held bøkene godt over gjennomsnittet litterære mål.
Eg har så langt ikkje lese meir enn til ca. side 300 i den første boka, men eg kjem garantert til å lesa heile trilogien - og det er ikkje så lite, ettersom kvar bok er på 400 - 600 sider. B. Andreas Bull- Hansen er ein god, gammaldags forteljar som tek seg god tid - og han kan kunsten å fortelja. Han har då også tidlegare demonstert at han leverer varene - med serien Horngudens tale 1-6.
Eit meisterverk i kaos - 1700-talets Monty Pyton
Den som trur at collage- og hypertekst-romanar o.l. er noko nytt får pinadød tru om att. Den sjangeren vart oppfunne allereie på 1700-talet. I det minste kom det ut ei slik bok på dei tider. Den boka les eg no: "Tristram Shandys liv og meninger" (Bokvennen, 2002). Det er ikkje ei bok du les i ei handvending. Ikkje nok med at boka er ganske omfangsrik - innhaldet er mildt sagt ganske kaotisk. Eg trur det må vera bortimot noko av det mest vanvittige romanverket som nokon gong er skrive. Å, eg gløymde forfattaren - Laurence Sterne (1713-1768), sokneprest i Sutton, på landsbygda i Yorkshire. Korleis soknebarna såg på han har eg ikkje lese noko om, men han må ha vore ein ganske sprø type.
Tilbake til boka: Hovudpersonen vert ikkje fødd før på side 150 (av ca. 520 sider), og boka kjem aldri lenger enn til den første dagen i livet hans. Undervegs er det duka for sidespor og digresjonar, omvegar og stikkvegar og eg veit ikkje kva i ei einaste heilt sinnssjuk smørje - det vert gjort utførleg greie for jordmora si slekt utan at det har det ringaste med saka å gjera, me får med oss lange utlegningar om Lockes erfaringsfilosofi, heile kyrkjepreikener, juridiske kontraktar, brokkar og bitar av lausrivne sitater og notater osv. osv. i eit einaste kaotisk samansurium. Ein kan ganske trygt seia det slik at "Tristram Shandy" er ei bok som aldri kjem til poenget. Det ser heller ikkje ut som boka er skrive etter nokon som helst plan (men det trur eg faktisk den er).
Men eg gjer likevel ein freistnad på ei slags oversikt: Boka byrjar med samleiet der hovudpersonen Tristram vert unnfanga. Men akten vert forstyrra undervegs då mora brått kjem til å hugsa på at faren har gløymt å trekkja opp stoveuret. Det trekkjer han nemleg opp kvar sundag kveld, same kvelden som han har sitt vekentlege samkvem med ektefellen - "for å få ting unnagjort med det same", som det heiter i boka. Vanlegvis trekkjer han opp klokka først, men no har han altså gløymd det og må bryta av for stå opp og gå og trekkja klokka. Me er på side 12. Boka fortapar seg no i ei rekkje emne - ikkje minst kretsar soga rundt faren, som er amatørfilosof og arbeider med sitt påtenkte hovudverk om barneoppdraging (noko som sysselset han så sterkt at han ikkje får tid til å oppdra sonen). Og om jordmora får me altså også vita ikkje så reint lite - heile slektshistoria, nærast.
Frå det avbrotne samleiet på side 12 sporar forteljinga av i tallause digresjonar som kan strekkja seg over fleire kapittel som omhandlar dei mest utenkjelege emne - tilfeldige døme er snyteskaftet si tyding for personlegdommen (med assosiasjonar til penis), døyping av ufødde born ved hjelp av pipette, raljering over katolisismen, eit kapittel på fransk - viss då ikkje forteljaren gjev seg i kast med heftige diskusjonar og direkte krangling med tenkte lesarar og kritikarar. På toppen av det heile er også forfattaren av boka med i handlinga. Kort sagt - eit sant vanvit, side opp, side ned...
Underleg nok vart boka ein suksess. Romanen kom ut heftevis 1759-67. Kritikken var elendeg. Men Sterne vart lesen og berømt over heile Europa. I dag, 250 år seinare, vert romanen rekna som ein klassikar. Modernistar såg forteljinga som eit komplisert, strukturelt eksperiment. Det vert lagt vekt på intertekstualiteten i verket, og verket sin funksjon som metalitteratur - og på ironien og... ja, ganske enkelt den litterære leiken.
Boka er å få i paperback - mykje galskap for 199 kr.
Selvgjort er velgjort, heiter det. I 1996 sende eg ei samling dikt inn til Samlaget, tida gjekk og eg hadde gløymd heile greia då det plutseleg kom ein begeistra konsulent på banen. Til mi store forskrekking ville dei gje ut dikta. Eg fekk Einar Økland som fødselshjelpar, og hausten 1997 debuterte eg som lyrikar med relativt gode krtikkar i Aftenposten og Kritikkjournalen. Same året, i kjølvatnet av boka, fekk eg også tildelt Måltrosten, ein pris frå Noregs Mållag.
Mitt første møte med Gustav Wied. Boka er ein oppfølgjar til Livsens Ondskab, me følgjer den kyniske tollbetjent Knagsted og den godtruande og livsfjerne overlærar Clausen på ein tur til utlandet. Kosteleg!
Ein av klassikarane i dansk litteratur - og ei favorittbok for min del! Dansk småbyliv karikert på beste vis, sett gjennom augene til den kyniske toller Knagsted og den naive og livsfjerne overlærer Clausen, som likevel finn kvarandre som dei motsetnadene dei er. Ei rekkje kostelege scener - men mest av alt beundrar eg Gustav Wied si evne til å få personane til stå fram og leva sitt eige liv, utover boka sine rammer. Fantastisk replikkføring - det er som du verkeleg høyrer folk snakka!
Overvurdert??? Eller er det berre meg...? Eg brøyt løpet ca 2/3 på vegen, etter å ha både lese og høyrt boka som lydbok (og i amerikansk versjon). Godt mogleg dette er den ultimate romanen om hvalfangst, i det minste Ulysses-versjonen - og eg opplevde stor dikting og djup tenking undervegs, i lange essay-liknande partiar. Samstundes var det noko tyngjande og stundom klossete ved teksten som fekk meg til lesa seinare og seinare, heilt til eg til slutt dabba av.
Overvurdert??? Eller er det berre meg...? Eg brøyt løpet ca 2/3 på vegen, etter å ha både lese og høyrt boka som lydbok (og i amerikansk versjon). Godt mogleg dette er den ultimate romanen om hvalfangst, i det minste Ulysses-versjonen - og eg opplevde stor dikting og djup tenking undervegs, i lange essay-liknande partiar. Samstundes var det noko tyngjande og stundom klossete ved teksten som fekk meg til lesa seinare og seinare, heilt til eg til slutt dabba av.