I året 2053 bryt tredje verdskrig laus. Sivilisasjonen vår går under i ein frykteleg atomkrig, rasekrigar og epidemiar. Ozonlaget er øydelagd, ingen kan bevega seg ute i sollys meir. Kunnskapar og også sjølve språket har kome ned på eit minimum. I byen Osh Lo har nokre få menneske overlevd. Me følgjer nattjegaren Evv i hans harde liv for å overleva i ein ruinby der stammar slåst mot kvarandre og kannibalismen rår. Etter kvart rømmer han frå Osh Lo og tek seg ned gjennom Europa, berre for å oppdaga at livsvilkåra er like beinharde der.

Boka er den første av ein trilogi - og la det vera sagt med ein einaste gong: dette er ein fantastisk bragd av ein norsk forfattar! Faktisk skjønar eg ikkje heilt kvifor desse bøkene, som kom ut 2004 - 2007, ikkje fekk meir merksemd i media. Kan det vera fordi dei ber merkelappen "sci-fi" - eller fordi handlinga etter kvart går mot at muslimar har teke over restane av verda og styrer etter nådelause sharia-lover? Kva no grunnen kan vera, så vit at dette er sci-fi i verdsklasse, etter mi meining. Dessutan held bøkene godt over gjennomsnittet litterære mål.

Eg har så langt ikkje lese meir enn til ca. side 300 i den første boka, men eg kjem garantert til å lesa heile trilogien - og det er ikkje så lite, ettersom kvar bok er på 400 - 600 sider. B. Andreas Bull- Hansen er ein god, gammaldags forteljar som tek seg god tid - og han kan kunsten å fortelja. Han har då også tidlegare demonstert at han leverer varene - med serien Horngudens tale 1-6.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Rett og slett ufattelig at et så storslagent triologisk verk ikke har havnet hos Spielberg! Men tro meg: sjangeren sci-fi gjorde også meg skeptisk....stempelet begrenser lesekretsen, det er jeg sikker på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka er bare helt fantastisk!! Klarte ikke å legge den fra meg :) Er godt i gang med bok to, og håper den lever opp til forventningene mine.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om Bull Hansen, må det nemnast at få makter å få lesaren til å engasjerast i hovudpersonen på same måten som han. Vi har ein nattjeger, som altså jakter på menneskje som mat, og det er han vi føler empati med. Det er lett å falle for overfladiske personar som så ofte vert skildra i bøker, som har ein slags sjarme til tross for ein eller anna skavank, slik som bøkene til Cecilla Samartin.

Men Bull-Hansen skildrar noko uverkeleg, eit uverkelg miljø med uverkelege personar. Likevel er det ikkje det få bøker eg har lese kor bilete er vorte så verkeleg måla for meg. Det seier litt om språket til forfatteren

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Håper du leste resten av trilogien - er gobøker!

Tenkte jeg bare skulle nevne at det ikke bare er "mushilene" som er bad guys her - Bull Hanssen tar oppgjør med religion som styringsmiddel generellt så vidt jeg skjønte. I bok 2 er det jo "Menniheita" som styrer og som ødelegger alt og alle som kommer i deres vei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meiner eg las at han faktisk måtte få nytt nummer og adresse pga kritikken mot muslimane, men skal ikkje seie det for sikkert. I alle fall tykkjer eg at det er noko av det beste eg har lese, og gleda var stor over å oppdage at han skreiv noko nytt etter "Horngudens tale" som var favorittserien på ungdomsskulen og videregåande. Medan alle andre las Harry Potter las eg om Bran og Ulv. Blir spanande å følge Tyr i den nye serien. Er litt kjedeleg når ein må vente så lenge på neste bok, men så er det jo verdt det og då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_Meson