Dei fleste meiner å vita kven kaptein James Cook var. Men dei færraste veit det, når det kjem til stykket. Så for å ta det først: James Cook var den mannen som segla rundt omkring i verda og planta det britiske flagget flest mogleg stader - i Stillehavet, New Zealand og Australia - og la dermed det fysiske grunnlaget for det britiske imperiet. Intet mindre.

I røynda, for han sjølv og mannskapet hans, vart det kanskje opplevd annleis - ferdene innebar risikable sjøreiser, dei segla i ukjend hav på leit etter eit land som kanskje ikkje fanst (og det ultimate landet, "det siste landet" fanst då heller ikkje), det var som å leggja ut på ei ferd med livet i neven. Ein ting var storm og uver, sjukdom var ei anna fåre.

Og fann dei paradis, så var heller ikkje det bra - opphaldet på Tahiti og andre sydhavsøyer, der livet var lett og mennene vart omgjevne av vakre og nakne kvinner, skar seg heilt og Cook måtte ta harde middel i bruk for å oppretthalda god britisk disiplin og orden hos mannskapet. Cook vart til sist drepen av dei innfødde på Hawaii.

Øistein Hølleland si bok om James Cook og ferdene hans er spanande lesing, godt skrive og passe lang. Den er bygd på Cook sine eigne loggbøker og anna materiale - og eg godtek utan vidare at framstillinga er korrekt.

"Det siste landet" er ei god bok om ein mann og hans historiske tyding.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kan diskuterast om dette er skjønnlitteratur eller ei sakprosabok, sjølv kallar Wencke Mühleisen boka ”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” for ”nedtegnelser”. Ho skriv om mora si siste levetid, dødsleiet og tida etter dødsfallet, nært, tett på, detaljert. Men samstundes er nedteikningane heldt i ein skjønnlitterær stil som hjelper til med å skapa den avstanden både forfattar og lesar har bruk for. Såleis vert innhaldet løfta frå det reint private til det allmenne.

Så å seia alle menneske vil før eller sidan oppleva å missa eit menneske som står dei nær – ei mor eller ein far, ektefelle eller søsken. Wencke Mühleisen skildrar dødsprosessen på stundom ubehageleg nært hald, nake og brutalt. Det er vondt å sjå nokon døy, det er vondt å døy, det er skremmande.

”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” er Wencke Mühleisen si historie om si eiga mor sin død. Dei har levd så ulike liv, under ulike vilkår. Boka er såleis ei forteljing om freistnadene på å forstå, om kjensla av å ikkje strekkja til, om avstand og nærleik. Om ønskjet om å få behalda ein siste rest av verdigheit, utan at det kan oppfyllast.

Nokre kritikarar har samanlikna Wencke Mühleisen med Knausgård. Og det kan ein forstå. Her er mykje av den same nærgåande personlege skildringa. Boka byggjer på Wencke Mühleisen sine eigne tankar og refleksjonar kringa mora si død som ho skreiv i ei dagboka medan ho sat ved sjukesenga. Ein kan såleis diskutera om boka er ein biografi eller ein roman.

”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” teiknar ikkje noko einsidig heroiserande portrett av mora. Samstundes kjenner ho korleis mora si død utløyser eit skred av ømheit i henne. Ho skulle óg gjerne vore som ei mor for mor si no, i denne vanskelege prosessen, for å gjera overgangen til døden mildare: "... da tar jeg deg bare i favn og løfter deg varsomt over."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

50/50 er ei bok eg vart ganske hekta på. Det er ingen tvil om at Frode Grytten er ein skribent som høyrer heime på A-laget i norsk journalistikk. Samstundes er det noko affektert popkulturelt over måten han skriv på som eg ikkje heilt kan med. Dermed går ein 6'ar som utgangspunkt til ein 5'ar frå meg...

Boka vart laga i samband med Grytten sin 50 års dag, og er ein kavalkade over artiklar frå hans hand - i alt 50 stykke. Ei bok det er vel verdt å få med seg. Men, som sagt - hadde han lagt av seg noko av den affekterte stilen (som eg her og no nektar å gje ei nærare analyse av) ville alt vore perfekt - ein klassikar på line med andre perler i norsk journaistikk. Men, altså - få den med deg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Romanen ” T.S. Spivets utvalgte verker” er ei bok du garantert ikkje har lese maken til. Ganske enkelt fordi ei slik bok knapt nok er skrive før. Det er ei stor bok, ei spanande bok – full av fotnoter og teikninger – og ikkje minst kart. Pluss ei medrivande forteljing. Kva meir kan ein be om?

Vår guide gjennom boka, Tecumseh Sparrow Spivet (av finsk avstamning) – son av ein rancheigar i Montana, med ein CV som lett ville ha skaffa han plass på eit kva som helst universitet om det ikkje hadde vore for at han berre er tolv år gammal - er eit naturtalent innan feltet kartografi. Men han er også nærast spesialist på ei rekkje andre område, som entomologi, anatomi, McDonald’s, indiansk folklore og ei eiga evne til å oppfatta kva vaksne tenkjer. Mor hans, som berre går under namnet Dr. Claire, er spesialist på insekter og biller. Faren sit helst og ser på gamle cowboyfilmar. Broren Layton er død etter ei skyteulukke året før.

Så ein dag vert livet snudd opp ned for tolv år gamle Tecumseh. Det er frå Smithsonian Institute i Washington DC, som har ei ærefull melding til unge og geniale T.S. Spivet: Han har vunne den prestisjetunge Baird-prisen. Ein kollega av moren har sendt inn nokre av den unge guten sine talentfulle teikningar av biller. Og instituttet vil no heidra det dei trur er ein vaksen mann.

Dermed legg T.S. i veg tvers gjennom Amerika – åleine. Han sniker seg om bord på eit godstog, og det tek ikkje lange stunda før eventyret byrjar. Alt han ser og opplever vert omhyggeleg nedteikna i form av kart, diagrammer og illustrasjonar. Samstundes vert lesaren teke med på ei anna reise. I bagasjen har han mora sine notatbøker som han raska med seg då han stakk heimefrå. Her finn han forteljinga om sine eigne forfedrar og deira ferd mot vest for lenge sidan.

Det spesielle ved denne boka er utforminga og måten historia vert formidla på. I tillegg til å vera ein tradisjonell roman i eg-form, er boka stappande full av notat i margen, teikningar og skisser, bilete, skilt… og ikkje minst kart, enkle kart og avanserte kart. Maken til bok har du aldri heldt i handa.

Den amerikanske forfattaren Reif Larsen har gjort internasjonal suksess med denne historia om ein tolv år gammal kartteiknar på loffen gjennom Amerika. Reif Larsen er tredje generasjons norsk innvandrar – bestefaren hans segla til New York frå Trondheim under andre verdskrigen.

Ei høgst original, medrivande og sjarmerande bok!

Reif Larsen: T.S. Spivets utvalgte verker. Omsett av Tore Aurstad

Godt sagt! (0) Varsle Svar

“‘Verdas beste roman” er eit omgrep me slett ikkje bør bruka, og me skal ikkje gjera det her heller. Likevel er det mange litteraturkjennarar som seier nett dette om "Moby Dick" - at det for dei er den beste romanen som nokon gong er skrive. Me kan i det minste trygt slå fast at "Moby Dick" er rangert som eit av dei største verka i litteraturhistoria, på line med “Rødt og svart”, Charles Dickens og Dostojevski sine klassiske romanar, eller James Joyce sitt verk "Ulysses" - eller “Lady Chattlerleys elskar” av D.H. Lawrence , for den del. Men som sagt - mange litteraturelskarar dreg fram "Moby Dick" som kanskje den aller beste boka.

Det er ikkje tilfeldig at eg nemner D.H. Lawrence, for det var nettopp han som var ein av dei som henta fram denne veldige sjøromanen etter 60-70 års gløymsle. Forfattaren Herman Melville skreiv i si tid fleire romanar med emne frå sjølivet, som han kjende godt etter mange år til sjøs, m.a. som hvalfangar. Men romanen "Moby Dick" slo aldri an for den tida sine lesarar - den var for eksperimentell og utradisjonell, ja, på mange vis forut for si tid. Kanskje meir i slekt med den moderne "Ulysses" enn med ein 1800-tals roman, enn seia sjøroman. Det er som Melville slapp laus noko då han skreiv boka, noko han ikkje hadde kontroll på og som tok herredømet frå han - i staden kveltra det berre ut som frå eit overflødigheitshorn. D.H. Lawrence såg på boka som ein modernistisk roman og henta mykje inspirasjon frå ho. Teksten er ei blanding av essays (ikkje minst om sjøliv, kvalar og kvalfangst, men óg om t.d. religion), innslag av modernistisk poesi og skodespel, i tillegg til å vera ein tradisjonell roman.

"Moby Dick" vart publisert i 1851 og opnar med den berømte lina: "Kall meg Ismael". Boka er i dag sjølve prototypen på Den Store Amerikanske Romanen, og alle har høyrt om Moby Dick, på eit eller anna vis, sjølv om dei korkje har lese eller kjenner til boka særleg godt. Kanskje du kjenner historia frå filmar elle teikneseriar, eller kanskje du har truffe den gamle sjøulken Moby Duck i eit eller anna Donald-blad.

Boka handlar om kvalfangst. Mellom anna. Ja, boka handlar svært mykje om kvalar og kvalfangst. Ho handlar om galskap og hemn - om den gale kaptein Akab som tek hvalskuta han har fått kommandoen over og legg ut på eit hemntokt for å drepa den kvite hvalen, Moby Dick, som ein gong beit av den eine foten hans. Men boka handlar om meir enn det også - så mykje meir. Det vert sagt at den som har lese Moby Dick aldri blir den same etterpå.

"Moby Dick" er eit litterært meisterverk. Det kan også vera ei krevjande bok - og vanskeleg tilgjengeleg. Samstundes er det boka du må lesa. For eigen del gjorde eg fleire freistnader på å lesa boka, fordelt over ein periode på fleire år. Det var mange grunnar til at eg gav opp - boka var for tung, boka vart kjedeleg, boka var forferdeleg lang. Det tok fleire år før eg endeleg knekte koden. For å lesa “Moby Dick” treng du ganske enkelt god tid. Du må setja ned tempoet og ta den tida som trengst, rett og slett.

Så nok ein gong - kva handlar Moby Dick om... eigentleg? Denne boka over alle bøker - i det minste ei av bøkene over alle bøker - er tolka på så mange slags vis. Som ei jakt på meininga med livet. Som ei forteljing om mennesket sin kamp mot lagnaden. Eller ei historie om dei demoniske kreftene som kan bu i eit menneske. Eller som ei moderne utgåve av Jobs bok, om det vondes problem. Som ei bok med lag på lag fulle av litterære, mytologiske og bibelske tydingar. Moby Dick er samstundes både ei enkel og ei vanskeleg bok.

Men la deg ikkje avskrekka. Berre ta den tida som trengst for å lesa boka. Du vil aldri angra på det. Og du vil vera eit anna menneske etterpå.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, men det var hyggeleg! Teikneserieversjonen - eller originalen? Las sjølv Moby Dick i sommar, trickset var å skru ned tempoet, ha god tid - omlag som sykkeltur kontra bil. Leserytmen må vera ein annan.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bob Dylan er så avgjort ei av dei viktigaste stemmene på 1900-talet (og også i dag) - og då meiner eg stemme i dobbelt forstand, ikkje berre som songar, men også som ei poetisk røyst. Sjølv har eg aldri hatt den heilt store sansen for Dylan - har prøvd nokre gongar, vel vitande om at det sannsynlegvis er meg det er noko i vegen med, men akk nei.

Men mange har sansen for Dylan. Eg les bøkene deira, i håp om at dei kan læra meg noko. I så måte vart eg skuffa av Stein Erik Lunde si vesle bok om Dylan. Rett nok er boka skrive for ungdom og vert såleis halde på eit enkelt plan, og rett nok tek Stein Erik Lunde nokre artige litterære grep for å knytta Dylan til sitt eige personlege liv, som Dylan-fan, men boka vert snart berre ei kjedeleg oppramsing av ytre omstende og den eine plata etter den andre. Eg saknar nerve, vurderingar, eg saknar tidsbilete og miljø, musikalske, litterære og sosiologiske analyser, eg saknar (ny) innsikt i personen Bob Dylan. Kort sagt - det er mykje eg saknar i denne boka. Terningkast 3 frå meg.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Franz Kafka: Prosessen i teikna versjon

Dei fleste litteraturinteresserte kjenner Franz Kafka sin roman ”Prosessen” – og dei veit at boka handlar om ein namnlaus mann (vel, mest namnlaus) som får ei namnlaus anklage retta mot seg, og som vert ført frå kontor til kontor i ein endelaus prosess han ikkje skjønar noko av. Men få har faktisk lese boka. Til det er teksten for tung og trykkande for dei fleste.

No er boka kome som teikneserie – eller rettare sagt, som ein såkalla grafisk roman. Boka og innhaldet har vorte lettare å få med seg, samstundes som stemninga og den litterære presentasjonen i originalboka er godt teke i vare. Det er den franske kvinnelege teiknaren Chantal Montellier som står for illustrasjonane, som er haldne i svart kvitt.

«Noen måtte ha baktalt Josef K, for en morgen, uten å ha gjort noe galt, ble han plutselig arrestert.» Slik opnar ein av dei største klassikarane på 1900-talet. Hovudpersonen Josef K vert ein morgon arrestert av uforklarlege grunnar og må kjempa for å forsvara seg i ein forvirrande straffeprosess.

Men kva handlar ”Prosessen” eigentleg om? Nokre har tolka det som det einskilde mennesket sin kamp mot eit overveldande statleg byråkrati, eller statleg kontroll – ein forløpar for George Orwell sin framtidsroman ”1984”. Jean-Paul Sartre såg på boka som ein allegori over jødisk identitet i ei verd med ibuande antisemittisme. Romanen kan også lesast som ei skildring av ei marerittaktig draumeverd, gjennomsyra av Kafka sin frykt for ein dominerande far. Det finst med andre ord ingen bestemt tolking av dette underlege verket.

Den teikna versjonen tek godt vare på den den dystre, realistiske og meningslause – og ikkje minst urovekkjande – atmosfæren i originalteksten og kan absolutt anbefalast.

Prosessen : tegneserieroman / Franz Kafka ; illustrasjoner Chantal Montellier ; manus og bearbeidelse David Zane Mairowitz. Omsett norsk av Alexander Leborg. Minuskel forlag, 2010

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kielland er ein klassikar - og held framleis mål. Romanane hans kan lesast som ei samla skildring av Stavanger på slutten av 1800-talet. Både borgarskap og dei meir folkelege samfunnslaga blir skildra på ein måte som ville vore Dickens verdig. Kielland har nett dei same eigenskapane - han maktar å skapa mytiske karakterar som han sett inn i ei ramme av underhaldning og samfunnskritikk. For bøkene hans er "underhaldande", dei er noko av det næraste du kjem "ei god bok".

Av ein eller annan grunn er Jacob den siste boka eg har lese av Kielland - og det var også den siste romanen han gav ut. Det kan merkast, for boka er tammare enn dei foregåande. Men held framleis mål i massevis.

Og så underleg kor dagsaktuelle Kielland sine romanar framleis er! Du kan overføra den sviande samfunnskritikken til Stavanger og Noreg anno 2000 - lite har endra seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er kanskje litt urettvist å gje denne boka terningkast fire, det kunne kanskje vore ein femmar - men det blei berre endå ei bok om USA, liksom. Men grei nok. Eg las kvar side med interesse. Allereie på veg til å bli gløymd. Bortsett frå - USA er eit bra land, trass alt. Kjedeleg er det ikkje. Det fortalde boka meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som bibliotektilsett kan eg berre lova deg at desse bøkene har vore populære! Så populære var dei at ungdommar som aldri las ei einaste bok gjekk og venta på neste bok i serien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei fin samling essays om litteratur, personlege minne, noveller og byar. Ei bok eg kjem til å lesa i frå tid til annan i tida frametter. (Herleg at Pamuk har med ein lengre artikkel om ei av mine desiderte favorittbøker som også er ein av hans favorittar: 1700-tals romanen Tristram Shandy av Laurence Sterne. Ei bok som aldri kjem til poenget - om det i det heile finst noko poeng, då.)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eller fleksicover /flexicover

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No veit eg det - det heiter fleksiband

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med Bibelen som roman har forfattaren lukkast godt - dette er spanande som ein fantasyroman, det er stoff me alle burde kjenna, ei bok du ikkje legg frå deg når du først har teke fatt - det er Bibelen, for svingande! Men boka får eit digert minus for språket, som til tider blir vel mykje trivielt og liknar på kiosklitteratur. Eg har likevel teke til å fundera på om boka ikkje fungerar best slik likevel, så frå eit tenkt terningkast fire får boka ein femmar. Trass alt. Prøv denne!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg meiner å ha lese ein stad at John Fante er ein slik "forfattarane sin forfattar". Det finst nemleg nokre slike - forfattarar som ikkje har noko stort namn mellom lesarar flest, men som er høgt verdsette mellom kolleger.

Eg har eit personleg døme på dette, frå mitt kjennskap til romangiganten Johannes Heggland (som då han nærma seg 90 år skreiv på sjette bandet i serien "Tusen vårar"). Han las berre ein einaste forfattar på slutten av livet - Jens Tvedt. Og kven har høyrt om 1800-tals forfattaren Jens Tvedt, som skreiv bøker med emne frå bygdelivet i Kvinnherad? Ingen, skulle eg tru. Mest ingen. Og like fullt var det ingen annan forfattar ein så røynd kollega som Johannes Heggland sette pris på å lesa. - Eg får slik skrivelyst av å lesa han, sa Heggland.

Det same skjer med meg når eg les John Fante.

Amerikanaren John Fante skreiv få bøker. Trass i at dei sterkaste romanane hans handlar om unge menn med idealistiske forfattardraumar, unge menn som lengtar slik vekk frå det daglegdagse kavet dei er fanga i at det er direkte smertefullt, selde han sjela si til Hollywood - det er iallfall slik eg tolkar det. I tillegg til at han tidleg vart sjuk og seinare miste synet. Det vart filmmanus og jobbing for føda og berre nokre få romanar utgjevne i hans levetid, trass i at Sigurd Hoel var tidleg ute og innlemma "Vent til våren, Bandini" i sin legendariske gule serie allereie på 50-talet. For eit par år sidan var John Fante aktuell på nytt med ei ny omsetjing av "Ask the dust" ("Spør støvet", Arneberg Forlag ) samstundes som boka også kom i filmversjon i fjor.

Kva er det som gjer John Fante så spesiell? Eit svar ligg i dei smertefulle siste linene i den første boka av John Fante eg las, "1933 var eit dårleg år", som vart gjeve ut etter Fante sin død, av enka i 1985. Hovudpersonen lengtar intenst etter eit anna og betre liv. Slik sluttar boka:

"Det kom ein bil inn på stasjonen og han gjekk ut for å betena den. Eg tok opp pengerullen og gjekk bort til blandaren. Den var bulkete og sønderslege som henda til far min, ein del av livet hans, så merkeleg fjern, som frå eit land langt borte, frå Toricella Peligna. Eg la armane kring den og kyssa den med munnen min og grein for far min og alle fedre i heile verda og for sønene også, for at eg levde i ei tid som denne og for meg sjølv, for no måtte eg reisa til California, eg hadde ikkje noko val, og eg måtte lukkast."

Det gjer han ikkje, han lukkast aldri. I alle høve om ein skal sjå på "Spør støvet" som ein slags oppfølgjar (sjølv om hovudpersonen her er ein annan). Tvert i mot - om det var ille før, så går det rett inn i katastrofen no.

Ikkje ukjende Charles Bukowski seier det slik om den gjengse litteraturen han fann på biblioteket som ung forfattarspire:

"Det verka som alle heldt på med språktriks, som om dei som mest ikkje sa noko i det heile teke, blei sett på som glimrende forfattarar. Verka deira var ein mikstur av spissfindigheit, handverk og form..."

Men det var før han snubla over ei bok av John Fante. Det var som han hadde funne gull på søppelfyllinga, skriv han. Her var det endeleg ein mann som ikkje var redd for kjensler. Ein som har noko å fortelja. Og ein som kan skriva. Byrjar du først på ei bok av Fante er det vanskeleg å stoppa. Nei, han er ikkje redd for dei sterke kjenslene, på grensa til sentimenalitet. Alt saman er så inderleg, forferdeleg sårt og vondt, side opp og side ned.

Fante var sterkt oppteken av Hamsun, og om eg skal hosta opp ei innvending mot Fante (men det vil eg i grunnen ikkje) så er det nettopp dette - "Spør støvet" kan lett lesast som ei hardkokt utgåve av "Pan" - det er då også herfrå tittelen på boka er henta. I boka spelar Fante dessutan uhemma opp til den store amerikanske forfattarmyten: det unge, miskjente, pengelense forfattargeniet som sit einsam på eit tarveleg hotell og hakkar i veg på skrivemaskina si og sender den eine forteljinga etter den andre til magasin-redaktørar i New York og samlar på haugar med rejection slips.

Men gløym at eg nemnde noko om Hamsun - Fante står på eigne bein

Du kan få eit spark i magen og smerten gjev seg etter kvart. Men smerten John Fante påførte meg sit der enno. Og den kjem på nytt no når eg les "Spør støvet". Så vondt hadde eg det også då eg var kring 20 - i årevis.

I bøkene til Fante kjenner eg meg att. Det er det mange som gjer.

PS! Ved søk på "1933 var et dårlig år" får eg null treff - men det er ei j.. bra bok av Fante det også, kom ut på Tronsmo for ein del år sidan.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Ei av dei beste diktsamlingene frå den moderne verda skal visstnok vera Walt Whitman si gedigne "Leaves of grass". Eg les ho for tida på senga. Men anten det no er omsetjaren si skuld (og det er det neppe, for han har gjort eit storverk etter kva eg kan sjå), eller om det berre ER slik når Whitman sine tekstar vert omsette til norsk, så finn eg ikkje den same poesien eller klangen i det språklege i denne utgåva, sjølv om ord for ord-omsetjinga er godt ivareteke. Det høyrer du med ein gong på den omsette tittelen: "Gresstrå". Ei samanbiten hvisling. Ikkje det same som det opne og syngjande "Liiiivs of græææsss", er det vel? Eg tilrår å finna originalen på nettet.

"Leaves of grass" er forresten meir enn ei bok. Det er ein heil mann. Whitman skreiv på denne boka, som han gav ut på eige forlag, heile livet. "Leaves of grass" kom i den eine versjonen etter den andre. I dag står boka som det fremste meisterverket i amerikansk poesi. Heilt frå gymnastida forelska eg meg i tekstar frå boka, som "Pioneers! o, pioneers" og "I hear America singing". Dei høyrde på sitt vis heime mellom beatpoetane og Bob Dylan. Absolutt eit verk å ta vare på.

Omsetjinga ville klinga betre på nynorsk. Bokmål er for knipsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har Buddenbrooks i hylla, skal gje boka ein ny sjanse. Min feil - eg veit det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lese ein stad at Mann var inspirert av Aleksander Kielland sine romanar då han skreiv Buddenbrooks. Sjølv må eg tilstå at eg berre kom halvveges - opplevde Buddenbrooks som noko som høyrer fortida til. Kielland sine Stavanger-romanar lever derimot framleis - for oss moderne mnneske. Las Arbeidsfolk nyleg - fy søren som den er aktuell enno i dag!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For to år sidan skreiv eg dette om boka, på Forfatterbloggen.no:

Derimot har eg tenkt å nytta dei næraste vekene på å studera Søren Kierkegaard. Det kan neppe kallast unyttig. På veg heim frå Oslo sundag kveld fann eg ein gedigen murstein av ei bok om Kierkegaard- SAK. Boka var altfor diger til å putta i lomma eller pc-veska, dessutan syntest eg det ville sjå passe idiotisk ut å sitja med ei slikt verk i ventehallen. Neppe det ein kunne kalla ein flyplass- roman. Det er ok å vera pretensiøs, men det er ikkje alle stader ein bør vera det. Anyway, no har eg bestilt boka på nettet.

--

Sidan den gongen har boka vorte ein følgjesven, både som ein nærstudie av Søren Kierkegaard som menneske, men vel så mykje som ein inngongsport til tenkjinga hans. I tillegg får lesaren med seg svært mykje om dansk (og europeisk) samfunnsliv på 1800-talet.

Ein fantastisk bragd av forfattar Joakim Garff.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyKirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergHilde H HelsethReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleserElin FjellheimHeidi