Takk for tipset! Eg likte godt Mors og fars historie. Liker dessutan godt stemma til Hoem. Må sjekke om Heimlandet. Barndom finst på lydbok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Etter mi meining gjer du rett i å liggje unna filmen. Eg var sint då eg hadde sett han ferdig. Dårleg! Les heller boka igjen. Eg har lese henne to gonger, og kjem til å ta henne fram igjen - ein gong eg treng å lese noko som bare gjer meg godt...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka er fantastisk, både i ord og bilete.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei god spenningsbok skal (når ho er ferdiglesen) gje fleire svar enn spørsmål. Også når ho høyrer til i ein serie. Denne gjorde meg litt vel forvirra, sjølv om nokre svar kom fram til slutt. Kan vi håpe på litt meir oppklaring i nummer to, så vil nok aldersgruppa lese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Samd med deg i både det sære og det morosame.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boka handlar om ei utradisjonell og klok mamma med ein hyggeleg son. Koselesnad for mamma og son her i huset. Vi venta omtrent tre sekund før vi starta med den neste boka i serien...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som biletbok er denne boka ein småkjedeleg liten sak. Tenk at ei forteljarstemme kan ha så mykje å seie! Lydboka er morosam - også tiande gongen ho går i spelaren.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lenge sidan eg las denne, men eg hugsar henne som ubehageleg. Og sjølv om eg tykte ho var godt skriven, har eg unngått bøker av Beate Grimsrud etter denne, fordi eg ikkje liker at bøker etterlet seg eit ubehag også etter at dei er ferdiglesne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skjøner veldig godt at du avbraut. Det burde eg og ha gjort. Denne boka var ubehageleg å lese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nils Ole Oftebros stemme passar perfekt til denne lydboka. Første gong lydboka var med på ferietur høyrde vi den tre gonger i eitt strekk (og ho varer tre timar), og korkje treåringen eller foreldra vart leie. Sidan har vi høyrt henne om att og om att, og treåringen er blitt åtte, men ingen er blitt lei. Fantastisk historie kombinert med ei fantastisk stemme.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trass i dårleg forlagsarbeid (korrekturlesarar og redaktørar som kuttar littegranne er påkrevd også når det gjeld barnebøker!) er dette ei fin bok. Både koseleg historie og flotte illustrasjonar gjer at resultatet vert fint og lesverdig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bjørn F. Rørvik som les Bjørn F. Rørvik er supert! Trur det vil vere vanskeleg for einkvar surpomp å ikkje trekke på smilebåndet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I følge forfattar Terje Torkildsen formidlar ikkje bibliotekarar denne boka til ungdommen. Mogleg at eg er eit unntak då. Eg både likte henne og har anbefalt henne til ungdommar i biblioteket mitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Både fjasing og Ravatn hjelper. Kan absolutt anbefale sistnemnde. Den eg les no er ei "artikkelsamling" med ein serie som har stått i Dag og tid tidlegare. Eg skriv hermeteikn rundt, for eg veit ikkje om artikkel er eit dekkande ord for det Ravatn leverer her. I alle fall er det stor humor, og sjølv om eg har lese mange av dei tidlegare i avisa, kosar eg meg godt med dei. Takk for skiftet til deg og.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kan dei! Det mest negative eg kan seie om Nesbø, er at bøkene hans er vanskelege å leggje frå seg, noko som kan føre til at ein lar vere å fyre i omnen eller å gå den obligatoriske turen. Dermed kan ein lett få både stiv nakke og vårforkjøling å hanskast med. I dag er det ullsokkar, nasespray, appelsinar og lang tur på stranda som gjeld. I tillegg til små dosar Agnes Ravatn mellom slaga. Håper Åsa Larsson smakar!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk for fine tips! Å ha god litterær oversikt tyder ikkje alltid at ein får lese alt ein skulle ønske. Har vurdert både Breitig og Tiller før, men aldri kome så langt. Men det var dette som skulle til. No er dei på leselista mi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har og raptusar når det gjeld krim. Førre raptus galdt svenske Åsa Larsson. Kan anbefalast! Elles les eg alltid den siste nye til Jo Nesbø så snart ventelistene på biblioteket har lagt seg... Denne veka galdt det Panserhjerte. Veit at det ikkje er alle som er like begeistra for Nesbø, men.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fann denne diskusjonen først no - men dette verkar gildt! :-)

Til Vaffelhjerte:

Eg tykkjer generelt det er lettare å anbefale bøker når eg snakkar med folk, men leiken her er jo nettopp å gjere seg eit inntrykk via bokhyllene og deretter kome med tips. Eg vil gjerne anbefale ei av dei beste vaksenboka eg har lese i år, nemleg Anya Ulinichs Petropolis. Men eg kan ikkje la vere å anbefale nokre barne- og ungdomsbøker og. Det kan sjå ut til at du kanskje har nokre små du les for, og då må eg la deg få smakebitar utanom dei gamle klassikarane (som eg ser du har inne): For min niåring har eg nett lese Moni Nilssons Salmiakk og Hedda, som er framhald av Salmiakk og Spokke. Stor suksess begge to. Dessutan har eg nett funne ei nydeleg norsk biletbok, nemleg Trond Brænnes Bestefar er en rev. Og sidan eg anar at du er i klassikarmodus: Ein ny, norsk klassikar frå i fjor er Maria Parrs Tonje Glimmerdal - den kjem til å vare i hundre år, minst! (Eg har ikkje oppdatert bokhyllene mine på barnelitteratur lese tidlegare enn 2010, så det kjem ikkje fram at dette er ein av mine store favorittar.) Dessutan ei ungdomsbok på tampen: Randa Abdel-Fattah: Ser hodet mitt stort ut i denne?, som eg lo meg gjenkjennande gjennom.

Håper noko av dette vil freiste og smake! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Det lukter..." sa Kaja. "Møkk," sa Harry. "Type ku. Velkommen til Jæren."

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Denne gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las henne siste år på vidaregåande. Ho var ei av dei første bøkene eg kjøpte som ikkje var pensum. Las også resten av trilogien, og var like fascinert.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyAnniken L