Som deg, avsluttar eg raskt bøker som ikkje fenger. Unntaka kjem når vi har bestemt oss for ei bok i lesesirkelen. Den skal vi diskutere neste gong alle saman, og av respekt for dei andre, pressar eg meg gjennom bøker som eg aldri ville ha vald sjølv, eller bøker som virka interessante ved første augnekast, men som viste seg å ikkje vere det. Diskusjonane våre er jo også meir interessante når alle har lese heile boka. Vi har hatt lesesirkel i fem og eit halvt år no, og les omlag seks bøker i året. Av dei har eg bare avbrote ei, nemleg Ian McEwans Om forlatelse. Ein toar og nokre trearar har det blitt med åra. Men vi har blitt samde om at det må vere lov å avbryte om ei bok er for uuthaldeleg. Det skal jo vere gildt å vere med i lesesirkelen, ikkje eit ork.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ei liknande (u?)vane: Må vite kor mange sider boka er på totalt, og heile tida ha oversikt over kor mange sider det er igjen til kapittelslutt, eller, viss boka er utan kapittel, kor langt det er til neste avsnitt. Eg liker nemleg ikkje å leggje frå meg boka utan at eit kapittel eller eit avsnitt er ferdiglese.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les heller aldri bak på boka - før etter at ho er ferdiglesen. Unntaket er når vi skal velje bøker til lesesirkelen. Les forresten ofte "vaskeseddelen" når eg har lese boka ferdig. Og irriterande ofte fortel han altfor mykje. Eit fenomen som forresten er nesten fråverande i barnelitteraturen, heldigvis.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er vel kjenneteiknet på god allalderlitteratur at han kan gje noko til fleire alderssteg. Barnet vil oppleve noko, ut frå sin ståstad og sine erfaringar, medan den vaksne, som har andre (og kanskje fleire?) erfaringar, kan få ei anna, men ikkje nødvendigvis meir rett, oppleving av boka. Eg las ikkje noko av Tormod Haugen som barn, men har lese nokre titlar som vaksen, og eg opplever og at det ligg ein sår undertone i fleire av tekstane hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle mennesker er hyggeligere å ha med å gjøre når de er mette!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg går gjennom Bibliotekbaren
ser på kvinnene
later som jeg vet alt bedre enn dem

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heile familien fekk seg ein god lått (eller rettare: fleire) av denne, og den gjorde definitivt bilturen kortare, sjølv om ho ikkje er så lang. Det er ikkje alle forfattarar som gjer seg som opplesarar av eigne bøker, men Bjørn F. Rørvik høyrer til dei som kan kunsten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blei dobbelt så mange, altså 12, på meg. Pluss to filmatiseringar. Tre har eg starta på, men avbrote.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kanskje ikkje heilt relevant, men godt lesestoff i alle fall: I Bente Clods trilogi Englekraft/I vilden sky/Himmelfall er eitt av fleire tema spiseforstyrringar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vert lett rørt av bøker eg les, og har teke til tårene over mange. Hugsar godt at eg braut heilt saman på side 183 (!) i Marieke van der Pols Brudereisen. Uvanleg tidleg til tårer over bøker å vere, faktisk. (Boka er på 423 sider.) Elles er det jo ofte på slutten at tårene kjem. Slutten av Tore Renbergs Kompani Orheim las eg rett før eg skulle på jobb. Det var ikkje så lurt. Eg hadde problem med å samle meg såpass at eg kunne køyre, og var gjennomsliten resten av dagen. Begge bøkene kan forresten anbefalast på det sterkaste, om ein ikkje er som ei venninne av meg, og helst vil unngå dei bøkene som får tårene til å renne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg lo vel truleg vidare...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er nok ikkje bokelskar av typen boksamlar. Fekk åtte av bøkene av tanta mi då eg var tolv, men gav dei nyleg bort, sidan eg ikkje reknar med sonen min kjem til å bli interessert. Gløymte i farten at det kanskje kan kome barnebarn ein gong... Men pytt, det finst jo truleg bibliotek i framtida og. Eg kjøper diktsamlingar og nye barnebøker, men elles låner eg det meste av det eg les på biblioteket.
Når det gjeld Ina innepike, hugsar eg ikkje kva tittelen kom av. Hugsar eigentleg ikkje innhaldet i nokre av bøkene i serien, bortsett frå at siste boka, Ina og Ingolf, handla om den store kjærleiken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, ikkje sant? Er nok derfor eg hugsar han. Men no tok nyfikna over, og eg sjekka Stavanger bibliotek for resten av titlane. Her kjem dei: Ina har ideer, Ina inviterer, Ina og Ingolf, Ina stepper inn, Ina svikter ikke, Ina i ilden, Ina innepike, Ina intervjues, Ina skjønner ingenting, Ina på isen, Ina er den ivrigste. Puh. Ein kan jo verte svett av mindre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Saxegaard skreiv ungpikeserien om Ina. Minst tolv bøker, der alle titlane starta med Ina og hadde minst eitt ord til på i i seg. Eg hugsar bare Ina i Innsbruck, men eg slukte alle tolv på rekordtid då eg var i 12-årsalderen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det som er fint med døden, er at man faktisk må anstrenge seg og gjøre noe med livet mens man har muligheten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Måtte jo ha noko som ein ikkje blei lei av med ein gong den var gjennomlest ein gong. Reknar med eg kunne tygd og kost meg lenge med denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forstår godt at du avbraut. Eg har pressa meg gjennom heile, og tykte det var ei rar bok. Første del var definitivt altfor lang. Tidvis vurderte eg sterkt å avbryte, sidan teksten kjeda meg. Men frå Ødegården og ut tykte eg det var svært godt skrive, historia var fengande, og det gjekk raskt å lese dei to hundre neste sidene. Delar av del to var også fantastisk godt skrivne. Men samstundes var det enkelte parti som var så ufatteleg kjedelege at eg igjen vurderte å avbryte boka. Men å avbryte ei 700 siders bok etter 600 av dei? Det var sjølv for meg så sært at eg pressa meg vidare. Trur nok boka som heile hadde hatt godt av ein redaktør som var flinkare til å seie "kutt!". For dette er ei interessant, viktig og ny historie. Synd at mange fell ut på grunn av dei manglande kutta. Elles ein liten språkleg feil som eg irriterte meg litt over (den dukka nemleg opp fleire stader). Forfattaren har tydelegvis brukt rettefunksjonen i skriveprogrammet sitt til å erstatte ordet sort (i tydinga mørk farge) med ordet svart. Heilt greit. Men det vert litt ugreit når også ordet sort (i tydinga type/slag) vert bytta ut, som på side 553: "[...] vanedyr av verste svart [...]". Lett å bli blind for eigen tekst, så eg skuldar ikkje på forfattaren. Men det finst vel korrekturlesarar på forlaga enno? Kolonkorrekturlesaren burde ha sett dette! Og gjort noko med det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bare lese to bøker av Hoem: Mors og fars historie og Jordmor. Sistnemnde er og skriven med utgangspunkt i historien, nærare bestemt Hoems oldemor (eller var det tippoldemor?) som var jordmor. Sterk og god historie. Det er også den delen av boka som er skriven av Tove Nilsen, sjølv om det er nyare jordmorhistorier som ligg til grunn for hennar del. Boka vart utgjeven i samband med 100-årsjubileet til Den norske jordmorforening i 2008 og kan absolutt anbefalast.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Olav H. Hauges Dikt i samling

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Både Askildsen og Munro er nemnt (sistnemnde i lenka). Eg seier meg samd i anbefalingane om dei. I tillegg vil eg anbefale Gunnhild Øyehaugs Knutar, som er svært korte og uvanlege, men svært gode, Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted, der eit døsfall vert skildra frå ulike synsstader, Etgar Kerets Bussjåføren som ville være gud, underlege, men gode noveller, og til sist Anna Gavaldas Eg vil at nokon skal vente på meg, i kjent munnleg, humoristisk Gavalda-stil. Håper det smakar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

EvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyAnniken LMarianne  Skage