Men om vi ikkje tenkjer at dette handlar om SoMe, men om det menneskelege møtet her og no, vil det vel vere vel så relevant i dag? Om eg treffer deg, og du møter du meg med eit smil og ei relativt positiv innstilling, er det nok meir sannsynleg (særleg om eg ikkje er meg det bevisst) at eg møter deg på same måte? Og omvendt, om du møter meg med negativitet (sjølv om negativiteten eigentleg ikkje handlar om meg), har eg nok lettare for å møte deg om ikkje negativt lada, så i alle fall med eit større forbehold.
Jeg tar deg i hånden
vi sier ikke på gjensyn
du fortsetter reisen
vi skulle gjort sammen
etterlater meg på terrassen
med utsikt mot havet
Ved vadestedet
tar jeg av luen
setter meg på huk
strekker fram armene
kopper hendene
bøyer hodet
drikker det kalde brevannet
som om det var et minne
Du døde
gradvis
som oss andre
helt brått
hver dag
THEODOR
Jeg husker Theodor, den kødden.
ONDE OVE
Jeg husker Onde Ove. Var han egentlig så ond som folk skulle ha det til? Ja, jeg tror faktisk det.
Nokre gonger kan ei diktsamling likne svært på ein roman. Dikta i samlinga Å jage ein hjort i døden utgjer ein klar heilskap, ein samanheng og kronologi som ikkje kan stokkast om på. Lesaren får servert ei historie, rystande, men svært godt skriven. Ei grupe menneske flyttar ut til ei øy for å starte sitt eige samfunn på sida av storsamfunnet. Det liknar mistenkjeleg på ei slags sekt. Historia er fortald gjennom ei tretten år gammal jente, og perspektivet er hennar.
Dikta fungerer som dikt, men sidan dei er ein så tydeleg del av heilskapen, vil fleire av dei fungere dårleg utanfor samlinga. Dette er ikkje ein veikskap ved dikta, snarare ein styrke.
Sidan forteljinga har diktform, må ein tolke litt meir sjølv enn ein vanlegvis må som romanlesar, men det er likevel ikkje vanskeleg å få med seg historia her. Når boka er ferdiglesen, det tek ikkje lange belet, sit eg overvelda tilbake. For eit språk! For ei historie! Dette er ei diktsamling som vil sitje i meg lenge. Anbefaler denne sterke og særs gode leseopplevinga!
Ein romantikar som meg liker å lese ei Kristin Harmel-bok i ny og ne.
Kristin Harmel skriv godt og medrivande, har gode historier, og alltid ei fin kjærleikshistorie med. Eg veit med andre ord litt om kva eg får, og det er akkurat derfor eg plukkar med ei bok av henne frå tid til anna.
I Boken med glemte navn frå 2021 er mesteparten av handlinga lagt til Frankrike under andre verdskrigen, og hovudpersonen Eva, ei jødisk ung kvinne rømmer frå Paris akkurat i tide til ikkje å bli arrestert og sendt til Auschwitz i 1942. Ho arbeider med å forfalske identitetspapir, og reddar på den måten fleire engelske flygarar og mange franske barn og motstandsfolk. Harmel er nøye med researchen, og det historiske bakteppet er derfor truverdig. Eg let meg rive med som forventa, og denne gongen såpass mykje at eg let meg røre til tårer på siste side. Då har forfattaren gjeve meg det eg ville ha og meir meir til, og eg kan anbefale boka til andre romantikarar der ute.
Folk er klønete. De vet ikke alltid hva de skal si eller gjøre. Ikke bruk det mot dem. Du vet aldri hva som gjemmer seg i hjertene deres.
Livet er ikke her for å underholde deg, det er du som skal underholde livet.
DET MOTSETTE
Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber
og enda opp
med å tenkja på korn.
Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden
og som kan
gi oss brød.
UNDERTRUISK
Som å treffa den neste tonen.
Alt spelet som finst i det samspelet
ein lang samtale er. Smil. Små rørsler.
Lyfta eit augebryn, tromma lett med
to fingrar.
Du fekk meg til å forstå at eg hadde
vore undertruisk for lenge. Eg trudde
ikkje der tru trongst. Der tru kunne opna
og famna inn ein større fylde.
Som humlene sine revebjøllekyrkjer. Elvenektar
og dagslysets manna.
Eg snudde meg for å gleda deg med
ei endring eg visste du ville lika, og du skuffa
meg med å ha vore død i mange år.
Eg kunne ikkje lenger hugsa korleis
hausten lukta, utan å minnast fargen
i kleda dine først.
HIT
Så kom eg fram
til den viktigaste dagen
av alle
Kvardagen
REGLE
Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.
Mosemjuk og jorda fred.
Mumlar mold, nynnar straum.
Røynd er røynd. Draum er draum.
Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.
TYDELEG
Den gylne alleen tek imot meg. Lauvet skin.
Endene pløyer elvevatnet med ungane sine.
den smale bekken fangar òg litt av himmellyset.
Framleis er livskrafta tydeleg overalt.
Det er over fire månadar sidan eg var her ute sist.
Jordfargane ved elveosen rører ved hjarta mitt.
Skyene så kvite mot det blå over stiane.
Sanddynene sine kurver er mjuke i den kalde lufta.
Mektige tre er budde på vinterstormar.
KVIFOR
Eg har ein stein
der ordet
Kvifor?
er gravert inn.
Den er litt flat
litt rund
og god å halda.
Av og til snur
eg den
slik at ordet
Kvifor?
vender ned
mot jorda.
Men i dag
tok eg den
vog den
i handa
og kasta den
med all kraft
i veggen.
Kvifor?
Difor.
Du går inn og ut av rommet ditt
Er dette mitt rom? sier du
Det ser ikke sånn ut hos meg
Hvordan ser det ut hos deg?
Det er tre rom i huset, sier du
Der du var ung?
Der jeg er ung
De skal ta bilde av hodet ditt
Må jeg være med, spør du
jeg forteller hva du skal
du er ikke et barn
ingen kan bære deg
og ingen kan være deg
Kan ikke du bare ta med hodet mitt
så kan jeg sitte her
og vente så lenge?
Noen ganger ser du meg når jeg ikke er der
jeg sitter i sofaen din
jeg svarer ikke når du spør
du prøver med mat og kaffe
det hjelper ikke
jeg gjør deg redd
IV
det hender jeg drømmer om et kraftig smell, hodet mitt
verker, jeg holder et lemlestet barn i armene, jeg roper
et annet navn enn ditt, hvor er du? når jeg våkner blir
jeg liggende og stirre ut i mørket, jeg hvisker: sover du? i
diktet står det: det er en engel inni meg som stadig
sjokkerer. hadde jeg sagt den setningen og ment det,
hadde jeg forlatt deg, hadde du latt meg gå? det er natt,
du er ikke hjemme og jeg skriver: å bo er en sorg jeg
må leve med.