Jim og Tommy treffest tilfeldig i 2006. Det er om lag 30 år sidan dei såg kvarandre sist. I barndommen var dei bestevenner, og var svært nære den gongen. Med møtet kjem minnene om tida då dei var barn og ungdommar, om kva som gjorde at dei sto kvarandre så nær, og kva som gjorde at dei kom bort frå kvarandre. Forteljinga skiftar stadig perspektiv, snart er det hjå Jim, snart er det hjå Tommy. Også Tommy si søster Siri får ei stemme. Kva tid som vert skildra, skiftar også; både fortid og notid vert skildra. Petterson skriv som vanleg svært godt, og her får vi ei sterk historie, som ein ønsker skulle halde fram. Denne vil passe godt i ein lesesirkel, for kva skjer eigentleg der boka endar?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Tove Nilsen leverer her ein biografisk roman, slik eg tolkar han. Hovudpersonen er i alle fall ein kvinneleg forfattar med to barn. Det vert ikkje nemnt kva ho heiter, men eg tippar ho heiter Tove Nilsen. Romanen handlar i all hovudsak om hennar forhold til foreldra sine, og då spesielt til faren. Gjennom små fragment frå oppvekst og vaksenliv tek forteljinga om familien form, og det er ei spesiell forteljing. Trass at forholdet dottera har til begge foreldra er ambivalent, vert dei skildra med kjærleik og ei slags forståing for at forholdet dei imellom har blitt som det har blitt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skippy døyr – vi veit det allereie frå tittelen. Første kapittel skildrar at han døyr – og så er det 700 sider igjen av romanen… Dette er historia om kvifor Skippy døyr, om korleis han og medelevane hans har det på Seabrook College i Irland, om lærarar og andre desse gutane kjem i kontakt med. Det er ein roman om å vere 14 år (skremmande lesing for ei på 41!), om korleis det er å gå på internatskule, om farane som lurer der ute og om omsorgssvikt sett i system. Romanen er lang og skremmande, men godt skriven, med ein god porsjon humor, og absolutt verd å få med seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva er dette? Ein biografi? Ja! Ei diktsamling? Ja! Ein slags roman likevel? Ja, kanskje litt av det også. Dette er historia om Birgit og livet hennar, skriven i diktform av venninna Ruth Lillegraven. Birgit har ikkje hatt eit enkelt liv; dette er ei spennande og sår historie, skriven på framragande vis i flotte, nummererte dikt, som kapittel. Denne trur eg fleire typar lesarar vil like, både dei som vanlegvis les og liker romanar, dei som les og liker biografiar og også sjølvsagt dei som les og liker lyrikk. Boka er lettlesen, og kan anbefalast på det varmaste!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så gildt! Håper den fell i smak hjå deg også!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dronning Elisabeth II kjem på eit tilfeldig besøk i ein bokbuss, og like tilfeldig blir ho ein lesar. Eg har humra, ledd høgt og kost meg gjennom denne vesle boka, først på engelsk for mange år sidan, og no igjen på norsk. Her finst skråblikk både på monarken og på tenarskapet hennar, og her finst litterære referansar og generell glede over litteraturen og det å lese. Dette er ei må-lese-bok for oss bibliofile!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Aksel Fugelli er son til Per, og har med denne boka skrive ei samtalebok og ein slags biografi med og over far sin. Her er interessante diskusjonar, tankar og dialogar. Aksel let ikkje far sin sleppe billeg unna, og pressar han ein del gonger, slik at han må forsvare standpunkta sine, og ikkje minst forsvare barneoppdraginga si. Dette er interessant lesnad. Kan hende kan det vere ein fordel om ein, som eg, både har lese brevboka dei to gav ut på 1980-talet og ein eller fleire av Per sine bøker på førehand, men eg trur nok ikkje det er heilt nødvendig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Peter Ørlinge Oort er forfattar, og får ein dag eit spørsmål om å skrive historia til byen Nem. Dette er historia om reisa han gjer til byen, samstundes som det er historia om Nem, om dei som bur der, om små og store detaljar om by, menneske, historie, naturvitskap og mykje anna. Romanen gjev ei stor leseoppleving, og er skriven på ein heilt fascinerande måte som eg aldri har vore borti tidlegare. Boka kan nytast i små eller store porsjonar, og er den beste romanen eg har lese på lenge.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ironisk nok har jeg ikke hatt et eneste glemselsanfall de siste dagene, noe som alltid gir en pasient en viss følelse av å ha sveket sin doktor: Man må jo ha noe å vise frem, noe skikkelig, noe som beviser at man ikke bare er en svekling eller hypokonder.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å FÅ

ei lita hand
inn i ei stor hand

det er ingen småting
her vi går

di vesle hand
smygande inn i mi

ingenting større
enn det

Godt sagt! (4) Varsle Svar

KORLEIS KAN EG

leva
når du ikkje er

tida er ført bak lyset
mørket bak mørket

ein ny morgon
utan deg

dagen døyr
i solrenninga

Godt sagt! (3) Varsle Svar

TO VAR DEI SMERTENE

ja, tre
den eine som eg
ikkje kan gjera noko med

den andre som eg
kan gjera noko med

og den tredje som eg
kunne ha gjort noko med
men ikkje gjorde

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vi kommuniserer,
men vi snakkar ikkje.
Eg har gått ned
ti kilo på tretten dagar
og enda forstår dei meg ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kvifor er du så sint?
(Frukost: Ein halv tomat, ein halv agruk. Ein kopp te)

Trur du folk liker deg når du er slik?
(Lunsj: Eit eple eg ikkje et)

Kvifor er du så lei deg?
(Middag: Ingenting)

Du seier ingenting, nokon gong. Du må snakke, vi må
snakke om ting. No skal vi snakke.
(Trappeløp til eg ikkje klarer å puste)

Vi er glade i deg, det veit du. God natt.
(Eitt brød. Ein boks med smør. Midagsrestar ete
med fingrane. Kjeks og sjokolade. Ost, juice, mjølk,
veit ikkje kor mykje, eg er ute av teljinga. Ein liter
lunka vatn og

tomheita etterpå.
Dette er ein kropp, eit ufortent svar)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg hadde ikkje tolt det
om du tenkte på andre, seier du.
Du ligg ved sida av meg i senga og
verkar så langt vekke. Vi er som barn
i dette rommet, vi vil
ha eit svar, eit som held.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nokre dagar når vi vaknar,
er vi ein ven som klarer.
Vi glir saman
568 kilometer frå kvarandre.

Andre dagar vaknar vi
med eit vondt
vi ikkje veit kor kjem ifrå.
Ingen av oss seier det,
har berre dårleg samvit for
det dårlege samvitet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DET MØRKNAR

eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege

ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet

det mørknar

Godt sagt! (5) Varsle Svar

HAUSTDAG

Herre: det er tid. Vår sommar var så stor.
Legg dine skuggar opp på solura
og lat så vindar blåse over jord.

Og bed dei siste frukter fylle seg;
og gjev dei enno nokre varme dagar,
krev dei fyllest no i dine hagar
og gjev si siste tyngd til vinens preg.

Den framleis utan hus, han byggjer ikkje no.
Den framleis einsam, han blir einsam lenge,
og vaker, les, skriv lange brev, vil trenge
å gå i allear alltid utan ro
og sjå lauvet flagre, ikkje henge.

(Rainer Maria Rilkes Herbsttag)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg var forbanna i noen år, men etter som jeg har blitt eldre, har jeg vel skjønt at alle familier er dysfunksjonelle, hver på sin måte. Vår familie er ikke verre enn familier flest.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I 1938 buset unge Eveline seg i ei hytte i villmarka i Minnesota saman med Emil som ho nettopp har gifta seg med. Her vert sonen Huxley fødd, og her lever dei lukkeleg inntil Emil må reise for å ta seg av den sjuke far sin. Dette er historia om korleis Eveline klarer seg aleine med eit lite barn i villmarka medan mannen er borte, men også historia om korleis neste generasjon har det og lever vidare. Eg vil ikkje skrive for mykje om kva som skjer, men boka er svært godt skriven, og er vanskeleg å leggje frå seg. Kan anbefalast!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

DemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenLillevimarvikkisBjørg L.PiippokattaMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgIngunn SSissel ElisabethEivind  Vaksvik