Far held auga med meg
Bak steingarden nedi træet har eg lagt meg ned
der bror min sådde gulrøter i går
Det dampar av den fuktige molda, grodamp
Eg borar handa ned i dette luftige
tar ein handfull og smakar med leppene
Eg er på veg, snart kjem eg heilt ned til deg
eg kjenner deg i alt mitt hold
kjenner korleis krafta di riv i meg
Så mykje kjærleik som er lagt ned
Så mykje sveitte som har gjennomtrengt deg
frå alle dei åra då du var det einaste vi hadde
Du fekk alt, og ga alt attende
og gir om nokon vil bruka deg
Åh, eg kjenner alt dette kjølege
som strøymer gjennom min utstrekte kropp
Korleis eg svevar over dine avgrunnar
på ei svimlande kraft
på ei fontene av damp
Hendene
Hendene mine ligg på bordet og kikkar på meg.
Kva vil du bruka oss til?
Barn har blitt rolege i dei hendene.
Kviner har sagt til meg
at varmen der har gitt dei kraft.
Men dei eg har villa gi varmen til har avslått
eller har hatt andre hender.
Og dei som ville ha
kunne eg ikkje gi det til, makta det ikkje.
Hendene. Lunken av brøddeig ligg i dei,
trælane etter spadeskaftet og fingerstyrken
etter skrivemaskintastane sine utallige repetisjonar.
Likevel kjende eg ikkje mine henders sirkel
eller kva som batt dei saman.
Nå veit eg det.
Vissa fyller meg med ei glede
eg ikkje kan forklara deg, dei må gjera det sjølv.
For dei kan vera puter
kring dei smale akslene dine.
Dei ligg på bordet og ventar
når du kjem hit og er trøytt.
Sommarmorgon på Jæren
Då eg var ein kvithærd gut i den høge morgon
stod eg i lys og stiging frå fjella i aust
barføtt i regnvaska grus, raudblåst av svevn
og vokstergrønske frå ei lang sval natt.
Eg vart boren av dagen til portane sola
og vinden langs åsar, marker, myrar og vatn
I ryggen mot vest låg det blanke havet og klukka
Mot panna i aust låg Synesvarden, ei opplyst hei
liksom av gullstøv og skimmer og fjellblåe render
med gule bakkar i røyk og raudnande lyng
myrar i kvitaste myrullkåpe, og jonsokblomar
på vollen. Vegen. Steingardens varme pust mot kinnet
blåklokker, balderblom, kvitkløver, raudkløver
graset i grøfta, hundekjeks, tiriltunge; å bevande hjarter -
Det voks og dirra i sommarens frodige safter
som steig frå jorda sin brunn og brann i meg
Då eg var ein kvithærd gut i den kvitnande dag
med vidåpen himmel og vaknande lydar frå Nærland og Hå
hang det virkande Jæren utbreidd på jorda
med kvite gardar og raude uthus, med tårn og spir
lundar og vegar, og fjerne brøl frå sterke maskinar
Hanane gol. Lerkene song over Elisberget, blankt
utan byrjing og ende, blankt dryss av lerketrill
under kvelven. Mjølkebilgiring frå Reime, slamring
med mjølkespann, luntande steg frå nymjølka kyr
blakke tråvande hestar i søre hagen hos Jomar
og skjellande hundar i Varhaug-sokna. Alt rørte seg
Katten smaug flat under piggtrådgjerdet og bort
i ein grønnskjær åker med ei hinne av fløyel og sølv
Nyklekte vipekyllingar, åkerrikser og ei klo av død
Ange av solsvidd høy mot stein, og mognande timotei
Ange av gjæring, råtnande gjødsel og salttørka sei
Då eg var ein kvithærd gut kunne tida stå still
Havet låg blått og svalt som mi nattkjølde sjel
Ei sommarmorgonflate ved kysten. Atlanterhavsdønningar
Tjelden ropar i høgder og djupner vektlaust i himmelen
Ein einsam robåt vaker i vika med Tønnes, fiskaren
Fjøresteinar i sanden med teiner utlagt til tørk
Høyet er takande, garden blir andpusten
Dei solraude purkene gryntar med trynet i boset
Far har fått travle høysåtesteg, denne sommarmolda si jordtyngd
Dei slåss for sitt liv mot den blinde makt. Eg steig blind
Steig i eit rom utan grenser, eit rom med stigande song
Eg såg alt dette ein gong. Alt dette er mitt
Nå gror mine røtter i bakken, eg kan fly likevel
I min sommarmorgon, som i barndommens høge dag
Den har ikkje kvorve. Den står ennå ved lag
SPURV
Jeg kvistet et tre og gikk inn i huset
for å hjelpe en spurv som kolliderte
med vinduet og falt ned i karmen
men egentlig er det ikke dette
som opptar meg, men at far sa
jeg så foreldreløs ut i speilet
BEGYNNELSE
Tenker du på noe, spurte jeg
mot slutten av vårt første møte
da hun plutselig ble så stille
På tida, sa hun, som renner ut
fordi det snart er natt, og
hvorfor må du hjem til ingen?
MINUTTER
Ta tida på alt, sa du
jeg skjønte ikke hvorfor
51 minutter tok det
fra hun kom
til de bar henne vekk
Eg er nok til dels enig med deg i det. Bøker skal utfordre oss som lesarar. Men det er ikkje alltid ein er klar for å bli utfordra på alle typar måtar. Hadde eg lese boka ein annan dag eller ein annan periode i livet enn eg gjorde, hadde eg kan hende kasta meg over fleire bøker av Beate Grimsrud. Sidan det finst fleire bøker eg har lyst til å lese enn eg rekk over, let eg likevel oftast kjensla eg sit med etter første bok eg les av ein forfattar avgjere om eg les fleire.
Alle har vi noen svake, umodne sider som blir særlig synlige under livskriser og ved annen motgang.
En tjeneste er en tjeneste fordi den ikke må gjengjeldes.
LIK MEG NÅR JEG ER TEIT
Lik meg når jeg er teit
ikke bare
når jeg åpner verandadøra
og viser deg bilder av meg sjæl
i heldige øyeblikk.
Lik meg når jeg er teit
så skal du få være med
opp på rommet, og så
skal vi bare sitte der
og kjede oss.
Og hvis det kommer noen
og jeg tilfeldigvis
er litt johann
og kanskje bommer litt på humor'n
så skal du like meg for det!
Da skal jeg begynne å prate
om kjærlighet.
Henrik Mestad
Jeg passer ikke på spesialskole og jeg passer ikke på vanlig skole. Jeg fungerer for godt til å bo på institusjon, men er for hjelpetrengende til å klare meg selv. Jeg er ingen stereotypisk funksjonshemmet, det er få som er det.
Foreldre vil klare mest mulig selv, mens kommunen tror foreldre ber om mer enn de trenger. Midt imellom der er barnet. Og barn sier ikke ifra, fordi de vil beskytte foreldrene. Barn frykter at foreldrne skal skilles, og derfor biter de smerten i seg. Barn er villige til å dø for foreldrne. Så om du ikke tar imot den hjelpen som finnes når du har et sykt barn, vil det alltid gå utover barnet.
Ei sterk, provoserande, tankevekkjande, interessant, ærleg og svært viktig bok! Dette er ei samtalebok mellom Arne Chrøder Kvalvik og fetteren hans, Ola, som på grunn av ein medfødd sjukdom er sterkt funksjonshemma. Det er Ola som har ordet mest, og hans syn på eigen situasjon og korleis samfunnet taklar utfordringane hans burde vere obligatorisk lesnad både for helsearbeidarar og politikarar, og utfordrar oss som medmenneske.
Gjennom 13 kapittel, som også kan likne på noveller, møter vi ulike personar frå småbyen Crosby i Maine, USA. Dette er forteljingar om kvardag, om små og større hendingar som kan tyde mykje i liva til dei som er involverte. Fellesnemnaren i kapitla er Olive Kitteridge. Ho er med i alle, anten som biperson (i enkelte av kapitla bare nemnt ein gong) eller som hovudperson. Gjennom boka får vi lære henne å kjenne, får sett henne gjennom ulike auge, og får sett både svake og sterke sider hjå henne. Forfattaren skriv godt og relevant. Denne boka berørte meg, Olive har gjort eit sterkt inntrykk, og kjem til å vere med meg i tankane lenge.
Takk! Eg har også lese fleire bøker av forfattaren tidlegare og likt dei godt, det var derfor eg tok med meg denne. Men det var lenge sidan, så eg må visst oppdatere meg på det ho har skrive dei siste åra.
[...] jeg kunne ikke forandre den hjernen jeg var født med, så i stedet lærte jeg meg å forminske verden med improviserte skjermvegger, slik at det eneste jeg la merke til, var det jeg hadde lyst til å legge merke til. Det er autisme, for dem som aldri har vært der selv.
Jeg blir ferdig før han, men da vi gjorde vanlige lekser tidligere, ble vi ferdig samtidig. Han er muligens rasende intelligent, men noen ganger er det som foregår i hodet hans ikke overførbart til boksiden. Jeg går ut fra at det er som å være verdens raskeste lyntog, men hjulene dine passer ikke til skinnene.
Eg er bibliotekar, mor til ein gut med Asperger, og les ein del, og no har eg nett drege med meg heim boka Åstedet av Jodi Picoult (Cappelen Damm 2011). Eg les ikkje "vaskeseddelen" (det som står på baksida av boka; ofte ei lita oppsummering av kva boka handlar om) lenger, så eg vart overraska då det viste seg at ein av hovudpersonane var ein gut, Jacob, på 18 år med Asperger syndrom. Boka er oppdelt i små kapittel, der overskrifta i kvart kapittel er namnet på den som er eg-person i dette kapittelet. Det vekslar mellom Jacob sjølv, mor hans, bror hans og andre personar som familien har med å gjere gjennom handlinga. Ein av dei tinga eg liker best ved boka, er nett det at eg-forteljaren skiftar. På det viset får vi Jacob sin versjon av ein situasjon (som eg tykkjer verkar truverdig) i eitt kapittel, før vi kanskje får mor hans sin versjon i det neste (også foreldrestemma verkar truverdig).
Jacob si særinteresse er politiet sitt arbeid når det har skjedd ei kriminell handling. Dette fører han nokre gonger inn i vanskelege situasjonar.
Forfattaren har gjort ein svært god research før ho skreiv, for boka er svært godt skriven, tykkjer eg. Eg finn gjenkjenning av fleire sortar, både av den såre sorten (når det gjeld tankar og val ein gjer som foreldre til eit barn med AS) og av meir aha-opplevings-messige sorten (sonen min er 14 år og har AS, og eg opplever at eg gjenkjenner nokre av Jacobs måtar å reagere og får ei forklaring på dei som eg ikkje har skjøna tidlegare). Jacob har Asperger syndrom, men ikkje alle menneske med Asperger syndrom vil reagere på same måten som Jacob. (Har du møtt ein person med Asperger syndrom, så har du møtt EIN person med Asperger syndrom.) Til dømes har Jacob ein god del meir synleg tvang enn sonen min har. Likevel finn eg store likskapar. Sjølv har eg tenkt å anbefale boka til slekt og venner som kanskje ikkje har lese seg så mykje opp på diagnosen på førehand. Her får dei nemleg god forklaring på særtrekk ved Asperger syndrom, og i skjønnlitterær form, noko som kan vere enklare å forhalde seg til enn ein fagtekst. Men om du tenkjer å gjere det same - les for all del boka først sjølv!
Dette er ikkje nødvendigvis lysteleg lesnad. Eg vil ikkje skrive noko meir om innhaldet i boka, for eg liker ikkje sjølv å vite for mykje om ei bok før eg les henne, men dette er ikkje ei bok ein bør lese som AS-forelder om ein er nede i ein bølgedal der alt kjennest håplaust, trur eg. Fin lesing for dei optimistiske og håpefulle dagane.
Dette er ein biografi skriven i ei slags romanform. Boka er svært godt skriven, og svært personleg, men aldri privat. Her får vi tidvis vite mykje og detaljert, før det brått vert tilkneppa i neste sving. Dette grepet tykkjer eg styrker forteljinga. Vetle Lid Larssen skildrar eit far-son-forhold der begge etterkvart tek stor plass. Forteljinga hoppar mellom fjern og nær fortid, der den nære fortida omhandlar tida då faren, Lars Andreas Larssen, vert ramma av Altzheimer og forsvinn meir og meir bort frå familien sin.
Lars Saabye Christensen er også ein fin lyrikar, men er best når han skildrar eigne minne frå barndom og ungdom, og personar han treffer i notid, ei notid der foreldra hans er døde og han sjølv byrjar å tenkje på "[...] neste eksamen/den store/som ingen, som ingen/noensinne har/strøket i". "Tenk om"-dikta eller "slik såg det kanskje ut" er svakare, tykkjer eg. Også store metaforar vert for svulstige. Han er best på dei enkle skildringane. Dei er det heldigvis mange av i denne diktsamlinga, som absolutt er verd å få med seg.