Dikt i utval 1966-1994

av (forfatter).

Cappelen 1995 Innbundet

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka inneheld dikt frå alle dei hittil åtte eigne diktsamlingane Obrestad har gitt ut; frå "Kollisjon" (1966) til "Mimosa Myosotis Rosmarin" (1994). Forfattaren har sjølv stått for utvalet. Nokre dikt er omarbeidde i høve til originalutgåva.

Omtale fra forlaget

Boka inneheld dikt frå alle dei hittil åtte eigne diktsamlingane Obrestad har gitt ut; frå "Kollisjon" (1966) til "Mimosa Myosotis Rosmarin" (1994). Forfattaren har sjølv stått for utvalet. Nokre dikt er omarbeidde i høve til originalutgåva.

Bokdetaljer

Forlag Cappelen

Utgivelsesår 1995

Format Innbundet

ISBN13 9788202158590

EAN 9788202158590

Språk Nynorsk

Sider 201

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Sommarmorgon på Jæren

Då eg var ein kvithærd gut i den høge morgon
stod eg i lys og stiging frå fjella i aust
barføtt i regnvaska grus, raudblåst av svevn
og vokstergrønske frå ei lang sval natt.
Eg vart boren av dagen til portane sola
og vinden langs åsar, marker, myrar og vatn
I ryggen mot vest låg det blanke havet og klukka
Mot panna i aust låg Synesvarden, ei opplyst hei
liksom av gullstøv og skimmer og fjellblåe render
med gule bakkar i røyk og raudnande lyng
myrar i kvitaste myrullkåpe, og jonsokblomar
på vollen. Vegen. Steingardens varme pust mot kinnet
blåklokker, balderblom, kvitkløver, raudkløver
graset i grøfta, hundekjeks, tiriltunge; å bevande hjarter -
Det voks og dirra i sommarens frodige safter
som steig frå jorda sin brunn og brann i meg

Då eg var ein kvithærd gut i den kvitnande dag
med vidåpen himmel og vaknande lydar frå Nærland og Hå
hang det virkande Jæren utbreidd på jorda
med kvite gardar og raude uthus, med tårn og spir
lundar og vegar, og fjerne brøl frå sterke maskinar
Hanane gol. Lerkene song over Elisberget, blankt
utan byrjing og ende, blankt dryss av lerketrill
under kvelven. Mjølkebilgiring frå Reime, slamring
med mjølkespann, luntande steg frå nymjølka kyr
blakke tråvande hestar i søre hagen hos Jomar
og skjellande hundar i Varhaug-sokna. Alt rørte seg
Katten smaug flat under piggtrådgjerdet og bort
i ein grønnskjær åker med ei hinne av fløyel og sølv
Nyklekte vipekyllingar, åkerrikser og ei klo av død
Ange av solsvidd høy mot stein, og mognande timotei
Ange av gjæring, råtnande gjødsel og salttørka sei

Då eg var ein kvithærd gut kunne tida stå still
Havet låg blått og svalt som mi nattkjølde sjel
Ei sommarmorgonflate ved kysten. Atlanterhavsdønningar
Tjelden ropar i høgder og djupner vektlaust i himmelen
Ein einsam robåt vaker i vika med Tønnes, fiskaren
Fjøresteinar i sanden med teiner utlagt til tørk
Høyet er takande, garden blir andpusten
Dei solraude purkene gryntar med trynet i boset
Far har fått travle høysåtesteg, denne sommarmolda si jordtyngd
Dei slåss for sitt liv mot den blinde makt. Eg steig blind
Steig i eit rom utan grenser, eit rom med stigande song
Eg såg alt dette ein gong. Alt dette er mitt
Nå gror mine røtter i bakken, eg kan fly likevel
I min sommarmorgon, som i barndommens høge dag
Den har ikkje kvorve. Den står ennå ved lag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Far held auga med meg

Bak steingarden nedi træet har eg lagt meg ned
der bror min sådde gulrøter i går
Det dampar av den fuktige molda, grodamp
Eg borar handa ned i dette luftige
tar ein handfull og smakar med leppene
Eg er på veg, snart kjem eg heilt ned til deg
eg kjenner deg i alt mitt hold
kjenner korleis krafta di riv i meg
Så mykje kjærleik som er lagt ned
Så mykje sveitte som har gjennomtrengt deg
frå alle dei åra då du var det einaste vi hadde
Du fekk alt, og ga alt attende
og gir om nokon vil bruka deg
Åh, eg kjenner alt dette kjølege
som strøymer gjennom min utstrekte kropp
Korleis eg svevar over dine avgrunnar
på ei svimlande kraft
på ei fontene av damp

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hendene

Hendene mine ligg på bordet og kikkar på meg.
Kva vil du bruka oss til?
Barn har blitt rolege i dei hendene.
Kviner har sagt til meg
at varmen der har gitt dei kraft.
Men dei eg har villa gi varmen til har avslått
eller har hatt andre hender.
Og dei som ville ha
kunne eg ikkje gi det til, makta det ikkje.

Hendene. Lunken av brøddeig ligg i dei,
trælane etter spadeskaftet og fingerstyrken
etter skrivemaskintastane sine utallige repetisjonar.
Likevel kjende eg ikkje mine henders sirkel
eller kva som batt dei saman.
Nå veit eg det.
Vissa fyller meg med ei glede
eg ikkje kan forklara deg, dei må gjera det sjølv.
For dei kan vera puter
kring dei smale akslene dine.
Dei ligg på bordet og ventar
når du kjem hit og er trøytt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det hende av og til då eg stod opp

Eller då eg skulle dra gardinet frå
Ja, andre stunder på dagen med:
Eg fekk ein glimt av meg sjølv i spegelen
Eit skip drog forbi på fjorden
Langsamt, i vindusramma: livet mitt
Åsane blei, fjorden låg der,
hamna, torget, bilane på vegen
Det var ein heilt vanleg dag
Lik og ulik, slik dagane er
Det der dunkande og langsame
fylte synet. Det var eit sjokk
då alt var borte
Dette er ei glede eg forsøker å forklare deg
i desse linjene, som snart ikkje er meir

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket