Det kan jo hende dei har plastsmak.
Både Biblioteket og Bok & Samfunn er blader eg ennå ikkje har fått lese. Dei må eg sjå nærmare på.
Eg håper også det.
Eg skjønner godt kva du meiner med motstand. Og eg er ein av dei som ikkje trur at eg kjem til å la lesebrettet erstatte bokhyllene mine.
Korfor? Jo, fordi det å leite seg fram til riktig bok i bokhylla er noko av det finaste eg veit. Den siste tida har alle bøkene mine vore pakka ned i pappesker. Pappeskene er nummererte og eg har oversikt over kva som er kor, men likevel, dei står ikkje framme. Når eg har lyst til å lese ei ny bok, blir eg sittande og tenke meg om før eg kjem fram til at eg har lyst til å lese for eksempel Siri Hustvedt. Så går eg inn på excellarket mitt, finn ut at den Siri Hustvedt-boka ligg i eske nummer 18, også finn eg fram boka. Det vil seie at eg har erstatta bokhyllene med ei liste over titlar, for ein periode. Og eg kjenner at eg saknar bokhyllene. For det er ikkje sikkert eg har lyst til å lese Siri Hustvedt i dag. Det kan hende eg trur eg har lyst til å lese Siri Hustvedt, men så kjem eg til bokhylla også finn eg ein gløymd skatt av Helle Helle i staden for. Og så finn eg ut at Helle Helle er jo heilt perfekt til humøret mitt, akkurat nå. Og det skjer ikkje når eg må søke opp eit namn og ein tittel frå ei liste.
Det er kanskje ein bagatell i den store samanhengen, men likevel, eg saknar bokhyllene mine. Eg saknar det å kunne stå framføre hyllene i ein halvtimes tid, ta på bøker, kjenne på dei og så bestemme meg for kva eg skal lese. Og eg gleder meg veldig til vi blir ferdig med å pusse opp, slik at bøkene mine kan flytte inn i hyllene sine igjen.
Det som er kjekt med tidsskrift er at det kjem fire av dei i året, og det klarer eg prioritere å lese.
Eg gløymde boksidene i Morgenbladet også. Dei er veldig fine.
Det er mange - og Bøygen er eit av dei betre! Det er sikkert mykje der ute på marknaden eg heller ikkje har høyrd om, så eg lager like godt ein tråd om det.
Kva les du om litteratur? Og kva synest du om dei ulike magasina og tidsskrifta som er på marknaden? Eg tenker kanskje det kan komme spennande innspel og gode tips til nye magasiner og liknande av ein slik tråd.
Eg abonnerer på Bøygen og Poetry Foundation. Elles les eg The New York Review of books på nett. Eg kjøper også Vagant av og til, og har vurdert om eg skal begynne å abonnere på det, men det er litt varierande kvalitet på artiklane der. Vinduet er også tidvis veldig interessant, men sidan dei køyrer temanummer er det stor variasjon med tanke på kor spennande dei ulike temaa er. Eg er også ein ivrig lesar av bokbloggar. Det er mange amatørskribentar som har mykje godt å komme med.
Enn så lenge er jo - som du seier - eboka for dyr til å vere ein reell konkurrent. Det er jo også slik nå (viss eg ikkje har misforstått) at det blir moms på ebøker, men ikkje på vanlege bøker, noko som er med på å halde eboka dyrare enn andre bøker.
Eg kan forresten tipse om ein veldig god artikkel i siste nummeret av Bøygen om emnet.
Eg har prøvd det på biblioteket, og det var då eg tok den endelege avgjersla om at det er dette eg vil ha. Men eg veit at det krever lys. Heile poenget er at mine auge blir slitne av skjermlyset, det er derfor eg liker dette.
Eg svarte på Ann Christin sitt innlegg, før eg såg ditt. Men etter litt research og etter å ha sett på ulike modellar i butikkar har eg komme fram til at eg vil ha Sony Reader PRS-650. Hovudargumentet er det med lys og skjerm, som eg har skrive over.
Det er forskjell på lesebrett. Nokon har baklys, som ein pc-skjerm, som for eksempel iPad og Samsung sitt. Dei har fleire pc-liknande funksjonar i tillegg til å vere lesebrett.
Eg skal kjøpe Sony sitt som har ein slags "blekk-skjerm" og som treng å lysast opp. Dette er fordi eg blir sliten i augene av å lese på skjerm med baklys i lengda. Dei er mindre fancy i forhold til tilleggsfunksjonar og er meir reine lesebrett. Men eg tenker at det er det eg treng. Mobiltelefon, kamera og pc har eg utanom, så då prioriterer eg det som gir god funksjon som lesebrett.
Men ein må jo vere forsiktig med det, på same måte som ein er forsiktig med eit kamera og ein mobiltelefon. Heldigvis brukar eg oftare å lese på bussen, enn på stranda. Så den eine veka i året eg ligg på ei strand, kan eg lese pocketbøker.
For meg er den trykte boka samlarobjekt, og eg trur aldri eg kjem til å ønske å få erstatta moglegheita til å bla i papirbøker med noko anna.
Samtidig kjem eg til å kjøpe eit lesebrett (eg veit kva eg skal ha, men eg må vente til butikkane får det inn igjen). Eg pendlar til jobb med buss, og då er det veldig greit å ha aviser og bøker på ein 6-tommars skjerm. Eg synest også det er vanskeleg å pakke til ferieturar og liknande. Eg liker å ha mykje å velje mellom, og det er ofte vanskeleg å kombinere med begrensa baggasjeplass.
Så eg seier ja takk begge deler. Eg vil ha bøker i bokhylla mi framleis, men eg gleder meg over å kunne få dei i mindre format og vekt.
Ekelöf har sagt mykje om at diktinga hans etterstrebar musikken si form, i dei same essaya. Det er ikkje han du tenker på?
Eg trur at språket kan ha ulike funksjonar, og at det kanskje er denne musikalske funksjonen som er med på å gjere lyrikken annleis enn kvardagsspråket. Det er i alle fall ein av faktorane. Men i mange tilfelle er jo det musikalske og lydlege i diktet med på å poengtere det innhaldsmessige. Dette er jo sjeldan to motsette storleikar, men snarare to storleikar som styrkar kvarandre. Sjå for eksempel på Rolf Jacobsen sitt dikt, "Jernbaneland". Her beskriver innhaldet det å bu ved jernbanen, samatidig som rytmen etterliknar toget sine lydar. Vi kan lese diktet og lytte til rytmen, og tenke på tog, utan å tenke på innhaldet. Også kan vi lese diktet og sjå på innhaldet og skjønne at dette diktet handlar jo om tog. Og det meiner eg er god diktning. Det same finn vi i Ekelöf sin "Böljesång", kor rytmen i diktet etterliknar lyden av bølgjer som skyllar fram og tilbake. Og ser vi til innhaldet så handlar det nettopp om bølgjer (og eget som ser ut over havet og tenker på evigheita).
Eg trur dette er med på å kjenneteikne god dikting. Det lydlege og formelle, som forsterkar innhaldet og gjer diktet til ei heilskapleg oppleving av eit tema, er for meg eit kvalitetsteikn.
I forlenginga av dette, må eg bare legge inn to gode sitat. Det første er frå Birgitte Steffen Nielsen si bok Den grå stemme om Tranströmer si diktning:
”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” Birgitte Steffen Nielsen
Det andre er frå min all-time-favorite-lyrikar Gunnar Ekelöf, henta frå eit av essaya hans, kor han reflekterer rundt eiga dikting (Ekelöf sine essay kan forøvrig leggast til på lista over tekstar som har behandla spørsmålet ditt godt).
All konst bör vara ren sinnesnjutning. All stor konst är det. Meningen, metafysiken hör inte till konsten. En dikt betyder ingenting, dess betydelse er fullständigt oväsentlig; alla tiders surrealismer är misslyckade i den mån de presenterar känslotankar i stället för färgar och former. Allt spekulativt skall bort ur konsten till förmån för den rena lungna sinnesnjutningen. (Vilket inte utesluter att en sak som föreställer något kan vara betydligt mycket vackrare än en sak som inte föreställer något; men meningen har inte någon som helst betydelse för konstvärkets skönhet.) (Skrifter, bind 8:591).
Vi har alltid Morgenbladet liggjande på do. Det varer som regel heile veka, når det ligg der og artiklane er spennande nok til at ein føler det er eit poeng å lese. Elles har eg lokalavisa, magasiner, interiørblader og IKEA-katalogen som eg ofte blar gjennom på do, litt avhengig av kor lenge eg har tenkt å bli sittande.
Eg jobbar jo som norsklærar og blir også ofte spurt om å anbefale bøker. I begge samanhenger er det heilt sikkert viktig å skilje mellom å finne ei bok som passar til den som spør og kva som er mi personlege favorittbok. Eg er for eksempel veldig glad i modernistisk lyrikk, og Gunnar Ekelöf er ein av mine store favorittar. Han skriv slike dikt som eg aldri blir ferdig med, noko som er med på å gjere at eg synest dette er gode tekstar. Eg vil likevel ikkje gi Ekelöf sin Mölna-Elegi til ein yrkesfagelev som spør kva han kan lese for å bli betre i norsk. Han vil kanskje få Doppler eller Skyskraperengler av meg. For meg vil anbefalingar vere mottakarorientert - kven er det som spør etter eit boktips. Men spør ein kva eg liker å lese, vil eg vere langt meir meg-orientert og subjektiv. For meg er det to ulike måtar å snakke om bøker på.
Ja, det var nokon som syntest dette med fuglane var for langdrygt.
Eg meiner at boka handlar om korleis mennekser øydelegg for seg sjølv, både på eit familiært nivå og på eit globalt nivå. Og dette med fuglane, som jo sjølvsagt er svært satt på spissen, er eit eksempel på korleis mennesker er med på å øydeleggje ting rundt seg. Samtidig kan dette trekkast til tittelen, fridom, korleis bruker vi den fridommen vi har - ovanfor andre mennesker og ovanfor jordkloden?
Eg las ho på engelsk (eg foretrekker å lese bøkene slik dei er skrivne, så sant eg beherskar språket). Eg hugser også at eg har diskutert boka, men ikkje med kven. Men det kan jo hende det var med deg :)
Blind toleranse og likegyldigheit er farleg, trur eg. Alle har rett til å ha si subjektive oppleving av kva som er estetisk. Men vi må passe oss for å ende opp i ei tenking kor det å akseptere at alle har ei subjektiv oppleving blir eit hinder for meiningsutveksling. Då vil vi ikkje kunne berike kvarandre med synspunkt og vi vil heller ikkje ha eit samspill kor vi utvikler kvarandre.