Dette stemmer godt med det inntrykket eg også satt igjen med. Han har ein agenda - og i intervju har han sagt at mykje av materialet var ferdig, då DaVinci-koden kom, og at det blei vanskeleg å gjere ferdig boka, etter DaVinci-koden. Men han har ikkje noko nytt å komme med, og sjølve historia blir bare liggjande "utanpå", utan å vere ein del av heilskapen. Det blei oppdelt og svakt, for min del.
Dette er ei bok eg heller ikkje blir ferdig med. Eg har lese ho mange gonger, og blir like gripen kvar gong. Eg synest ho seier mykje viktig om mennesket i vanskelege situasjonar, og ulike haldningar til livet. Viss ikkje K. hadde vore så sjølvrettferdig, ville prosessen fått eit anna utfall?
Som ein kuriositet til det du seier om at boka/prosessen eigentleg aldri slutta, så stemmer det. Kafka sine manus blei bare lesne av nære venner, då han levde, og dei var ikkje ferdigskrivne med tanke på utgiving. Då Kafka døydde, var det ein venn av han som sendte manusa inn til eit forlag. Så Kafka fekk aldri vite at han låg an til å skrive ei av århundrets beste bøker. I den eine utgåva eg har, er det nokre lause kapitler på slutten av boka, som forlaget ikkje fann ut kor passa inn. Så det er heilt riktig, det du skriv om at Prosessen aldri blir avslutta.
Det er sant. Eg las kanskje boka midt i ein raptus med tragiske kvinneskjebner, og var litt i ferd med å bli lei alle graviditetane og abortane. Det har prega mi oppleving av boka. Men eg trur kanskje eg skal lese ho ein gong til.
Ja, det var definitivt ei av fjorårets store lesaropplevingar! Det må du helse å seie. Eg tenker framleis på Mathea kvar gong eg køyrer over Tveita.
Ja, eg må innrømme at eg blei litt skuffa over boka, fordi tittelen var så mykje finare.
Etter ganske mykje research og litt prøvelesing, har eg landa på sony sin. Mest fordi han ikkje har baklys, og dermed er meir behageleg for auga, men også fordi han støtter ulike typer format og fordi skriftstorleiken er regulerbar.
Den siste boka eg las på grunn av at eg falt for tittelen var boka Jo fortere jeg går, jo mindre blir jeg av Kjersti Annesdotter Skomsvold. Det er ei herlig bok, med ein nydeleg tittel.
Elles er det ikkje ofte eg kjøper eller låner bøker på grunn av tittelen. Eg har ei lang liste bøker eg vil lese, som eg skriv opp etterkvart som eg les om dei. Og denne er eit større grad av orienteringspunkt enn titlar og forsider.
Av måneskinn gror det ingenting er ein av dei finaste titlane eg veit.
Takk for at du spurte. Skal vi vere flaue saman?
Nei, eg kjem ikkje til å slutte å kjøpe bøker i det heile tatt. Men eg har ein drøy busstur til og frå jobb kvar dag, så eg gleder meg til å ha lesestoff i eit litt meir praktisk format i veska mi. Eg har spart pengar til det, og skulle eigentleg kjøpe det i februar. Men så ville eg ha 6-tommers, som har vore utseld ganske lenge. Så nå kjøpte eg det som var 5-tommers i staden, og det var jo litt billegare, enn det som først var planlagt..
Eg kom visst i skade for å sprekke, sånn kjøpestoppmessig i dag. Eg stod i alt for lang reseptkø på apoteket, også var det ein Ark i nabobutikken, som hadde engelske pocket til 69...
Men det beste er at eg har bestilt lesebrett i dag! Så nå innbiller mannen seg at eg skal slutte å stappe huset fullt av bøker.
Det er visst forskjell på tre og metall og kor lange dei er. For meg har det aldri vore aktuelt å prøve å strikke i dei smale setene, uansett, så eg har ikkje fulgt så nøye med.
Takk for linker! I ein av desse trådane er dette med fleire utgåver som ulike "bøker" tatt opp:
André:
Jeg har også foretatt endel manuelle sammenkoblinger i vår egen database.
På Library Thing finnes det en "combine works"-knapp som lar brukerne ordne dette selv. Kan ikke finne noe slikt her, eller er det jeg som har misforstått noe?
André:
Vi har ikke dette, men skal få. :-)
Håper det kjem då, for det vil gjere det lettare å sjå om andre har sagt noko om same boka tidlegare, ikkje bare same utgåva
(Er det forresten lov å flire litt av at det blir starta ein ny tråd om å starte nye trådar om same emne, når det allereide er fire andre trådar om å starte nye trådar om same emnet..?)
Eg skjønte jo ikkje at "Si hva du mener om boka" starta ein ny tråd, før eg blei gjort oppmerksom på dette i den diskusjonen om forumet treng moderatorar eller ikkje, for nokre veker sidan.
Det går heilt fint. Eg skjønner poenget, og skal søke grundigare neste gong eg har lyst til å leggje ut noko eg har skrive om ei bok :)
Eg er med i eit håndarbeidsforum, og der kjem spørsmålet "Er det lov å ha strikkepinnar på fly?" frå alle nye medlem, når det nærmar seg ferie. Eg vel å le av det, men det er jo dei som irriterer seg over å måtte svare på det same om og om igjen. Og eg skjønner jo det.
Eg skjønner godt at det er irriterande å svare på same innlegg om og om igjen, eg forsøker bare å svare for korfor eg har gjort som eg har gjort.
Og når det gjeld forumoppdragelser er det å tilpasse seg ulike normer i ulike miljø ein grunnleggjande eigenskap, både IRL og på nett.
Ein ting som kanskje er litt ved sida av denne diskusjonen, men som likevel i høgaste grad er relevant er dette med ulike utgåver av bøker.
I går la eg inn ein del bøker eg ikkje hadde lagt inn og kopierte nokre omtaler frå bloggen min, omlag samtidig med at denne tråden dukka opp, så eg rekner med at "noen" er meg.
Ta for eksempel "The Sorrows of an American". Eg søkte på denne og fant ut at ho ikkje låg i boksamlinga mi. Eg la då til denne utgåva, som ikkje hadde nokre starta diskusjonar. Akkurat denne hugser eg at eg stussa på at ingen hadde sagt noko om, derfor kopierte eg eit innlegg frå bloggen min for å starte ein diskusjon.
Vidare ser eg innlegget til Karamella, som trekker fram akkurat denne boka og eg stusser litt. Etter litt grundigare søking, ser eg jo at det finst fleire utgåver og at eg for 1,5 år sidan skreiv bruddstykker av blogginnlegget eg har kopiert inn, på ein av dei andre utgåvene. Her er det fleire andre diskusjonar om boka, som er starta etter at eg skreiv det første innlegget (paradoksalt nok), som eg ikkje har lese, fordi eg trykka meg inn på ei "tom" utgåve. Eg ville nok ikkje ha starta ein ny tråd her, hadde eg funne disksjonen starta av Kjersti Johnsen då eg la til boka, ville eg nok ikkje ha starta ein ny tråd, men heller svart. Og eg kjem til å svare der nå, som eg har funne han.
Langt og kronglete skrive, men noko av forklaringa til at det blir starta nye diskusjonar om bøker som allereide er under diskusjon, kan vere at folk ser at det ikkje står noko under ei utgåve og då gløymer å sjekke dei fjorten andre formata og språka som boka blir diskutert under.
I så fall bør ein leggje litt godvilje til - eg synest ikkje det er lett å finne fram her i dette forumet, med alle dei ulike utgåvene av bøkene, i alle fall. Dersom ein ikkje har godvilje nok til å tåle dette, bør ein kanskje heller høyre med moderator om dei ulike diskusjonane om same bok, kan koplast til alle utgåvene av same boka. Då vil kanskje dei som irriterer seg over at det blir starta fleire trådar om same bok, få litt færre irritasjonsmomenter å kaste bort tida si på.
Eg har gjort det, og eg tar dette til etterretning. Som sagt, så skjønner eg at det er andre retningslinjer her enn på andre forum eg har vore borti. Men det er ikkje alltid like lett å gjette seg fram til slikt.
Eg registrerer også leste bøker, anten eg eig boka eller ikkje. Men om ein skal bruke bokelskere til å holde orden på boksamlinga, blir det jo forstyrrande med bøker som ikkje står i hylla, så eg ser at ein kan bruke registreringa på fleire måtar.
Viss det er slik folk flest tenker, så retter eg meg gjerne etter det :)
Min tanke då eg la ut desse omtalene, var at etter å ha bladd gjennom tidlegare trådar verka det ikkje som om dei passa inn der, så då lagde eg eigne innlegg. Dei tidlegare trådane verka litt "ferdige" på ein måte, og tenkte at det å trekke fram såpass gamle trådar er litt unødvendig. Det er jo bøkene som ikkje mister aktualiteten sin. Og det kjem fram, nettopp ved at det er stadig nye ting å seie om same boka, sjølv om det kanskje ikkje passar i den gamle tråden.
Vente, blinke la eg forøvrig i ein eksisterande tråd, fordi der passa det inn. Men det er ikkje alltid det kjennest som om det passar å skrive i veldig gamle trådar.
Eg har fått min "forumoppdragelse" i andre miljø, og der har eg lært at ein ikkje skal trekke opp gamle trådar. Dersom det er kutyme her, skal eg som sagt rette meg etter det.