Denne boka er tett innpå og detaljert. Her skrider alt rolig fram, og spenningen ligger i små detaljer; en serviett som legges over et uferdig måltid, en kommentar som faller eller en bevegelse som skaper undring. Ulset har et godt grep om teksten, og forvalter handlingen med varsom hånd. Det oppstår noe i meg når jeg leser, først og fremst en voldsom irritasjon ovenfor alle karakterene, og boka i sin helhet. Ikke vet jeg om det er intensjonen, men friksjonen mellom personene gjør at jeg misliker å lese boka. Jeg kjenner det buldrer av irritasjon i magen. Dette omhandler to ulike sider ved teksten. For det første oppfører Louise seg så inn i hampen dårlig at det terger meg til bristepunktet. Maken til drittkjerring. Uhøflig, sart og uten evne til å ta vare på en relasjon. Hun og mannen invaderer huset til en fremmed gammel dame, og belønner med sure kommentarer, stillhet, og et undrende utenfrablikk. Dette berører det andre nivået som irriterer meg og som går på kvaliteten på teksten: Jeg synes det til tider er en liten troverdig historie. Louise og Henrik framstår som utrolig nysgjerrige på landet rundt seg; de er på biltur for å oppleve, de går turer og utforsker, de suger til seg landskapet rundt. Når de da kommer inn i Almas hus, forsvinner denne nysgjerrigheten som dugg for solen. De har lyst til å bo hos den gamle damen, men oppfører seg hele tiden som om de har blitt tvunget inn i en relasjon til et vanskelig menneske. Jeg tror ikke noe på det. Jeg tror helt dypt menneskelig ville begge parter ha forsøkt å ta vare på relasjonen i et såpass spesielt møte. Med å rekke ut en hånd, stille et spørsmål, ta hensyn. Så kunne selvsagt situasjoner med klønete stillhet oppstå, en sur kommentar falle, en serviett lagt diskret over en uspist middag skje.
Jeg har skrevet mer om boka her: http://knirk.wordpress.com/2011/06/15/biltur-mari-ulset/
Det er jo fleire teoriar rundt dette. Det som er interessant med Helland si tolkning, er jo det at Osvald sin sjukdom sannsynlegvis ikkje ville ha komme så langt, viss han var smitta av utsvevande liv i voksen alder. Det at Fru Alving ikkje er smitta, er jo eit logisk brist, med tanke den tradisjonelle tolkinga. Og i og med at Ibsen var apotekar, er det jo rimeleg grunn til å anta at han hadde nok medisinske kunnskap til å sjå dette. Men det er jo på dette premisset lesinga står og faller.
Ja, eller Jon Fosse, som i Morgon og kveld skriv 14 sider utan punktum. Der fungerer det! Men det er noko med det at ein må kjenne reglane for å tøye dei. Då kan det få ein veldig god effekt. Men der det ikkje fungerer og ikkje ser ut som eit bevisst brukt verkemiddel er det irriterande.
Der skulle det vore kolon, ikkje semikolon. Og det er nok den mest vanlege feilbruken. Eg bruker ofte korrekturavdelingen, for å sjekke teiknettingsreglar, når eg må slå opp. Her kan du lese om semikolon.
Jo, det er to tilfeller semikolon høyrer heime. Ved oppramsing, og ved to heilsetningar som heng saman. Det å bytte ut med komma, for eksempel mellom heilsetning og leddsetning er det mange som gjer, og det irriterer meg. Og som Jenni Canard seier under, mange bruker det også som kolon. Og det er langt nærare punktumet enn kolonet i bruk.
"Han studerte de indiske passasjerene - mennesker han neppe ville se igjen etter de nærmeste timene - mer fryktsomt enn han hadde studert tamilene og andre indere i Berlin." Er dette feil eller riktig bruk av tankestrek?
Det er brukbar bruk av tankestrek, men det kunne like gjerne vore komma. Det kan vere veldig effektfullt å bruke tankestrek ved innskutt leddsetning, men mange gjer det for ofte. Og då mister det litt av effekta.
Det er veldig sjeldan ein gjer feil, om ein kuttar det ut, så det er ingen dum ide, det altså.
Litt ved sida av språk i bøker, men eg merker at eg er allergisk mot punktum i overskrifter også.
Nå må du roe ned og slutte å leite etter spøkelser, frøken!
Eg prøvde å gi uttrykk for at eg er sterkare i norsk enn engelsk. Verken meir eller mindre.
Jo, Pan fortener absolutt eit rituale! Eg ser den også manglar på mi liste... (Ja, det er vanskeleg, men morsomt å sjå kva folk svarar).
Eg har lese bøkene på engelsk, også har eg lese utdrag på norsk i ettertid. Eg opplever det Ingrid beskriv som meir påtrengande i dei norske oversettingane enn i dei engelske utgåvene, men det er heilt sikkert eit uttrykk for mi språklege kompetanse.
Både Århundrets kjærlighetsaga og Mrs. Dalloway står høgt hos meg også.
Det ville vore morsomt å høyre litt meir om favorittane til folk.
Kan vi ikkje leggje inn topp-fem lista vår, i denne tråden? Kanskje vi kan få gode lesetips får kvarandre.
(Dette treng ikkje vere ein rein listetråd, kom gjerne med kommentarar og innspel til bøkene også).
Mi topp-fem liste er (i tilfeldig rekkefølgje):
Siri Hustvedt: What I loved Jon Fosse: Morgon og kveld Haruki Murakami: Trekkoppfuglen Cora Sandel: Kranes Konditori Simon Stranger: Mnem
Det er eit veldig godt poeng!
Eg ser heller ikkje på det som ei skam å gi opp ei bok, dersom eg ikkje liker ho likevel. Det kostar også mindre, dersom eg har lånt boka på biblioteket. Eg brukar stadig sjeldnare tid på å lese ferdig bøker som ikkje innfrir, etter kanskje ein fjerdedel av boka.
Kommabruken synest eg ofte er sviktande, i fleire bøker. Eg ser mange har ein tendens til å bruke semikolon og tankestrek for komma. Dette er noko eg misliker på det sterkaste! Semikolon og tankestrek har sin funksjon, men dei skal ikkje erstatte kommaet.
Ja, av og til lurer eg på om forlaga veit kva dei gjer når dei ikkje bruker pengar på korrekturlesing! Eg har nett lese Innsirkling 2 av Tiller, og her er det mykje språktøys som kunne vore luka bort ved ein språkvask eller litt korrekturlesing. For eksempel hengde eg meg veldig opp i at han bruker valfrie former om ein annan, og særleg med og utan j i j-verb. Kan hende eg er miljøskada som merkar slikt, men eg merkar det... Boka er jo elles så god, så eg synest det er synd at dei ikkje har tatt denne biten meir på alvor.
Ein annan ting er oversettelsar. Bienes hemmelige liv måtte eg bare legge bort, fordi eg blei så irritert over at eg kunne sjå dei engelske uttrykka bak den norske oversettinga. Det same gjeld Nåde av Toni Morrison, som eg skal lese, men må få tak i på engelsk. Ei oversetting må vere overbevisande.
Eg lar meg ofte gripe av godt språk. Det kan vere god bruk av språklege bilete eller spennande bruk av lydar som gjer at eg blir ekstra fascinert over språket. Når eg lar meg fascinere av språket, opplever eg at språket gir boka ein ekstra dimensjon.
Det verkeleg gode språket for meg, er det språket som blir sanseleg, det gjer at eg kan ta og kjenne og lukte på ting som blir skildra i boka. Dette var for eksempel tilfelle i Aina Basso sin roman Ingen må vite. Det er også tilfelle i Cora Sandel sin roman, Kranes Konditori og i Aravind Adiga sine noveller.
Men det heng jo saman i ein heilskap, språk, forteljarmåtar og handling, truverdigheit og alt, er med på å bestemme den totale opplevinga.
Eg les mange anmeldelsar, og forsøker å bite meg merke i kven som er einige med meg og ikkje, om bøkene. Det er som du seier, alle liker ikkje same boka og ei kvar bok er unik. Men har likevel ei mental liste, både over avisanmeldarar og bokbloggarar som er på linje med meg i smak. Og dei lyttar eg kanskje meir til, når eg skal ut og kjøpe bøker, enn dei som sjeldan er på linje med meg i smak.
Eg trur det er viktig å vere kritisk, og bevisst sitt eige perspektiv, når ein les kva andre skriv om bøker.
Ja, det med fokus er eg einig i. Derfor er det litt vanskeleg å leseplanlegge. Likevel liker eg å lage lister og tenke på kva eg skal lese.
Ja, der er det mykje godt stoff!
Den analysa til Frode Helland (ja, les ferdig først! og gjer deg opp di eiga meining), er veldig god og annleis enn dei "klassiske" skolerte tolkningane av dramaet - det er det som gjer ho spesielt interessant.
Eg ser at eg kanskje tippa over i det usaklege i innlegget over, og eg beklager dette. Men eg sitter med same kjensla som deg - nemleg at du ikkje er villig til å forstå kva eg forsøker å seie. Eg gjentek meg sjølv, og opplever at eg får økseskaft-svar tilbake. Det kan hende vi snakkar forbi kvarandre.
Eg skjønner framleis ikkje kor du vil. Og eg skjønner heller ikkje kva det er eg har gjort deg, som opprører deg slik. Eg kjenner meg ikkje igjen i dei beskrivelsane du kjem med.
Jo - det å gjere seg forstått er essensielt i kommunikasjon. Men det å legge litt godvilje til for å forsøke å forstå er minst like viktig. Eg opplever at det siste manglar i denne diskusjonen.
For meg er det ikkje snakk om å oppretthalde forskjellar. Det er ikkje eit mål i seg sjølv. Eg skulle bare ønske det var litt takhøgde for å godta at folk har ulike interesser og ulike syn på bøker! Som eg har sagt til deg tidlegare - eg er ikkje her for å krangle. Og eg orkar ikkje øydeleggje helga med å gå vidare med denne diskusjonen.