Eg kan anbefale ei bok av Hemingway og det er Edens Have. I den vert ein kasta inn i eit skikkeleg trekantdrama, og slanger i paradis er alltid aktuelt ;)

Kjenner ikkje til så mange av novellene hans, men ei av dei hugsar eg svært godt: "hills like white elephants". Den skulle eg analysere på vidaregåande og skjønte ikkje bæret av den, men så kjente eg ein gamal, britisk litteraturprofessor som for lengst hadde gått av med pensjon, og ho stillte gjerne opp med forklaringar og moglege tolkningar i både bøtter og spann. Eg trur ho satt i 3 timar og fortalte om denne teksten, noko som verkeleg vekka ein analytisk interesse hos meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig. Bringsværd gjev nytt og friskt liv til den gamle gudstrua, utan å bevege seg for langt unna "orginalene". Bøkene sine illustrasjonar er fantastisk! Og sårleg bileta i "Loke" fall i smak. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, lesesperre det er ikkje artig! Hadde det sjølv for nokre veker sidan, fordi sommaran gav meg så mykje fridom, og eg ikkje klarte å bestemme meg for kvar eg skulle byrje på boktårnet mitt - løysinga for meg var å lese korte romanar og noveller =)

Eg har vore gjennom bokhylla di, og må innrømme at eg er usikker på kva eg skal anbefale. Men kanskje du kan prøve deg på Erlend Loe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vel unt :D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for at du spurte om den,den hørtes kjempespennende ut!Må leses :D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Husbonden kunne ligge med den han ville, når han ville. På den måten krydde det av hans uekte barn rundt omkring. Det finnes distrikter der så og si alle har samme etternavnet. En av forfedrene mine la seg på kne og bad til Gud, etter hver voldtekt. "Herre. Jeg driver ei hor av last eller lyst, men for å få barn som for deg gjør en dyst."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølv leser eg svært mykje, men har ikkje snøring på politikk. Likevel har eg oppfatta meg sjølv som antisosialist. Men før valget i fjor tok eg ein test for å sjå kvar eg sjølv sto på det politiske kompasset. Resultatet plasserte meg overraskande nok ved sidan av Dalai Lama, nede til venstre. Eg er altså ein litt sosialistisk libertarian.

Om dette er fordi eg leser, eller fordi eg er imot dødsstaff og eittpartistat, og for abort og homofili, er endå uvisst ;)

Kjelder: http://www.politicalcompass.org/test

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då kan eg anbefale "Måkespisere". Det er eit skodespel som eg fann svært underhaldande, men måtte lese det to gongar, skjønte ikkje så mykje den første gongen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har eg lese gjennom teksten 3 gongar. Første gongen synes eg den var litt svulstig, andre gongen litt for intens, men tredje gongen synes eg teksten var ganske fin.

Værsågod for "konstruktiv kritikk".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig, eg leser boka no og skulle akkurat til å poste dette sitatet, sidan det var svært så treffande, men ser at du Sidsel kom meg litt i forkjøpet =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg og høyrte den på lydbok no nyleg, og irriterte meg også over opplesaren, men eg synes han var lite engasjerande så det tidvis vart vanskeleg å konsentrere seg om handlinga. Men mogleg eg også var litt metta av Paasilinna sidan eg las Harens år rett før denne...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja eg kan i alle fall anbefale "Døden i ishuset", "Kjerringbissel" og "Acid Row" av Minette Walters, "Nattmenneske", "Døde menn går i land" og "De dødes tjern" av Andre Bjerke, "Døde menn går på ski" og "De dødes båt" av Knut Nærum, og "Jernvognen" av Stein Riverton.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt enklare quiz i dag =)

1: Cormac McCarthy

5: ? Nordbrandt

6: Thomas Mann - Doktor Faustus

8: Berg

9: Virginia Woolf

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hehe, men sjølv om det er tilfredsstillande er det også litt skummelt kor bunden ein kan bli. I dei siste månadane har eg alltid sjekka bokelskere.no, før nokre av dei andre nettsidene eg følgjer som t.d. facebook og blogg.

At det er mange bøker der ute eg også har lyst å lese er eit faktum, men eg prøver å unngå å legge dei i "skal lese" lista mi, fordi eg meiner det vert å jukse ;) (anar vi nokre tvangstankar?)

Eg må forresten få rose deg litt for bloggen din Tone! Var innom den her om dagen og den var svært så gjennomført! =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einaste "problemet" med bokelskarar, er at den tar opp ein del tid. Eg skulle tru at eg nyttar i alle fall 1 time kvar dag på å lese nye innlegg, oppdatere, skrive litt sjølv osv... Men det er jo kjekt dette også, så vert kanskje feil å kalle det eit problem.

Ja, kverulering er ein edel kunst. Sjølv er eg svært glad i å sette ting på spissen, og du har rett i at nye tankar fort kan dukke opp på den måten ;)

Umberto Eco i innbunden form... Ja han får nok ikkje den respekten frå meg ;) Han har eg nemleg lasta ned i pdf format. Eg må ærleg innrømme at omlag 60 prosent av alle bøkene eg les er e-bøker, 35 prosent er lydbøker og berre dei resterande 5 prosenta, er bøker i bok format. Synd i grunn, for eg elskar lukta av bøker.

Eg har ikkje lese anna av Solstad enn Irr! Grønn! og novella "Moskva", ja også har eg sett filmen om Gymnaslærar Pedersen, og eg er ikkje i nærleiken av å anbefale han! Eg veit ikkje kva det er eg missliker med han, men uansett kor mykje vent eg høyrer om han, og kor fantastisk folk seier han skriver, klarer eg ikkje heilt å like han.

Irr! Grønn! handlar om menneska sin søknad etter identitet, og sin plass i samfunnet. Boka var vel heilt grei, men eg synes Loe gjer det same mykje betre i Naiv. Super. Han setter på ein måte ting litt meir "på spissen"

Berre hyggeleg å kunne hjelpe med tips, og sjølv takk =). Nb.no er endå ikkje heilt der det burde vere, men på god veg til å bli ganske bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig Anja, denne nettsida er utruleg inspirerande på fleire måtar. For det første motiverar den meg til å lese meir bøker, sidan eg synes det er svært artig å kunne kryssa av "har lest" når eg er ferdig med ei bok. Det er ei av dei små gledene i kvardagen som gjer den hakket meir morosam ;)

Vidare synes eg det er utrulig interessant å kunne diskutere bøker med andre bokelskere. Få anbefalingar, gi anbefalingar tilbake, oppdage nye sider med bøker ein har lese, ja også i ny og ne krangle litt med håplause kverulantar.

Eg har også byrja å bli meir merksam på setningar, sidan eg stadig vekk er på utkikk etter nye gode sitater eg kan kople til bøkene eg les.

Også eg har fått svært mange gode anbefalingar frå andre bokelskarar. Fosse og Paasilinna, som du var inne på, er blant desse, ja også nemnte jo du Umberto Eco her om dagen, som eg så smått har byrja på no, ikkje dum han.

Det er også fleire genrer som har åpna seg for meg på ein ny måte. Skodespel og lyrikk, var to genrer eg ikkje hadde vore så mykje borti før, men som eg no lese til stadighet.

Eg har også fått eit nytt syn på grafiske romanar, og funne ut at teikna litteratur er meir enn Pondus og Nemi (sjølv om eg er glad i desse og). Sandman, Bone og Preacher er tre av dei mest fengjande seriane eg har vore bort i, og desse hadde eg nok ikkje oppdaga utan denne nettsida.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne boka er bare helt fantastisk!! Klarte ikke å legge den fra meg :) Er godt i gang med bok to, og håper den lever opp til forventningene mine.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

trur svaret i 6 er Marguerit Duras "Moderato cantabile", meiner i alle fall at det var ein unge som lærte å spelte piano der...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja ein kan fort byrje å samanlikne forfattarane med hovudpersonane om ein hengjer seg for mykje opp i forffatarbileta. Sjølv ser eg for meg Dan Browns "helt" Robert Langdon som eit speilbilete av forfattaren, og det same gjelder Mrs Marple og Agatha Christie.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

You get stressed and you say asshole or c''ksucker or motherf''ker, and they're ALL just WORDS. The world dosen't end when they're uttered aloud. But you feel a tiny, tiny bit better, if only because you know that saying those words is the one freedom you'll always have.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

IngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré Nesse