Oi, det la eg ikkje merke til =)
Først må eg berre få innrømme at eg tenkjer svært lite gjennom kva språk eg leser bøker på, og sidan mesteparten av det eg leser er e-bøker (eller lydbøker), må eg ofte ta til takke med det eg klarar å skaffe. Eg leser norsk på nb.no, og eg har skaffa meg ein god del (ca 30 000) engelske e-bøker i pdf format.
Lat oss kikke litt på den påstanden som vi svirrar rundt i denne tråden: om bøker oversatt frå eit "framandt" språk til norsk, vert dårlegare. Personleg trur eg at du har rett i at det er eit snev av snobberi, når folk hevdar at bøker er best på originalspråket, dei fleste omsettingane eg har lese har eg vore nøgd med, det er naturlegvis nokre unntak, spessielt i fantasy genren (t.d. Stephen Kings "dark tower" serie).
Eg kan nemne eit par dømer på bøker eg synes er godt oversatt, og som eg føler eg har grunnlag for å uttale meg om sidan eg har lese dei på både norsk og engelsk.
Harry Potter - eg veit at ein del irriterar seg over namnendringar, men eg synes ikkje boka vert svakare om ein kallar t.d. Dumbledore for Humlesnurr, snarare tvert imot, eg synes det er svært spenstigt og ikkje minst pedagogisk av oversetjaren, Torstein Bugge Høverstad, å gjere slike endringar. Eg synes også at Tolkien sine verker er godt oversatt, og Andre Bjerke har gjort ein fantastisk jobb med å omsetje Shakespeare til norsk.
Eg må også få seie at nynorsk er det skriftspråket eg setter høgast. Kosar meg verkeleg med Kristine Tofte si bok, Song for Eirabu, nett no. =)
Kva med Ragdes trilogi: Berlinerpoplene, Eremittkrepsene og Ligge i grønne enger. Ein av hovudpersonane i desse bøkene lever i eit samliv med ein annan mann.
Jeg stemmer for Italia. Latin brukes da enda rundt om i verden,ikke som førstespråk riktig nok men.
Helt klart :)
Tja.. Eg er enig i det du skriver om at Tolkien sine verker er varmare på norsk enn på engelsk, og eg synes dette gjelder Hobbiten i størst grad. Særleg den første omsettinga har noko gamalmodige og traust/koselege over seg, som eg saknar på engelsk.
Men eg klarer ikkje heilt å relatere til denne vikingskammen. Eg trur kanskje eg har fått vikingtida romantisert gjennom hyppig lesing av forfattarar som Vera Hennriksen.
Eg er dessutan meir tilbøyeleg til å vere enig med historikaren Tacitus, som skildrar dei nordbuande folkegruppene som "edle barbarer", og som ein motpol til romersk dekadens.
Eg er langt ifrå nokon patriot, berre "litt" over gjennomsnittleg interessert i vår forhistorie, og fotball finner eg svært lite fengjande. Likevel ser eg på vikingtida, med eit blikk som bugner av paradislengsel (alt var jo betre før).
Eg har nyleg lese tre bøker av Paasilinna. Harens År, Kollektivt Selvmord og "Den Senile Landmåleren". Eg synes Paasilinna skriver ganske bra, og han er tidvis utruleg morosam, men etter å ha lese 3 bøker av han vart eg farleg metta, for det er jo ein del trekk som... tja.. om dei ikkje går igjen, så liknar dei i alle fall svært på kvarandre.
Eg las Harens år på svensk, og synes det gjekk bra (eg har store mengder pensum på svensk, så likar å "øve meg" på svensk lesing ;) ). Om eg hadde fått eit anna eller betre inntrykk av Harens år om eg hadde lese den på norsk, veit eg ikkje.
Forøvrig synes eg dette var den beste av dei bøkene eg las av Paasilinna - "likskjendinga" var hysterisk morosam =)
De kan sjølvsagt få lov til anbefale denne boka til meg, herr Røkkum. =) Og eg burde vel lese den igjen, sidan eg berre hugsar den svakt.
Kva meir ein kan ønske seg? Vel eg er glad i både "sildrande språk" og "fine betraktninger", men ulukkeleg kjærleik, kan eg klare meg utan. Eller kanskje ikkje? For det er vel desse forteljingane om slik elende, som best klarar å tvinge frem sympati frå meg, sjølv om eg også tidvis irriterar meg over det.
Eg las nyleg "Wuthering Heights" av Emily Brönte, og har i den siste tida arbeida med ein omfattande analyse (sommaren er alt for lang =p ), så er ganske så metta på ulukkeleg kjærleik. Men du har jo eit poeng i at det kunne vore interessant å gjere seg opp ei ny vurdering.
Og endå meir interessant kan det bli dersom eg setter Victoria opp mot Pan, og ser etter likskap - eg likte Pan =)
Då er vi enige om at Boktyven er bra saker!
Eg laug faktisk litt i forrige melding, då eg skreiv at Boktyven var sommarens høgdepunkt, for sjølv om den står høgt oppe, var det eit "litterært verk" som verkeleg trollband meg, og det var den grafiske romanserien Preacher!
Hehe, kan eg få lov å spørre kva for nokre bøker du har lese over fleire år? I mitt tilfelle gjelder dette stort sett diktsamlingar, sjølv om eg sleit kraftig, og i long tid, første gongen eg las "Divina Commedia" og "Don Quijote".
Enig, ulike sjangerar er essensielt når ein leser fleire bøker samstundes. =)
Det er kjekt når ein klarer å plukke ut dei riktige bøkene =) og når ein er medlem av bokelskere får ein vel stort sett perlene servert på sølvfatt! Er så utrulig mange bøker som freistar etter litt snusing i andre sine boksamlingar =)
Evig kjærleik (til bøker) har også eg stor tru på, men eg er alt for ung til å kunne klare å skilje mellom ei hyppig romanse og livslong elskov. =)
Boktyven kan eg verkeleg anbefale, sjølv om eg ser at det er litt blanda meiningar om denne boka her inne. Betty Smith har eg ikkje lese noko av, men eg trur eg såg ein gamal film som var basert på den boka du nemner, A tree grows in Brooklyn.
Simultanlesing er ein dyd =) og eg er også svært glad i lukta av nedstøva bøker!
3 lydbøker går greit. Eg veljer som regel bøker frå ulike sjangrar, og høyrer ofte bøker på engelsk, og tidvis svensk.
Å ja, det er så kjekt når ein finner ei slik bok ein berre kan synke inn i. Det går som regel lenge mellom kvar gong, men no i forgårs hadde eg ein slik "forelskelse". Eg las nemleg Boktyven av Zusak og den klarte eg ikkje å legge i frå meg, før den var ferdiglesen, ei fantastisk bok og truleg sommarens høgdepunkt =)
Ja krim er farleg å blande, eg las for ikkje så lenge sidan "Steinhuggeren" av Läckberg og "Gutten i kofferten" av Kaaberbøl, samstundes, og det vart det berre rot av. Vanskeleg å prøve å fange opp alle prolepsene, og forutsjå fleire utfall/løsninger på same tid. Men når eg tenker meg om var kanskje Kaaberbøl si bok litt rotete i utgangspunktet...
Eg leser rundt 10 bøker no for tida, og har 3 mp3 spelarar med ulike lydbøker. Litt av kvart frå ulike sjangrar, alt etter humør og sinnelag.
Det er skjeldant eg fullfører ei bok før eg har starta på eit par nye, men eg brukar stort sett å få lese alt eg har byrja på, sjølv om det kan gå fleire månadar før eg gjenoppdagar ei bok eg er halveis ferdig med.
Eg er utstyrt med ein svært god "litterær" hukommelse, men dette omfattar diverre ikkje pensum... Jaja eg kan ikkje klage =)
Eg har merka meg at krimbøker vert fullført raskare enn bøker frå andre sjangrar.
Det er eg heilt enig med deg i, bøker er noko av det flottaste ein kan dekorere heimen sin med, men då fortjenar dei å bli opna og bladd i ein gong i blant, og ikkje spinne ut i gløyma.
Ja, kjenner du til forskjellen ;) ??
Mogleg eg overdreiv litt der, sjølv om det stadig vekk hender at bøkene mine vert misshandla av den vesle tosken - akkurat som eigaren sin setter han bøker høgare enn til dømes sko.
Men nye og velbrukte bøker er ein fin ting =)
Ja dette er den første boka i Joe Abercrombie sin trilogi, "the first law". Eg har akkurat byrja på boka sjølv og den verkar svært lovande =)
Dette er første bok i en serie - eller?
Fordi jeg liker ungdomsbøker med samme tematikk og håper serien blir bedre etterhvert.
Rett og slett nydelig. Det var nesten så jeg fikk tårer i øynene når jeg leste den. En søt og sjarmerende bok som glir rett inn i hjertet!
Eg likar at bøker ser brukt ut, og for meg er det ikkje ei større skam enn å ha ei bokhylle full av bøker, som ser uleste ut (har ei gamal tante som kjøper bøker for å nytte dei som pynt - fysj!).
På den andre sida synes eg det er kjekkast å kjøpe bøkene nye frå butikken. Problemet då er korleis eg skal få frem den litt fillete og rufsete "looken", eg setter slik pris på.
Eg brukar derfor å ta med meg ein del bøker i veska ("manbagen") min, og lar dei ligge fritt der ilag med alt skrotet eg likar å drasse rundt på, resultatet vert stort sett svært bra. Om eg ikkje er heilt nøgd, lar eg hundene min, Karsten, tygge litt på permen.
Bøker eg kjøper med paperback, er sjølvsagt eit unntak frå denne regelen..