Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.
[Luk 20,25]
VI.12.IX Psykologi for alle pengene. Den galopperende troika. Slutten på statsadvokatens tale.
Nå gjer statsadvokaten seg ferdig. Vi ser at (nesten) alt som skjedde før rettssaka, nå blir gjennomgått som ei rettssak, med aktorat og forsvar, ein prosess om livet og døden, om straff og skyld. Interessant er at statsadvokaten har kjennskap til Shakespeare og Hamlets monolog om å vere (dvs. leve) eller ikkje vere (dvs. døy). «Nei, ærede jury», legg han til, «andre får bare ha sine Hamleter, vi russere har nok med våre Karamasover!»
Eg ser forresten at ei dramatisering av romanen, Brødrene Karamasov, for tida går på Trøndelag Teater, og at Dostojevskij skal diskuterast på Litteraturhuset i hovudstaden. Det gror etter kommentarane våre.
C'est au moment du malheur qu'on s'habitue à la vérité, c'est-à-dire au silence.
... og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, ...
[Luk 19,44]
Dette sitatet har gitt tittel til ei viktig bok om overgrepa mot urinnvånarane i Sør-Amerika.
Dersom dei teier, skal steinane ropa.
[Luk 19,40]
VI.12.VIII En avhandling om Smerdjakov
Eit litt anna perspektiv enn før: Sjå kor elegant Dostojevskij framstiller ein statsadvokats innlegg, ikkje minst ved hjelp av retoriske spørsmål, for å få retten med på angrepet på Mitja! Han trekker fram autoritetar («våre største psykiatere»), og ikkje minst stiller han retoriske spørsmål. Statsadvokaten held ei oppvising i retoriske appellformer, ikkje noko mindre. Men held det?
«Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
[Luk 18,22-23]
Der åtselet er, vil gribbane samlast.
[Luk 17,37]
Eg er ferdig med fyrste delen, som begynte med funnet av den fyrste, daude rotta og slutta med meldinga "Déclarez l'état de peste. Fermez la ville." Spenninga stig! Det var interessant å sjå det som nok heilt klart er ein allusjon til L'étranger, slik det står i eit tidlegare innlegg her: "Il s'agissait d'un jeune employé de commerce qui avait tué un Arabe sur une plage".
Forholdet mellom Rieux og Richard er interessant (under konferansen):
La formule m'est indifférente, dit Rieux. Disons seulement que nous ne devons pas agir comme si la moitié de la ville ne risquait pas
d'être tuée, car alors elle le serait.
I andre samanhengar er jo concitoyens hankjønn fleirtal og dekker begge kjønna, "medborgarar". Når det er snakk om kvinner og ingen menn, er forma hokjønn fleirtal: concitoyennes. Men det er nok karane som er dei handlande her; eksemplet ditt viser at concitoyens er einstydande med dei mannlege innbyggarane i byen.
Jon Fosse står i spissen for eit prosjekt som går ut på å omsetje klassikarane i verdslitteraturen til nynorsk
VI.12.VII Historisk overblikk
Ikkje så mykje konkret her. Vi får repetert Mitjas forhold til Grusjenka og rivaliseringa med faren; begge vart gripne «av den mest fortærende karamasovske lidenskap». Også festinga på vertshusa og familiemøtet i klosteret blir trekte fram av statsadvokaten, i tillegg til «Mitjas anstrengelser for å skaffe seg penger», før Ippolit Kirillovitsj begynner å snakke om Smerdjakov (i neste kapittel).
Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
[Luk 16,13]
Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.
[Luk 16,10]
Eg skulle til å sette opp oversikt over personane, men det var altså alt gjort! Fin! Også eg beit meg merke i at forteljaren lèt Tarrou karakterisere Rieux for oss - lurt grep.
Den triste skildringa av byen og omgivnadene blir utdjupa: "La mer elle-même avait perdu son bleu profond et, sous le ciel brumeux, elle prenait des éclats d'argent ou de fer, douloureux pour la vue."
Slik vi før gjekk frå den fyrste rotta til det fyrste dødsfallet, går vi nå til neste steg, kjensgjerninga: «Il semble bien que ce soit la peste.» Og så blir ordet peste uttalt for fyrste gong.
Litteraturen er full av allegoriar som La peste; badeanstalten i En folkefiende er vel den som ligg næmast for oss, saman med bøker av Vesaas og Duun.
VI.12.VI Statsadvokatens tale. Karakteristikk
Etter forhøyra av Ivan, Aljosja og Katerina Ivanovna er det tid for eit langt innlegg frå statsadvokaten. Litt rart at han «betraktet denne talen som sitt livs chef-d'œuvre, som sin svanesang»; hovudverk og svanesong er da på ingen måte synonym! Som representant for det beståande samfunnet er det naturleg for han å kritisere trekk i tida som uttrykk for «at våre moralske prinsipper er i ferd med å rokkes i sine grunnvoller, eller at vi kanskje ikke har noen moralske grunnprinsipper i det hele tatt?». Som å høyre Cicero rase mot Catilina, dette: «O tempora, o mores!» …
Statsadvokaten siterer «en av våre største forfattere», som i hovudverket sitt «sammenligner Russland med en troika som jager av sted mot et ukjent mål». Denne forfattaren, er eg ganske sikker på, er Gogol, og verket er Мертвые души, «Daude sjeler».
Han siterer Ivan, som har sagt til Smerdjakov det han hevda tidleg i forteljinga, at «alt er tillatt». Ivan liknar mest av alle sønene på faren, seier han, og Aljosja er sjølve motsetninga av Ivan. Interessant er at han seier «jeg vil også forsvare tiltalte! Jeg er nok anklager, men jeg er vil også være forsvarer».
Ein mann hadde to søner. Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ Så braut han opp og gjekk heim til far sin.
Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’
[Luk 15,11-32]
VI.12.V En plutselig katastrofe
Nå er det Ivan, som er kommen til hektene att. Litt, i alle fall: «Jeg føler meg helt elendig.» Ivan, ved sin «fulle, onde forstand», seier at Smerdjakov var mordaren. OG han ber om vatn, ironisk nok «for Kristi skyld». Om seg sjølv seier han «jeg er ikke sinnsyk, bare morder», ei påminning om at vi alle er skyldige? Han snakkar om djevelen han hadde besøk av – og eg, som nettopp har lytta til Åse-Marie Nesses gjendikting av Faust, da! Djevelen, held han fram, «er nok til stede i salen her», ja, visst er han det!
Katerina Ivanovna skrik ut at det er Mitja som er mordaren og viser fram brevet frå denne Karamasovbroren, der det står: «Jeg skal slå ham i hel, så fort Ivan er reist.» Skyldmotivet blir forsterka når ho siterer Ivan: «hvis det er Smerdjakov som er morderen (…), så er vel jeg også skyldig».
Takk for presisering. Du har heilt rett.