Er det nokon som har oversyn over romanar som er omsette til nynorsk? I farten kjem eg berre på bøkene til Gavalda og Ferrante. Men det må da finnast mange fleire. Når det gjeld dei norske forfattarane som skriv på nynorsk, trur eg nok at eg har oversynet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Har startet på Edvard Hoems første bok i utvandringssagaen hans, "Slåttekar i himmelen" nå i helgen. Disse bøkene er på nynorsk. Men de er vel ikke oversatt, de er originalt på nynorsk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Riktig! Dette er bøker som står på lista mi over dei eg skal lese. Det aller beste er at desse bøkene også finst som lydbøker. Herleg å høyre på!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hunden fra Baskerville finnes i en nynorsk versjon. Oversatt av Ragnar Hovland.
Det finnes også en nynorsk versjon av Ringenes Herre: Ringdrotten. Oversatt av Eilev Groven Myhren.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jon Fosse står i spissen for eit prosjekt som går ut på å omsetje klassikarane i verdslitteraturen til nynorsk

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Her trur eg mange må hjelpe til om du skal få fullgodt svar. Tidlegare Fonna forlag gav ut ein del omsettingar, t.d. Tolstoy: Krig og fred, men óg ikke-romanar som Holbergs morosame Reiser i nynorsk språkdrakt. I nyare tid har Bokvennen forlag utgjeve ein estisk roman av Aino Kallas: Gjennom el og vatn omsatt av Liv Hatle 2009. Elles har Turid Farbrigd omsatt særleg finsk litteratur til både nynorsk og bokmål. OK, det var ei byrjing.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg gjekk nett gjennom nettsidene til Samlaget. Bortsett frå dei to mestseljande forfattarane (Gavalda og Ferrante) fann eg romanar av to amerikanarar (Seebold og Fox). Eg synest det er fint når populære bøker blir omsett til nynorsk i staden for til bokmål. Aller finast er det når desse bøkene finst som lydbøker (fin språkleg klang) Det artige er at mange som trur at det er så tungt å lese nynorsk, lokkast til å kjøpe bøker av di dei er populære. Så snart dei vert gripne av innhaldet i boka, gløymer dei heilt at det er nynorsk dei les.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud