Ei ordbok for dagleglivets behov - og faktisk litt over! Den mest tiltalande grafiske utforminga av ordbøker på dette nivået, og utruleg lett å ta seg fram i. Fyldig og oversiktleg oppslagsdel midt i boka pluss insstruktive teikningar. Eg meiner at denne versjonen er den mest pedagogiske på marknaden. Seinare utgåver har sikkert retta opp bommerten med tekst på fransk ved enkelte teikningar ...
Klar og tydeleg!
Skal ein fyrst gi ut ei bok med former av greske verb, kan ein godt ta med fleire enn det som marinoni gjer her. Og eg betaler gjerne nokre kroner meir for fleire sider. Kva med ei verbbok slik Barron's har for latin og mange moderne språk?
"Bibelen" og "Tusen og éi natt".
Denne greske ordboka inneheld mykje, men lyt supplerast med andre verk når det gjeld enkelte sider ved gresk litterartur (som Pindaros). Og Langenscheidts gresk-tyske og tysk-greske lommeordbok har med ein del vanskelege former.
"Fortellingen om Viga-Ljot og Vigdis" er også eit kvitt felt på Undset-kartet mitt.
Thatcher. It was a name to stop a man in the middle of his ride, the name that made faces crumble into fast and ugly rage. It was week before I knew she had a first name."
Men came home from work at the same time every day. It was boring, but maybe freedom was supposed to be boring.
Nestoren i norsk kunsthistorie når det gjeld seinantikken og drivkrafta i opprettinga av Det norske institutt i Roma, H.P. L'Orange, er det ein fryd å lese! Gjennomgåinga hans av portrett og statuar av eit utval romerske keisarar er solid og levande. Mannen sjølv, som eg kan hugse frå foredrag i fjernsynets barndom, var jo like monumental som Konstantins triumfboge og andre minnesmerke som han tolka! Tolkingane hans er, som alle andre tolkingar, prega av samtida hans, men dei er og blir viktige grunnsteinar i utviklinga av ein tradisjon. Dagens tolkingar står påfleire måtar i gjeld til L'Orange! Og stilen hans er til å nyte!
Kva gjekk gale i Sovjetunionen? Og kvifor? Dette er spørsmål som Hans I. Kleven prøver å finne svar på. I fyrste bindet av "Hva og Hvorfor?" går han gjennom både den teoretiske behandlinga av sosiale og politiske omveltningar og hendingane i samband med Oktoberrevolusjonen og åra fram til andre verdskrigen. Dette er spesielt interessant fordi Kleven har inngåande kjennsksp til mange av sidene ved utviklinga. Han trekkjer fram mange kjelder som til no ikkje har vore offentlege, og det går an å velje å sjå det som ein fordel at han lèt mange av desse kjeldene tale for seg sjølv, men det kan så absolutt innbendast at forfattaren i større grad kunne ha vurdert meir av kjeldestoffet. Synspunkta hans på Trotskij og andre av Stalins motstandarar fortener å bli lesne, og han skal ha takk for å trekkje fram Palmiro Togliattis erfaringar frå Komintern. Heile tida har Kleven blikk for norske forhold og diskusjonar i den norske arbeidarrørsla om utviklinga i Sovjetunionen og Komintern. Berre så synd at boka er skriven i ein sterkt splitta stiltone med norsk ordval og bøying og dansk syntaks.
”Much Ado About Nothing” ville vere feil karakteristikk av diskusjonen rundt Åsne Seierstads ”Bokhandleren i Kabul”. Likevel: Forfattaren fortel lite nytt, og lesaren lyt leite lenge for å finne gode og treffande formuleringar (men dei finst). No kunne ein hevde at kvinners situasjon i Afghanistan ikkje kan skildrast ofte nok, men skal ein slå til som forfattar, lyt ein arbeide grundigare og gå djupare til verks. Det er eit velkjent journalistisk knep å personleggjere ei sak slik at forholda kjem oss nærmare inn på livet og blir meir konkrete og levande (i dei tilfella der dette er eit mål). Men utan å vere jurist: Eg synest ikkje noko om å skulle presentere dei inste tankane åt personar som kan identifiserast. Eg las boka mange år etter at ho kom ut – og det var kanskje ein fordel.
Viktig bok i litteraturhistorisk samanheng, særleg med tanke på kampen for norsk som scenespråk, men ikkje heilt fengjande i dag. Likevel: Interessant som tidsdokument.Eg repeterte boka gjennom Nils Arne Oftebros opplesing i radioen, noko som var ei fin oppleving. Og musikken frå filmversjonen er nydeleg, då!
Så gjekk det an å skrive ein ny, frisk og seriøs biografi om Sigrid Undset! Sigrun Slapgård er sakleg og grundig; ho spekulerer ikkje, men har grunnlag for synspunkta sine og veit å summere opp akkurat i rett tid. Ho vurderer, men lèt for det meste Undset stå fram med synspunkt. Resultatet blir ei levande blanding av nærstudium og avstandsrefleksjon. Rett nok har målaren Kristen Holbø i registeret fått fornamnet Kristin (ein god målar, forresten – sjå han i kunstsamlinga på Lillehammer i sommar!), men slikt får ein tåle. Og Undset blir ikkje mindre tiltrekkjande etter denne biografien, nei!
Marcos Ana er ein spank forfattar som i årevis sat fengsla under Franco. Tittelen - "Sei meg korleis eit tre ser ut" - uttrykkjer korleis han opplever å vere fengsla. Av og til kjem han med sitat frå dikt han har skrive, og også når han skriv prosa ser vi at denne mannen er poet. Boka skildrar også åra før han vart arrestert og arbeidet hans etterpå. Ho er eit vitnemål om å halde ut og ikkje minst om solidaritet.
Knausgård har eg faktisk mykje (godt!) å seie om, men like fullt likte eg å vende tilbake til Sigrid Undset etter detaljert utflukt i fem bind Knausgård. Bøkene om Olav Audunssøn hadde eg, med skam å melde, ikkje lese før, men i sommar vart det tid for fyrste bindet av ”Olav Audunssøn i Hestviken”. Skulle berre mangle, når ein nesten ser mot Ringsaker frå arbeidsrommet! Her er erotikk og skuldkjensle, her er kamp og løgn og nåde, nåde, nåde. Eg skjønner godt at forfattaren sette desse bøkene høgare enn trilogien om Kristin Lavransdatter! Å, som eg er spent på dei andre bøkene i serien …
Det er alltid sterkt å lese Liam O’Flaherty. I sommar har eg vore på Aran-øyane i Irland, der meisteren vart fødd. Øysamfunnet er ein tydeleg bakgrunn for handlinga i ”The Black Soul”, der natur og menneskesinn speler saman og mot einannan i eit forrykande tempo som følgjer årssyklusen. Her er realisme blanda med psykologiske skildringar der livet vinn til slutt. Sjeldan har eg lese så intense skildringar.
Henry Smart er tilbake - i Irland! Roddy Doyles tredje roman om Henry Smart, helten med trebein frå påskeopprøret i 1916 og den påfølgjande borgarkrigen, er ein fin opptur etter bind to ("Oh, Play That Thing"), som etter mitt syn var FOR fantastisk og burlesk. Her, i "The Dead Republic", finn eg mykje av stemninga og tonen i den rett ut sagt magisk-relaistiske à l'irlandaise "A Star Called Henry". Der vi i "Oh, Play That Thing" møtte Louis Armstrong i ei heilt usannsynleg og rotete historie, blir vi rett nok i fyrste delen av "The Dead Republic" plaga med både John Ford og Maureen O'Hara, men så brakar det laus: Henry Smart er tilbake i Dublin og Belfast og heile fredsprosessen - og helten med trebeinet står på som før ... Godt å finne denne romanen i ei bokhandel i Galway i sommar!
På tide å lese ut katalogen frå Blaafarveværkets utstilling i fjor før eg reiser på årets utstilling! Boka "Drømmesommer", som er den slåande tittelen på utstillinga, er fengslande. Her finn vi den svenske målarprinsen Eugen (antifascist. tilhengjar av norsk sjølvstende og deltakar i Strindbergs gravferd), Nikolai Astrup og Ulf Nilsen. Christina Wistman skriv klokt om prins Eugen (heldigvis på morsmålet sitt, svensk), og som alltid er det ein fryd å lese Gunnar Danbolts - denne gongen i eit innsiktsfullt og perspektivrikt essay om alle dei tre utstillarane, der han tolkar dei ut frå skjønnlitteratur (von Rilke, Proust og Calvino). Dette er verkeleg fascinerande lesing, ei blanding av litteratur og målarkunst! Ulf Nilsen har heilt spesielle bilete, og han har laga poetiske refleksjonar. Ei stor bok med vakre illustrasjonar!
Prøv Kjell Askildsens "Thomas Fs siste nedtegnelser til allmennheten" :-)
Bokklubben kjem med norsk utgåve av Pablo Nerudas "Canto general" snart, og hans "Oder" og "Kapteinens vers" har komme tydelegare. Og nyt Mario Benedettis "La tregua" ("Nådetid") sakte, og fleire gonger, til du ser samanhengen både innanfor boka og mellom boka og livet.