Pilegrimsferder er ein viktig del av kulturen vår - og i denne boka om Santiago de Compostela kan ein i alle fall lese teori, om ein kanskje ikkje får gått. Her ser ein korleis den nordspanske byen har vore møteplass opp gjennom åra. Ein av artikkelforfattarane er dansk: Grethe Abildgaard Christensen skriv om "A 3.500 kilómetros d Compostela" - også vi her nord har hatt kontakt med pilegrimsmålet i Galicia ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, her lyt du nok punge ut - eller låne på biblioteket!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei Romabok med stil og eleganse, perspektiv og djupn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Grunnboka om siteringsteknikk og utarbeiding av lister over kjelder - og skrive med ein passe porsjon humor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pollestad bruker dialogforma - og lykkast ikkje så godt som Platon. Men ideen er ikkje så dum; her snakkar ein moderne, heiden liberalar med den tradisjonen som Kyrkja står for når det gjeld tru og etikk. Ein del replikkar kan verke litt søkte, mens andre er faktisk litt artige. I lys av debattane det siste året om kyrkja er boka interessant, ja.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette ble ekstra artig da jeg nå fikk et tips tilbake igjen i og med at du kom på "Diego og Frida". Denne boken var jeg ikke klar over, og jeg har lenge tenkt at det er på tide å lese noe av Le Clezio. Høres ut til å være midt i blinken for meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tenk å få Bokklubbens antologi om romersk religion to dagar før avreise til Roma, då!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka om Toscas Roma nådde fram til postkassa to dagar før eg reiste til Roma på haustferie. Eg hadde koseleg nok reisefølgje som eg hadde, men denne boka vil om operaen Tosca (og skodespelet som librettoen byggjer på) kom til å setje ein ekstra spiss på opphaldet. Forfattaren går svært detaljert om emnet: forholdet mellom skodespelet og librettoen, korleis musikken underbyggjer tematikken og ikkje minst sentrale trekk ved italiensk historie i lys av operaen - og omvendt. Det er ikkje måte på kva forfattaren tek med i (den litt rotete - nettopp pga. detaljplanet) framstillinga; som eksempel nemner eg temperaturforholda i Roma den dagen handlinga utspeler seg. Dette blir litt som då ein turist i Gudbrandsdalen hadde spurd kvar Kristin Lavransdatter var gravlagd. Men likevel: Besøk i Sant'Andrea della Valle, Palazzo Fanese og Castel Sant'Angelo og opplevingar av operaen "Tosca" blir noko anna no som eg har Vandiver Nicasios bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I "Årene med Laura Diaz" skrev meksikanske Carlos Fuentes om kunstnerparet Frida Kahlo og Diego Rivera. Hovedpersonen i boken er den oppdiktede (tror jeg) kunstneren Laura Diaz. Hun blir kjent med og inspirert av kunstnerparet. Verdt å lese:-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg les denne Roma-boka no før turen i haustferien til den evige byen. Thiis-Eriksen skriv presist, variert og fyldig. Eg synest faktisk at fotografia gjer seg veldig godt i svart og kvitt - det var ei utstilling med dei for eit år sidan då vi var i Roma sist. Dette er ei mykje grundigare bok enn dei vanlege bøkene om byen vi aldri får nok av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit liv i kamp mot fascisme og for demokrati og sosialisme. Omstridd nasjonalt og internasjonalt. Klarsynt og analytisk, på parti med framtida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så variert! På eit vidt spekter av område greip den spanske borgarkrigen inn i norsk samfunns- og åndsliv. Her ser vi korleis antifascistar av alle slag drog for å forsvare den lovleg valde spanske regjeringa mot Franco - og korleis norske politikarar av litt for mange slag var ivrigare etter å redde profitt enn solidarisere seg med republikken. Ein historikar ville nok ha hatt sitt å innvende mot delar av framstillinga, men like fullt har dette vorte eit monument mellom to permar over dei som slost for Spania - og ein skamplett for dei som ikkje greip inn sjølv om dei hadde malkt til det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spansk politikk har alltid vore eit fascinerande emne å studere. "The Politics of Spain" gir lesaren kunnskap om kva som har skjedd etter at diktatoren Franco døydde. Her er omfattande analysar av valresultat på nasjonalt og regionalt plan, ikkje mindre grundig indeks og eit "Glossary of key terms". Eg er ikkje einig i alt som står her, men slikt eggjar jo berre til fagleg skjerping og - som oftast - fruktbare diskusjonar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synspunkt på Spania rett før Franco døydde, med perspektiv bakover (borgarkrigen) og framover (om å bryte med fascismen og etablere og utvide det borgarlege demokratiet). Carrillo, i dag 95 år ung, var på dette tidspunktet generalsekretær i det den gong forbodne Partido Comunista de España før partiet som legalt vart riven sund av fraksjonsstridar og sekterisme. Samanlikna med det som skjedde etter at Granco døydde fekk Carrillo rett i mange av analysane sine, bortsett frå om monarkiet si rolle: Då delar av hæren prøvde seg på kupp, solidaiserte monarkiet seg for fyrste gong i spansk historie seg med demokratiet. Alt i alt eit sjeldant tidsdokument med varig verdi for dei som er interessert i politisk strategitenking (og det bør ein vere).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit pedagogisk opplegg for å lære og undervise om overgangen frå fascistisk diktartur til borgarleg demokrati i Spania.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Urkristendommen har alltid interessert meg - her er historia om korleis kristendommen oppstod og utvikla seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pater Per Bjørn Halvorsen har skrive ei bok om nattverden, om bakgrunnen, innhaldet og utviklinga. Spennande lesing, dette - så viktig del av kulturen vår; særleg interessant blir nattverden på bakgrunn av den katolske oppfatninga av vinen og brødet ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Svært nyttig om dialog og spenning mellom to store religionar. Mykje å hente her, særleg om vidsynte muslimar i Spania før 1492 ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt einig! Hadde god nytte av denne boka i eit arbeid om "las tres culturas" i Spania.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du får lese her og dømme sjølv: http://ibsen.net/index.gan?id=85&subid=0. Lykke til!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten Müller