Derude, under det skinnende Hvælv, / mellem Mænd det heder: 'Mand, vær dig selv!' / Herinde hos os mellem Troldenes Flok / det heder: 'Trold, vær dig selv - nok!'
Tre Hoders Trolde gaar rent af Mode
Paa Ridestellet skal Storfolk kjendes!
Ind da, Peer Gynt, till Dommen; / den lyder i Sang og Klang: / Peer Gynt, af stort est du kommen, / og till stort skalst du vorde engang!
Ei av dei betre Tintin-historiene, dette.
"Spilleren" var den fyrste boka av Dostojevskij som eg las, mens eg enno gjekk på realskolen. Som ho greip meg!
"Rekonstruere" er ordet, ja. Og han klarer det, så langt eg kan vurdere. Fint å høyre detaljert om denne delen av bakgrunnen til Bjørnstjerne!
Eg har vore igjennom alt han har skrive. Skulle eg ha med meg éi bok på ei aude øy, ved sida av Homer, ville eg ha valt ei eittbindsutgåve av Dostojevskij - om det hadde gått an å lage ei slik bok ...
Forteljinga om "det skjønne menneske", fyrst Mysjkin, held fram. Geir Kjetsaa klarte som ingen annan å både omsetje og formidle russisk litteratur; han var ein internasjonal kapasitet på russisk litteratur samtidig som han uttrykte seg klart og inkluderande også for den jamne lesaren. Her, i bind to av "Idioten", ser vi kva skjebne Dostojevskij såg for den gode og reine i ei verd med heilt andre eigenskapar.
Fyrste bindet av "Idioten" innleidde Solum Forlags utgiving av dei samla verka til Dostojevskij. Binda er dessverre ikkje nummererte i den rekkjefølgja som ville vere naturleg ut frå korleis forfattarskapen utvikla seg, men dette får vi leve med. Her ville Dostojevksij skildre eit godt og reint menneske, fyrst Mysjkin - som ikkje passar inn i verda: Han blir ein "idiot".
Bakgrunnen for dette heftet skal vere krigen mellom Paraguay og Bolivia i 1930-åra - som altså skal ha gitt Hergé inspirasjon til å gjere narr av den politiske kulturen i ein fiktiv banarepublikk. Serien var så reaksjonær at han fekk komme ut som hefte i det okkuperte Belgia under krigen. Og satiren er herleg, men til lita hjelp på vegen til demokrati. Kjennarar reknar dette heftet som eit av dei betre om Tintin, og det er då òg - ut frå Hergés univers - svinaktig godt laga. For ikkej lenge sidan var det forsøk på statskupp i Ecuador, i netopp den stilen som er skildra her ...
Washington Irving var både forfattar og diplomat; i denne vesle boka har han samla segner og historier frå det muslimske Spania. Typisk romantikken, fin å lese i dag, særleg når ein er der nede.
Eg kan gjerne bruke timar på å lage ein matrett, men ein skal jo lese litt òg, så derfor er eg glad for relativt ukompliserte - men gode! - rettar i denne boka!
Slot over Slot sig bygger! / Hej, for en skinnende Port! / Staa! Vil du staa! Det rygger / længer og længer bort!
Djævlen staa i alt, som minder! / Djævlen staa i alle Kvinder, - - / uden en -!
Serien frå Vidarforlaget opnar med "Protagoras", "Euthyfron", "Sokrates' forsvarstale" og "Kriton", altså tekster som vi her er så heldige å få samla på norsk, i eitt bind - og som følgjer den etablerte tekstinndelinga slik at det er lett å finne dei avsnitta som ein leiter etter, anten her på norsk eller på gresk i ei kommentert utgåve. Dette er store saker, og eg les litt Platon kvar dag.
Lærerikt og interesant.
Lærerikt og interessant om kulturen som vikingane møtte på Grønland. Her er eit anna mytologisk univers enn vi er vande med.
Ja, som vanleg, kan ein vel seie, har Rose-Marie oppsummert ein stor roman slik at det er lite å føye til. Fine omtaler!