Endå meir eventyr og spenning!
Full av eventyr og spenning!
Nam!
"Francis Meyers lidenskap" av Henrik Langeland.
Eg seier ikkje akkurat det same, men det er med denne boka for meg som med Kristiania for eg-personen i Hamsuns "Sult".
Eg har tenkt det same - fascinerande, rett og slett; ei slik reise burde vere inkludert i alles liv, reint slik biologisk, på ein måte. Eg deler ikkje synet til forfattaren på alt han skriv om, men sjølve prosjektet likte eg.
Godt å lese om og sjå bilete frå denne delen av landet, som vi ville ha vore langt fattigare utan. Ryvarden kan sine ting; han er vel nesten den einaste som kan få meg til å lese om botanikk i andre samanhengar enn dei mytologiske og kulinariske.
Ja, ein av dei aller beste på romanfronten.
Mange korte artiklar her, mange for spesifikt russiske forhold, men også eit viktig bidrag til debatten om strategi og taktikk, nettopp frå skjebneåret 1905 i Russland: "Two Tactics of Social-Democracy in the Democratic Revolution".
Bøkene om kristin Lavransdatter fascinerer så mange av oss at i alle fall eg blir glad for å kunne lese Mørkhagens kartlegging av dei historiske, sosiale og åndelege forholda rundt Kristin. Ikkje rart at ein turist, om enn utanlandsk, spurde ein gaid i Otta kvar Kristin var gravlagd.
Grundig om han som Undset kalla "Norges største dikter". God bakgrunn for å forstå diktinga, særleg med tanke på miljøet. Forholdet til Tyskland blir problematisert, og det kan vi tåle.
Tankevekkjande.
Eg likte denne boka, grundig som ho var, relativt velskriven òg, med fin veksling mellom detaljar, oppsummeringar og perspektiv. Høyrer med til Roma-bagasjen til bokelskarar.
Eg synest som deg at boka er sterk. Eg kjenner delar av familien som er omtalt (men ante ingenting om det som blir teke opp i boka) og heile miljøet - geografisk og sosialt. Den svakaste delen er vel besøket i Ukraina, men eg skjønner godt at forfattaren drog dit.
Eg er langt på veg einig med deg. Eg trur at boka kan fungere godt for forfattaren sjølv og dei som tenkjer i dei same kategoriane som ho, men for oss andre blir mykje av stoffet for ullent. Dermed er det ikkje sagt at det ikkje er mykje å hente her.
Eit mønster for tilsvarande bøker om andre kulturar enn den latinamerikanske: Solide artiklar om eit vidt spekter av emne. Ein del kontroversielt, som ein noko einsidig demokratidefinisjon, men det får no så vere. Lure oppgåver og godt register med forklaringar. Til å lære av!
For å kunne eit språk godt, lyt ein kjenne og kunne bruke dei idiomatiske uttrykka. Her er slike ord i spansk, me domsetjing til norsk. I ein del tilfelle trur eg at det ville lette forståinga dersom glosene var omsette og kommenterte - sjølv om dei eigentleg ikkje har noko å seie for sjølve uttrykket.
Sentrale arbeid, frå 1914 og 1915, m.a. biografien om Marx med kortfatta framstilling av marxismen, og "Sosialisme og krig", om fyrste verdskrigen med åtak på dei arbeidarpartia som slutta opp om dei borgarlege regjeringane og røysta for krigsdeltaking.
Der staar jo skrevet: Du skal tvinge din Natur; - / og i Længden falder Drikken vel mindre sur.