Kva gjer ein når Levi Henriksen skal besøke skolen ein underviser på, og den einaste dagen som passar, er den einaste dagen som passar for heildagsprøve i norsk? Jo, då deler ein på førehand ut ei av novellene i "Feber" og seier at oppgåva vil bli knytt til denne teksta, men nemner ikkje at forfattaren skal på besøk. Derimot informerer ein forfattaren om opplegget, så når dagen kjem, får elevane denne informasjonen: "Du skal om kort tid møte Levi Henriksen. Planlegg spørsmål om forfattarskapen hans, med særleg vekt på novella du har lese. Diskuter novella med forfattaren. Når møtet er over, går du tilbake til klasserommet for å skrive reportasje om Henriksens besøk - med innlagd tolking av novella." Det vart vellykka. Takk til Levi - som sette pris på å få tilsendt eksempel på tolkingane etterpå.
Ja, eg fekk eksemplaret i Verdens hellige skrifter ei tid etter at eg hadde kjøpt boka i Thorleif Dahls kulturbibliotek. I Spania har eg sett dikta hennes i original. Det var stort.
Hvad er der for en Tænker, som engang har sagt: / Man faar spytte og haabe paa Vanens Magt? -
Bønelivet til Teresa av Ávila talar framleis til oss, for denne spanske mystikaren skriv så inderleg og levande. Eg har reist forbi Ávila, som ho kom frå, og sett huset hennes i Salamanca, der ho hadde visjonane sine. Olaug Berdal står for omsetjing til norsk, forord, notar og etterord, og syster Maria Nada har skrive etterord. Og dette gjer dei så vi får innsikt og kunnskap.
Noko av det grundigaste og perspektivrikaste som er skrive om språk, her i omsetjing til fransk.
Stalin tek feil i at (alle sider ved) språket er noko som eksisterer uavhengig av samfunnsklassene. Til slutt i boka seier han, i omsetjinga til engelsk: "Marxism is the enemy of all dogmatism." Den som torde, burde ha konfrontert han med hans eigen teori og praksis på dette området.
Ja, "Snø" fekk meg til å sjå at Pamuk er ein stor forfattar. Ei bok som gjer inntrykk - ikkje berre det med hijab, men alle skildringane av menneske og miljø,
Eg har på mange måtar fått sansen for Pamuk. Ein sjeldan måte å skrive på, dette.
Jo, "Svart himmel, svart hav" er, som du seier, interessant. Men eg vart litt skuffa ut frå at romanen hadde vunne ein pris. Likevel fint å lese om politisk arbeid i Istanbul, ein by eg har gode minne frå. Og det er ikkje forfattaren si skyld at eg er skeptisk til merkelappen "politisk roman".
For meg vart "Francis Meyers lidenskap" ein lidenskap - det var både komikken i framstillinga av professoren og forholdet hans til studenten, det var harseleringa over miljøet, det var kjærleiken til miljøet og det var språket (men takk for kritisk blikk på romanen). Av og til blir ikkje "ei bok du ikkje klarer å leggje frå deg" ein klisjé, men uttrykk for sanning.
Synkroni og diakroni og ingenting meir. Heldigvis har definisjonen av "språkvitskap" endra seg med åra. Men gode eksempel, presist utforma.
Staalesen hadde eg ikkje lese noko av før, og eg syntest ikkje "I mørket er alle ulver grå" var noko å rope hurra for (lesing i embeds medfør) - heilt til eg kom til dei tjue siste sidene. Ikkje så verst gjort, dette, nei.
Perfekt reiselektyre til og i Tessaloniki hausten 2007. Bikkjer såg eg der òg; hos Askildsen blir dei bilete på ektefellene som sit fast i einannan og ikkje får bryte opp. Ei perle av ei samling. Stringent og pregnant - som skoren ut av levereglane i "Håvamål".
Danmark har innført faget "almen sprpgforståelse" i den vidaregåande opplæringa -på kostnad av latin, dessverre,i alle høve i praksis. Med denne boka bør elevane kunne lære om syntaks og morfologi (interessant at syntaks kjem fyrst), litt sosiolingvistikk og læringsstrategiar - og framfor alt: latin og den kulturelle konteksten som omgir latin. Og eit artig "Øvehæfte".
Innføring - og ingenting meir. Men ei populærvitskapleg sett god innføring i språkvitskapen. Frå den tida ei bok kunne koste kr 19,50.
gammal, god og lærerik.
Eg tok vare på dette nummeret av "Bokvennen" - det inneheldt artiklar om fleire av favorittverka mine:"Wuthering Heights", "Fruen fra havet" og "Den siste mohikaner" og forfattaren Marie de France og den interessante "Slibbrudets metamorfoser" (den siste av Gisle Selness). Også så fint illustrert!
Eg las boka etter tenåra og vart gripen. Så fint skrive om den kreative og fantasifulle Jonas. Og romanen har perspektiv langt ut over dysleksien.
Jeg faar vel følge dem paa Færden, - / men protesterer for Alverden -!