Koseboka for bokelskarar - om det å lese, om det å skrive. "Vad sker när vi läser?" spør han. Svara hans gir oss perspektiv på det vi elskar. Og er vi ikkje einige i alt han skriv, stimulerer han til avklaring. Unødvendig å fortelje at språket til Lagerkrantz står i stil med innhaldet! Til å nyte!
Ja, det var slike oppgåver vi skreiv i engelsk i gymnaset i det vi no kan kalle gamle dagar. Stort å få lese og skrive om Shakespeare på engelsk!
Boka kom i 1982, og inneheld det som mange enno slit med å forklare er noko av det viktigaste i fremmendspråkopplæringa: språkfunksjonar og munnlege samhandlingar. Og med oppgåver attpåtil.
Ein av dei fremste språkpedagogane i Norden er Viljo Kohonen. Her er han medredaktør i eit verk som grip rett inn i diskusjonane om kva retning språkopplæringa skal ta. Boka er resultat av eit seminar der Michael Byram var ein av deltakarane. Interkulturalitet, eigenvurdering, klasseromspraksis og lærarutdanning er hovudoverskriftene. Artiklane er grundig teoretisk funderte og samtidig retta mot praksis.
Samlinga fortener å bli studert, diskutert og brukt: "Må vi rekne, også no?" sa ein elev i dag; vi dreiv med (fiktiv) reiseplanlegging. Skulle berre mangle at det å rekne i euro og pesos ikkje skulle høyre med til fremmendspråkopplæringa! Samlinga inneheld mykje meir, og svenskar og danskar har fine innlegg om grunnleggjande ferdigheiter. Men kanskje spesielt vil eg trekkje fram Torgeir Onstads "Tall, telling og kultur". Her er mykje å lære for mange filologar, skulle eg tru.
Ja, har nok hatt ein litt stor finger med i dette spelet, men er nå tilbake i klasserommet og koser meg der. Livet har fleire fasar.
Interessant å sjå korleis fremnedspråklærarar oppfattar "praktisk tilnærming" i språkopplæringa - og at det enno er ein lang veg å gå på dette feltet. Språk er ikkje til innvortes bruk!
As flies to wanton boys are we to th' gods, / they kill us for their sport.
Hovudpersonen heiter Abel - då er det duka for at ein annan heiter Caín (og det før Knausgård). Her oppstår sjalusi, og så seier eg ikkje meir. Utstyrt med grundig innleiing. de Unamuno fortener respekt for klar tenking, for prinsipp. Og så har eg vore inne i huset han budde i då han var rektor ved universitetet i Salamanca, då.
She was sunshine and rain at once.
Her voice was always soft and gentle, an excellent thing for a woman.
I love my father according to my bond, no more, nor less.
"Hamlet" er "Hamlet", det er ikkje dét, men for meg står "King Lear" som det største: Her tek skalden frå Stratford tida si på kornet - den gamle tida svinn bort, noko nytt er i emning, ikkje utan strid, fysisk som psykisk, og kongen - ja, kongen! - blir menneske. det er berre å gi seg over for dette stykket og menneskeskildringa.
Veit ikkje heilt kor truverdig denne historia var, men er einig med deg i at dette var blanda kost - og langt frå Saabye Christensen på sitt beste.
Takk igjen for stoff om denne kvinna. Må få ordna billettar til Roma til hausten ...
Eit av dei skodspela av Shakespeare som eg liker aller best. Her har han skapt ein person heilt utanom det vanlege. Ja, ein som er heilt utanom og utanfor.
Det felles rammeverket for språk - på fransk, det eine av dei to hovudspråka i Europarådet. Presise uttrykk! Nødvendig verktøy og referanseramme for all fremmendspråkopplæring.
Det felles europeiske rammeverket på italiensk. Ein veit aldri kva ein får bruk for. For å omsetje den engelske grunnteksta til norsk var utgåver på andre språk svært nyttige.
Det europeiske rammeverket for språk - her på tysk. Nyttig for uttrykk om språklæring.