Vakre fotografi, og ein del informasjon. Likevel langt frå å leve opp til å vere "Ccmplete Guide to the Whole City". Men får meg til å lengte tilbake - for sjette gong.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Av og til er det noko med stemninga - "Playing Biatie Bow" møtte eg fyrst som høyrespel i Laurdagsbarnetimen; det var skodespelarane, språket, musikken - alt dette fengsla meg, saman med ei spennande historie, då, om mystiske hendingar. Boka - barne- og ungdomsbok, det spelte inga rolle - måtte eg låne for å kunne fordjupe meg i forteljinga om ei jente som hadde "the gift", om det å reise gjennom tid og rom, og jammen hadde boka tilknyting til Noreg òg. Ein triumf for Laurdagstimen, dette, som visstnok skal slutte med høyrespel. O tempora, o mores ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Jamaica Inn" av Daphne du Maurier møtte eg fyrst som radioteater, omsett av Ivar Eskeland, var det vel, og med dyster munnharpe - som eit ekko av skumle dønningar mot strender med vrakrøvarar og kornisk øydemark. Det hadde gått fleire gonger utan at eg hadde fått med meg slutten. I samlebindet "Four Great Cornish Novels" las eg heile romanen om den foreldrelause Mary som kom til å oppleve så mykje tvers igjennom uhyggeleg. Løysinga var som eg hadde tenkt ut frå måten episodane og kapitla slutta på. For meg er "Jamaica Inn" ein god roman fordi forfattaren skapar spenning og gir ei levande og truverdig miljø- og menneskeskildring (personane er meir samansette enn ein fyrst kunne tru). Riktig, gammaldags uhygge blir det!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så artig! Men García Lorca (og Mario Benedetti frå Uruguay) kan ein lese parallelt med omsetjingar til norsk. Og det finst tospråklege novellesamlingar (tekster på spansk med omsetjing til engelsk). Start kanskje heller med barnebøker (eller norske bøker som er omsette til spansk). Eg har besøkt barndomsheimen til García Lorca utanfor Granada og sommarhuset som familien hade inne i Granada. Men les - utan å satse på å skjønne alt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg hugsar at dette var ei bok som gjorde inntrykk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fyrste gongen eg møtte "Ivanhoe", var i utdraget "Turneringen" i "Mitt skattkammer". Så lånte eg heile romanen på norsk, og eg såg fjernsynsserien. På tur i Skottland i 2006 las eg boka, som fyrst kom i 1819, på engelsk. Verknaden var den same som førti år tidlegare: Scott appellerer til gutungen i meg, eg slukar dei spennande forteljingane om Richard the Lionheart, Ivanhoe, Rebecca og Robin Hood - og ser samtidig verket som typisk romantisk, eit barn av tida, men som ikkje sluttar å tale til meg. Kanskje les eg om riddarane og dei fredlause og kongane éin gong til, for å nyte spenninga.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei svensk utgåve, omsett av sjølvaste Jan Stolpe, av denne særeigne franske historieboka, om livet i Romans, i Dauphiné, i siste haldelen av 1500-talet, nærmare bestemt 1579-1580. Mot ein bakgrunn av sosiale spenningar møter vi karnevalsdagane i 1580. Her kjem vi menneske og maktstrukturar inn på livet. Vi ser kreftene som bur i folkedjupet - og kreftene som trykkjer dei ned. Kampen endar i "ett grymt blodbad". Opprøret blir slege ned.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sigmund Skard hadde ordet i si makt - og tok oppgåva si som kulturformidlar alvorleg. Ein rik og frisk stil kjenneteiknar denne samlinga med talar; Skard er på sitt beste når han talar om Vinje, Koht og Midttun. Overraskande lite kritisk er han til den ideologien som poesien til Olav Aukrust formidlar, og miljø og målform er den einaste forskjellen han trekkjer fram mellom Aukrust og Øverland. Samlinga blir eit interessant dokument frå tida som talane vart haldne i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las stykket i 1976 og klarer ikkje heilt å følgje opp. Men eg skal prøve ein gong i veka å sjå ein episode i serien "Rome" som gjekk i fjernsynet for nokre få år sidan og som eg no har i to store dvd-boksar. Då får eg i alle fall sett miljøet. Men lykke til. særleg med talane, ja!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er den rette innstillnga! Kanskje prøve García Lorcas "La casa de Bernarda Alba"?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kan hugse at denne boka fekk ein del kritikk, men ikkje heilt kva som vart kritisert. For meg fungerte ho som eit greitt oversyn over denne delen av historia vår.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt merkeleg bok - heilt ukritisk til legendestoffet om jomfrua frå Orléans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Over fem hundre sider om litteraturhistorieskriving, fordelt på ti emne og i alt 67 innlegg på ein konferanse om nordisk litteratur. Frå Noreg var kapasitetar som Edvard Beyer, Helge Rønning, Idar Stegane og Øystein Rottem - i tillegg til kjende og nye namn frå Island og landa rundt Austersjøen. Fin å bla og kikke i, mange år etterpå, ikkje berre min gode venn Annelie Schreibers førelesing om Wergelandstradisjonen, men det meste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synest at Tema-bøkene, i alle fall i Reform 94-versjonen, var unødvendi tunge (for elevane). Grip teksten-bøekene er kanskje litt rotete.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er svak for starten på Undsets "Jenny": "Musikken kom oppover Via Condotti, nettopp som Helge Gram i skumringen bøyde inn i gaten." Ikkje fordi eg har opplevd musikken her i gatekrysset, men fordi setninga fører meg inn i det pulserande livet i det Roma som eg er så glad i - og som eg håper at eg forstår meir av enn Helge Gram.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjedeleg, for mange elevar vanskeleg - og rotete oppgåvenummerering. Nettoppgåvene ikkje til å lære av, og det utfyllande stoffet er himmelhøgt over elevane sitt nivå. Uheldig at yrkesstoffet er ute.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og om og frå Provence: Alphonse Daudet, for all del.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, einig - er så glad i Pagnol.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Siden det heller ikke lenger er et krav i [lære]planen at elevene skal lese et Ibsen-drama slik det var tidligere, blir Ibsen oftere valgt bort, eller klassen ser en filmet teaterforestilling på video. Jeg [dvs. Anne Marie Rekdal] er slett ikke overbevist om at elevene er tjent med den siste løsningen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Solen, lyset, vinden, menneskenes gang på jorden - alt dette er mitt emne, min kjærlighet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVannflaskePernille GrimelandOleL. SeljeliKnutMRisRosOgKlagingTone HellinoronilleCathrine PedersenTorill RevheimDemeterAnn Helen EMarit FagernesAlexandra Maria Gressum-KemppiHeidiEivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenmarvikkisPiippokattaKjell F TislevollHelena EBeate KristinWenche VargasMarianneNEster SAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarleEli HagelundChristofferEvaStig TKjersti SBjørg Marit TinholtIngunn SVidar RingstrømIreneleserIngeborg GJan Arne Nygaard