En utlending på gjennomreise som ønsker å spise frukt, kan, med én ledsager, forsyne seg gratis av den beste frukten om han ønsker det, som tegn på vår gjestfrihet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

This is the frost coming out of the ground; this is Spring. It precedes the green and flowery spring, as mythologu precedes regular poetry. I know of nothing more purgative of winter fumes and indigestions. It convinces me that Earth is still in her swaddling clothes, and stretches forth baby fingers on every side.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The day is an epitome of the year. The night is the winter, the morning and evening are the spring and fall. and the noon is the summer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det ville vere fint, håper eg, om du kunne leggje inn dei bøkene som du har fått tips om slik at lista blir fyldig - og enda meir til glede for oss som har interesse i denne retninga?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spanske sjømenn laga enkle og dårlege knutar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Interessant om korleis dei gamle egyptarane oppfatta døden - og litt av eit samantreff at eg, rett etter å ha lese boka, var på eit seminar i Torino der deltakarane fekk omvisning i eit museum, og det viste seg at samlinga inneheldt tekster frå nettopp denne boka ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, dette ville eg ha vore med på. Og så ville eg ha vore med Sigrid Undsets Jenny i Roma. Ja, og så om eg kunne ha fått vore til stades i Platons Symposion ...

Woody Allens film Midnight in Paris viser jo at slikt går an ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Israels Præster
[...]
Thi se Messias, ei Præst ei Drot,
er den sandeste Republicaner!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er dette som vi skulle ha funne ut. Eg har ein del romanar frå fransk mellomalder, men dei er ikkje slik som Don Quijote. Tydelegvis er det den spesifikt spanske varianten som får gjennomgå hos Cervantes. Vi får forske meir!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi går mot slutten av fyrste bindet, og her er don Quijote med oss att, og lite tyder på at normaliteten er i ferd med å vende tilbake. Men før han kjem på banen, roser don Fernando både forteljinga om Zoraida og måten som historia vart fortald på. Her, får eg vite hos kommentatoren Murillo, flyt det fantastiske og det realistiske – “lo maravilloso y lo verosímil” – saman, både i innhald og stil. Murillo les forresten tydelegvis grundig, for når Cardenio og don Fernando vil hjelpe “señor capitán”, står det at “en esto llegaba ya la noche”, at no fall natta på, men Murillo hugsar at det hadde natta alt gjort i kap. XXXVII. Og det same gjeld kveldsmaten – “Por lo visto cenaron dos veces,” seier han: dei åt sikkert to gonger.

For mat treng dei. For no kjem det besøk i fleire omgangar. Fyrst kjem ein oídor, ein auditør; det var ein slags krigsadvokat i kappe som høyrde på (oír er å høyre) saker og dømde. Til klesdrakta høyrde slike digre mansjettar som vi har sett på bilete. Viktigare er at han har med una doncella, ei jente på seksten år. No er den eine dama – Dorotea, Lucinda, Zoraida og no altså Clara – vakrare enn den andre!

Då don Quijote kjem, reagerer auditøren som venta på talen hans. Men auditøren og kapteinen er altså brør. Cervantes har nok litt sur, for i kap. XLIV, seier Murillo, stod det at den yngste av dei to gjekk den akademiske vegen, mens her, i XLI, har yngstemann reist til Peru.

Nå ja. Kva med desse samantreffa? På den eine sida gjer vel Cervantes narr av alle slike tilfeldige samantreff i litteraturen, men eg vil leggje til: Til inga nytte. Slike forvekslingar, slike historier om ungar som blir bytte om og sysken som møtest att, har det vrimla med også etter Cervantes – tenk på Georges Sand, Charles Dickens, Henrik Ibsen og Oscar Wilde! Og sjølvsagt William Shakespeare, som var samtidig med Cervantes. Dette hadde samanheng med distribusjonskanalane for litteraturen; Dickens gav ut hefte med eitt eller to kapittel, og her galdt det å halde det gåande med spenning frå gong til gong for å sikre salet, og det var ikkje måte på hos enkelte av kollegaene hans kor mykje folk kunne vere i slekt utan at dei visste det – sjå forresten òg Oliver Twist! Ja, ja – don Quijote skal verje dei gamle og nye vennene våre mot “algún gigante o otro mal” som dei måtte komme ut for.

Her rekk ein å trekkje pusten før vi får nye gjester. Den neste personen vi møter, er un mozo de mulas, ein ung muldyr- eller -eseldrivar. Og forsyne meg: Dette er han som Clara er glad i! Tenk igjen: Vi les ein parodi som er over fire hundre år gammal – og som lyt vurderast ut frå si eiga samtid! Den fyrste songen som guten syng, har tekst skriven av Cervantes i 1591, får eg vite av Murillo, og tonesett av Luis Salvador, kantor under Filip 2. Ein riktig vakker song – berre høyr her!

Vi møter ein god del allusjonar til Aeneiden. Murillo opplyser at Palinuro blir omtalt i III, 513ff., og det er rett: Her står (III, 512–514)

necdum orbem medium Nox Horis acta subibat: haud segnis strato Palinurus et omnis
explorat ventos atque auribus aëra captat;

Otto Steen Due set – i Vergils Aeneide – dette om slik:

Endnu var Natten i Timernes vogn ikke nået til midten
før Palinurus stod op fra sit leje og uden at nøle
grejede samtlige briser og lytted sig til deres styrke

Og Palinurus? Han var rormann på skipet til Aeneas på veg frå Troja til det som skulle bli Roma – ikkje så interessant, i og for seg, men referansen til han er med på å understreke tida vi er i: Både forfattaren, Cervantes, og lesarane hans var, som dei renessansemenneska dei var, godt kjende med antikkens litteratur.

Etter den andre songen, som Murillo ikkje kommenterer, begynner historia til Clara, om den adelege unge mannen don Luís, her forkledd som muldyrgjetar, som ho elska. Clare blir seksten år “el día de San Miguel”, Mikkelsmesse, som vi kallar dagen her. Dei to gongene i Don Quijote som fødselsdagen til ein person blir nemnd, dreier det seg om dagen til erkeengelen Mikael, og for oss kjem det ikkje overraskande at vi her har å gjere med Cervantes’ eigen fødselsdag, 29. september (han vart fødd i 1547 – og døydde 23. april 1616; dødsdagen hans er jo verdas bokdag, som eg har gratulert dykk med før).

Cervantes refererer og alluderer ikkje berre til Vergil. I tillegg til det eksemplet som vi har nemnt, skjer dette også når don Quijote vender seg til himmellyset med tre ansikt – “¡oh luminaria de las tres caras!” – (Aeneiden IV, 511), der vi les om “Erebumque Chaosque / tergeminamque Hecaten, tria virginis ora Dianae” ”Erebus, Chaos, Dianas og Hecates trehovedmagter”). Han alluderer òg til Ovids Metamorphoses (I, 452 ff.) når han nemner “aquella ligera ingrata” (“den snøggfota utakksame”); dette referer til myten om Dafne. Don Quijote er uvanleg svulstig i språkbruken, eller kanskje verkar det berre slik, fordi vi no har lese så mykje normal tale i forteljingane? I alle tilfelle har han vel riddarromanane som modell; eg håper at de har sett at eg i tråden for forprosjektering har lagt inn nokre lenkjer om Don Quijote, m.a. denne, der vi kan lese nettopp om riddarromanane (“Libros de caballerías”). Vår venn Amadís, riddaren, dukkar då òg opp att, men denne gongen har vi å gjere med Adamís de Grecia, der Lirgandeo og Alquife, som don Quijote påkallar, opptrer.

No har vi møtt att Maritornes, jenta på vertshuset (vi hugsar vel kva ho tydelegvis livnærte seg med). Eg har funne ut, utan hjelp av Murillo, at Cervantes i det som no skjer, har funne i inspirasjon i italienske kjelder for historia om Maritornes og don Quijote. Når don Quijote kallar henne “discreta dueña”, hjelper den same Murillo meg til å hugse at dette er ein referanse til kap. XXXII – utan at eg denne gongen har hatt tid til å bla tilbake.

Så kjem det fleire, fire tenarar som skal finne don Luís. Om kap. XLIV seier Grønvold og Kjær at “de uhørte tildragelser i vertshuset” held fram, men dette synest eg er å ta litt hardt i; i originalen står rett nok “inauditos sucesos”, men inauditos tyder her, skal vi tru Murillo, “singulares”, “extraordinarios”, noko som jo er litt mildare uttrykt. Men spesielt er jo det som skjer, då. Og det går hardt for seg. Sancho Panza slår barberen, og vi blir minte om at hjelmen er eit barberbekken. Hjelmen skal vi få høyre meir om.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

It was his [i.e. Dickens's] custom to walk nine or ten miles every morning, all the time thinking of the books he was about to write; [...].

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Without a breath of breeze to divert them, a million billion points of fractured light poured from the heavens, to be finally reunited under the moon in a brilliant carpet of silent white.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gleda var nok mest på mi side.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og denne - Javier Cercas: Soldados de Salamina.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

[...] et je suis venu ici pour cultiver l'AUTHENTIQUE. J'espère que vous me comprenez ?
- Oui, dit Ugolin. Evidemment.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Yeats skreiv dette diktet til ein melodi han hadde høyrt. Det er så vakkert.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så rikt og frodig om livet i Provence for ein del tiår sidan. Levande personar - og ei hemmelegheit som enno ikkje blir avslørt, her i bind 1. Eg liker Marcel Pagnol og folkelivsskildringane hans. Bøkene om Jean de Florette er stramme og reint ibsenske i kompososjon! Men der personane hans kjempar mor ein uavvendeleg "lagnad", tek personane hos Ibsen kampen opp mot sosioøkonomiske strukturar og følgjene av dei ...

Men her er kritikk; kom ikkje der. Landsbyfolka veit om kjelda, men ein hjelper då ikkje folk frå byen, ein går då ikkje inn for noko moderne - "on ne se mêle pas dans les affaires des autres" ...

Og så filmane, da! Det angar av sol og stein og urter og liv, blomar, vin og sikadar - og i dag går den fyrste av dei to filmane i fjernsynet. Ingen filmar har eg sett så ofte! Så då er det berre å forte seg i butikken og setje seg klar med litt fransk kvitvin og nyte stor filmkunst, med Gérard Dépardieu, Yves Montand og Daniel Auteul (sjå på auga hans!), favorittane mine, alle saman ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kom på sjølvbiografien til Marco Ana (med mye poesi i): Decidme como es un arbol og André Malraux: L'Espoir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

[In A Christmas Carol Dickens] brands himself as a true radical, even revolutionary: in this Christmas book, so hard a present for those who defended the satus quo, it is queite clear that Dickens really did despise the political system of his country as much as he loathed its social mores.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Eivind  VaksvikReadninggirl30Ingunn SHegeRonnyJohn LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolKirsten LundMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeAlice Nordli