III.9.VII Mitjas store hemmelighet. Han blir utpepet
Mitja seier nå at han hadde stole pengane frå Katarina Ivanovna Verkhovtseva og rangla bort det meste i to omgangar. Er kapitlet meint for å problematisere forholdet mellom ein kjeltring og ein tjuv? Utsagnet «Skurker er vi jo alle saman i større eller mindre grad, men det er bare erkeslynglene som er tyver. […] jeg mener bare at en tyv er mer slyngelaktig enn enn en slyngel.» er neppe tilfeldig lagt i Mitjas munn. Seinare følgjer han opp: «Jeg har lært at det ikke bare er umulig å leve som kjeltring, også å dø som kjeltring er umulig… Nei, mine herrer, man må dø som et hederlig menneske!...»
Derfor har vi hatt desse kapitla om rangling og forhøyr.
Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: 'Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. [...] Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? [...].'
[Mark 8, 34-37]
VI Statsadvokaten får Mitja på kroken
Mitja reagerer kraftig på ordren om kroppsvisitasjon og på at han lyt ta på seg kleda til Kalganov. Etterpå fortel statsadvokaten at Grigorij Vasiljev seier at døra til hagestua hadde stått open. Verre er det at Nikolaj Parfjonovitsj viser fram ein tom konvolutt med påskrifta «Til min lille kylling» og «Tre tusen». Da endrar Mitja forklaring og legg skylda på Smerdjakov. Etter mykje forspel er vi nå framme ved at Mitja skal fortelje korleis han hadde fått tak i pengane.
'No creo en Dios, pero le tengo miedo.'
V En sjels vandring gjennom trengsler. Tredje trengsel
I dette kapitlet er vi komne fram til eit viktig moment: Døra hadde ikkje vore open da Mitja var ved huset til faren. Han fortel at berre han sjølv og Smerdjakov kjende signalet som var avtalt mellom faren og Grusjenka. Mitja understrekar kraftig at Smerdjakov er uskyldig. Pengane vil han ikkje fortelje meir om. Forhøyrarane varslar kroppsvisitasjon.
III.9.IV En sjels vandring gjennom trengsler. Annen trengsel
Her skjer lite; prosessen med avhøyr utviklar seg vidare og lyt vere logisk bygd opp. Derfor har vi dette kapitlet, der Mitja har ein vanskeleg balansegang. Dei tre tusen rublane står sentralt.
Det blir fort for varmt for meg, men idag har det vært ett deilig skydekke som gjorde at jeg lå ute i 2 timer. Da går det i pod-cast og det er fortsatt Adnan Syed fra Serial det handler om, men denne gangen med Truth & Justice with Bob Ruff. Dette er nå tredje pod-Carsten jeg hører om saken, men det er så mange nyanser som gjør det interessant.
Tidligere idag leste jeg ferdig Jenta som sluttet å snakke av Trude Teige og siden jeg skal på "ferie" snart så vil jeg ikke begynne på noe omfattende. I bokhylla fant jeg derfor den lille boka "På vegne av venner" av Kristopher Schau, en kort bok om offentlige begravelser.
God helg og god sommer til alle bokelskere :-)
III.9.III En sjels vandring gjennom trengsler. Første trengsel
Nå følgjer tre kapittel under samletittelen «En sjels vandring gjennom trengsler»; tittelen bryt med den realistiske skildringa av miljø og personar som vi elles har møtt, talet på trengslar, altså tre, har nøye samanheng med den magiske funksjonen som vi kjenner frå folkeeventyr og Bibelen.
Vi opplever Mitjas reaksjon på skuldingane, og på at Grusjenka seier at det var for hennes skyld at Mitja tok livet av far sin og tek på seg skylda. Han spør «kan jeg fortjene en slik kjærlighet», dvs. at Grusjenka seier at ho vil følgje han i fengselet, at ho vil dele skjebnen hans, «selv om vår vei skulle gå til skafottet».
Det blir altså ein periode med forhøyr av Mitja, den fyrste trengselen. Så lurt: Gjennom forhøyr får vi ta del i det Mitja tenkjer, i alle fall det han vil at representantane for styresmaktene skal oppfatte. For kva er sant og kva er løgn av det Mitja og Grusjenka uttrykker her?
[...] el cuerpo sigue mientras uno siga.
Tenia que enseñarle a pensar en el amor Como un estado de gracia que no era un medio para nada, sino un origen y un fin en sí mismo.
Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
[Mark 7,15]
III.9.II Alarm
Forteljaren skildrar politimeisteren, Mikhail Makarovitsj Makarov, med mange positive karaktertrekk; m.a. er han gjestfri – og dermed har han samla hos seg fleire sentral aktørar i det kommande etterforskingsarbeidet, fyrst og fremst fullmektig hos statsadvokaten, Ippolit Kirillovitsj, kalla «statsadvokaten» (som har sine spesielle grunnar for å vere ivrig i tenesta) og forhøyrsdommar Nikolaj Parfonovitsj Neljudov. Dette er jo glimrande gjort: Dei nye personane blir presenterte for oss i ein heilt naturleg samanheng.
Vi får òg høyre Marfa Ignatjevnas versjon av omstenda rundt mordet på Fjodor Pavlovitsj Karamasov. Med i bildet høyrer at Smerdjakov låg sjuk; distrikslegen meinte at epileptikaren kanskje ikkje ville leve til morgonen etter.
I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.
[Mark 6,48 - det er her tittelen til Falkbergets store roman om Benjamin Sigismund er henta frå]
III.9.I Begynnelsen på tjenestemann Perkhotins karriere
Vi er nå over på niande bok, «Forundersøkelsen». I grunnen ikkje så mykje å kommentere, for vi veit nå at forteljaren treng ei innleiing for gradvis å komme til høgdepunkt og poeng (eg ser nå at redaktøren for diskusjonen har oppretta to trådar, og dei tidlegare innlegga mine om den tredje delen skulle sjølvsagt ha vore publiserte i denne tråden her, men har eg forstått Dostojevskij rett, finst det tilgiving for langt grøvre mistak). Vi får vite at tenestemann Pjotr Iljitsj Perkhotin forhøyrer fyrst Fenja og deretter fru Khokhlakova, og fru Khokhlakova skriv ei erklæring om at ho ikkje har lånt pengar til Mitja. Forteljaren rettferdiggjer kapitlet ved å seie at han vil komme tilbake til møtet mellom henne og Perkhotin. Nå står politimeisteren for tur.