VI.12.III Medisinsk sakkyndighet og et pund nøtter

Dokter Herzenstube er med blant dei medisinsk sakkyndige, og forteljaren meiner han var «Herrnhuter» eller «mährisk broder». Det er ikkje ukjent i norsk rettshistorie at medisinsk sakkyndige er ueinige.

Herzenstube legg ut om tiltaltes mentale tilstand. Og pundet med nøtter? Eg veit ikkje. Historia understrekar «Gott der Vater, Gott der Sohn und Gott der heilige Geist», som jo står sentralt i romanen. Vi får sjå. Dostojevskij har nok ei meining med dette kapittelet òg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’

[Luk 12,16-20]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.

[Luk 12,15]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ser du har fått mange gode tips, eg heng meg på med forslag om Chris Tvedt. Her kan du velje mellom bøkene om advokaten Mikael Brenne og bøkene om kriposetterforskar Edvard Matre. Nokre av bøkene har han skrive saman med kona Elisabeth Gulbrandsen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

VI.12.II Farlige vitner

Eigentleg er det lite konkret å melde frå desse vitneavhøyra. Vi blir minna om at heile handlinga strekker seg over nokre få dagar, for sjølv om det verkar som vi ikkje har møtt Rakitin på år og dag, er det faktisk ikkje lenge sidan denne seminaristen og huslæraren (hos fengselsinspektøren) var ein høgst aktiv person. Nå får han spørsmålet «[E]r ikke De den samme herr Rakitin som har skrevet en brosjyre under tittelen 'Den i Gud hensovnede starets Sosimas liv og levnet'?». Dermed kom også staretsen inn att på sena; rettssaka kan vel nesten tolkast som eit oppgjer om Guds eksistens.

Forteljaren skriv ein interessant parentes om at han får vite at Grusjenkas etternamn kan vere Svetlova, for det visste han ikkje. Forteljarens rolle er ein studie verd i seg sjølv.

Trådar blir trekte til det vi med erfaring frå norsk rettshistorie kan kalle pengeviset – og til vesle Iljusja, som ligg for døden. Dostojevskij slepp ikkje taket i personane sine.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

[Luk 11,33]

Godt sagt! (5) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

[M]en mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

[Luk 10,29-37]

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (2) Varsle Svar

For ein arbeidar er verd si løn.

[Luk 10,7]

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

[Luk 10,3]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

VI.12.I En skjebnesvanger dag

Forteljaren trer tydelegare fram her når vi få vite om rettssaka mot Dmitrij Karamasov. Det er auga hans vi opplever rettssaka gjennom, og han tek sine atterhald når det gjeld objektiv skildring. Og interessa for saka var tydelegvis stor; dei fleste damene «var så ivrige at de hadde glemt å pynte seg». Rivalinnene Katerina Ivanovna og Grusjenka er blant dei store trekkplastera, ved sida av spenninga mellom juristane: forsvarar Fetjukovitsj og statsadvokat Ipolit Kirillovitsj. Salen er stappfull. Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd at forteljaren viste til ei pågåande rettssak her i landet.

Dette kapittelet ser ut til å tene som innleiing til rettsforhandlingane; det viser atmosfæren som forhandlingane vil finne stad i. Hovudpersonen, Mitja, erklærer seg skyldig i «drukkensskap og utsvevelser», «i dovenskap og fråtseri», men ikkje i at faren døydde.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.

[Luk 10,2]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lat dei døde gravleggja sine døde

[Luk 9,60]

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger Martinsen