Ganske sterkt av en bokelskar å sitere dette, då!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

FYRST JULIAN [...] Hvor skal jeg søge og finde?

BASILIOS FRA CÆSAREA I de hellige mænds skrifter.

FYRST JULIAN Det samme fortvivlevsens svar. Bøger, - altid bøger! Kom jeg til Lianios, så lød det: bøger, bøger! Kommer jeg til eder, - bøher, bøger, bøger! Stene for brød! Jeg kan ikke bruge bøger; det er liv, jeg hungrer efter, samliv, ansigt til ansigt med ånden. Blev Saulus seende af en bog? Var det ikke en lysflod, der slog ham imøde, et syn, en røst -!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så var det kongen. I den fyrste scena er han så absolutt ingen helt; her ser han kongeverdet og det sosiale hierarkiet som verdas grunnvoll og røyndom. Men dette synet varer ikkje gjennom heile stykket – i akt V ser han seg sjølv med nye auge, og han ordlegg seg like realistisk som Cordelia då ho i I, i. 91f. slo fast forholdet sitt til faren – ja, han bruker nesten det same uttrykket som Cordelias “no more nor less”:

I am a foolish fond old man, Fourscore and upward, not an hour more or less; And, to deal plainly, I fear I am not in my perfect mind.

IV, vii, 60ff.)

Dette er ei “humanistisk” – menneskesentrert – verdsoppfatning, på linje med det som Cordelia tydelegare har gitt uttrykk for. Kongen er her i ferd med å bli menneske, fyrst og fremst. I stykket blir han øydelagd av dei miskunnslause rollefigurane som høyrer den nye tida til. Vennene Gloucester og Kent er ikkje i stand til å hjelpe han.

Stormscenane er klare parallellar til den utviklinga som Lear gjennomgår. Elementane er i storm, samfunnet er heimsøkt av sosiale, stormfulle endringar, og det stormar i Lears sinn. I desse scenane finn vi òg byrjinga på ei løsysing, eit vendepunkt I utviklinga fram mot Lears humanistiske instilling. “My wits begin to turn,” (III, ii, 57) seier kongen. Dette er ikkje berrebyjinga på eit samanbrot, men like mykje ei oppvaking, eit nødvendig steg i den vidare utviklinga hans. Så vender Lear seg til narren:

Come on, my boy. How dost, my boy? Art cold? I am cold myself. Where is this straw, my fellow? The art of our necessities is strange, That can make vile things precious. Come, your hovel. Poor Fool and knave, I have one part in my heart That’s sorry yet for thee.

III, ii, 68ff.)

Dette er uttrykk for endring – ei utvikling bort frå sjølvsentrering, stoltheit og kongeverdigheit, i retning av vennskap og vilje til å samarbeide, m.a.o. brorskap. I dette avgjerande stadiet av stykket, der Lear for fyrste gong innser at han er på veg til ein ny type fridom, bruker Shakespeare ordet necessities. Det gjer Friedrich Engels òg, når han i Anti-Dühring snakkar om ein annan type overgang: den sosialistiske revolusjonen. Her taler Engels om at mennesket stig opp frå naudsynsriket til fridomsriket …

Shakespeare marxist? Nei, det kunne han jo ikkje vere. Sosialist? Ahistorisk spørsmål! Det han gjer, er å beskrive samtida si slik ho var, “no more, nor less”, ein nødvendig etappe i den historiske utviklinga. Men King Lear peikar ut over dette, kanskje som ein kommentar til Thomas Mores Utopia? I alle fall viser han oss ein ny måte å leve på, bygd på brorskap og fellesskap, ikkje på makt og nedervde oppfatningar.

Meir om kongen følgjer!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gratulerer! Noko av det fine med språk er at ein alltid kan skjønne noko, utan å ha som krav at ein skal skjønne alt før ein får glede av det. Eg synest at Che hadde ei heilt logisk utvikling - frå å oppleve naud og urettferd til å innsjå at berre djuptgripande endringar kunne betre situasjonen til dei som han i ungdommen byrja å solidarisere seg med. Og filmen er å få på dvd!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vakker bok - med 170 fargefotografi av dagens Pompeii. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå rundt i denne byen og sjå på bolighus, offentlege kontor, tempel og bordell. Med denne gaidboka blir byen endå meir levande. Eg har nettopp sett den fyrste episoden av Pompeii - Undergangen på dvd, og vart etter kvart imponert over korleis historia blir gjord levande gjennom livet til vanlege borgarar i Romarriket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein kortversjon av eit meir omfattande verk om Bysants - og kanskje derfor redusert til ei kronologisk opplisting av keisarar, krigar og grenseendringar? Historie er noko meir enn den reint politiske historia, og det finst årsaker til og verknader av historiske endringar. På dette området er er eksperten Norwich for svak. Synd det, når bysantinsk historie er så fascinerande (jf. vår venn Julian i Ibsens Kejser og Galilæer, han som vendte kristendommen ryggen og byrja å dyrke heidne gudar)!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja. Grønvold og Kjær er ikkje borte, dei heller:

"Jeg får ei mat, dessværre." (Es que no como.) / "Så skyld på drangen." (Queajos del escuerdo.) / "Heller vil jeg skrante. (No es bastante.) / "Ri hvortil nytter det min nød at klage, (¿Cómo me hed de quejar en mi dolencia,) / når hushovmesteren og dreng og herre (si el amo y escudero o mayordomo) / er vel så store øk som Rocinante?" (son tan rocines como Rocinante?).

Eg synest at begge versjonane legg seg godt opp til originalen, særleg med tanke på at dette skal rime. Dette med Rocinate skal eg komme tilbake til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Samtidig som eg repeterer Ibsens Kejser og Galilæer i "Henrik Ibsens skrifter", har eg lytta til radiotaterversjonen, Keiser og galileer, med Sverre Solberg som keisar Julian. Steinar Berthelsen har vore instruktur, og eg synest at han har skapt ein Julian for vår tid, hadde eg nær sagt, for dette går det verkeleg an å lytte til! Idé- meir enn handlingsdrama, men i denne versjonen skortar det ikkje på dramatikk verken på det indre eller det ytre planet! Arne Barca og Carl Henrik Grøndahl har bearbeidd teksta, noko som vel er nødvendig for å lage radioteater av det enorme stykket, men det er fyrst og fremst Åsmund Fedjes musikk som får fram idékampen. Og Arne Barca er ein slags trollmann med lyd; det har eg sett - eller høyrt! - mange gonger før. Fire fine cd-ar har det vorte, som fint lèt seg bruke som oppvarming til boka! Men éin stad verkar det som om ein av skodespelarane seier "skytterne" i staden for "Skytherne", og det er jo ein viss forskjell på dei to orda - og namnet på gudinna Kybele skal altså uttalast med trykk på den fyrste stavinga ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så har eg da også Sherlock Holmes-slips, innkjøpt i museet i Baker Street ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg les saktare enn du. Hitler såg det tysk-romerske keisardømmet som det fyrste riket og Bismarcks Tyskland som det andre. I kor stor grad desse omgrepa vart diskuterte i den tida da Tyskland vart samla (og Ibsen skreiv Kejser og Galilæer), veit eg ikkje, men parallellane mellom vårt stykke og Hitlers tankar har vore flittig kommenterte - som her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

ELEATEN: Jeg tror i alle fall jeg ser en stor og slitsom form for uvitenhet som vanskelig lar seg betrakte alene for seg selv, og som motveier alle de andre formene for uvitenhet.

THEAITETOS: Hvilken er det?

ELEATEN: Det å tro at man vet noe man ikke vet. Av dette synes alt som rokker forstanden hos oss, å oppstå.

THEAITETOS: Sant.

ELEATEN: Og bare denne del av uvitenheten, vil jeg tro, kalles dumhet.

THEAITETOS: Javisst.

ELEATEN: Hva skal vi kalle den del av opplæringen som befrir oss fra denne form for uvitenhet?

THEAITETOS: Jeg tror, kjære gjest [...], at den den du snakker om, her hos oss kalles oppdragelse.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Miguel de Unamuno var mangesidig og samansett. Eit av dei mest kjente skjønnlitterære verka hans er Tres novelas ejemplares y un prólogo frå 1920. Ikkje romanar, akkurat, men heller to noveller og eit lite drama - tittelen er vel sjølvsagt ein allusjon til vår venn Miguel de Cervantes, som òg skreiv eksemplariske noveller. Prologen er, bokstavleg talt, eit kapittel for seg. Her drøfter de Unamuno viktige sider ved litetraturen, og så skriv han altså tre "eksemplariske romanar". Dei handlar alle om alvorlege konfliktar mellom sterke personar. Ikkje så veldig levande, men, på godt og vondt, uttrykk for typiske trekk ved det spanske samfunnet og såleis ein nøkkel til å forstå det slik det var i byrjinga av det førre hundreåret - det samfunnet som borgarkrigen braut ut i. Ganske tørt skrive, skal eg seie det eg meiner, men stilen er nok vald for å passe til miljøa som forfattaren skildrar.

Tidlegare i vår tok eg fly frå München til Bologna, der eg kom over eit eksemplar av Corriere della Sera for 23. mars. Her skriv Matteo Collura ein artikkel i samband med at boka har komme i italiensk omsetjing. Tittelen på artikkelen er "L'autore che unisce realtà e finzione", og det kan det vel absolutt vere noko i, og Collura samanliknar, ikkje utan grunn, de Unamuno med Pirandello.

Miguel de Unamuno er ikkje direkte livleg, men skildrar dramatiske konfliktar og har noko å seie om verda og litteraturen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg reknar, som deg og Bull, Don Quijote som renessanse, men eg har sett ei spansk litteraturhistorie som vil ha verket plassert som barokklitteratur. Det er ikkje vanskeleg å finne barokktrekk, for retningane glir jo over i einannan. Dette kan vi jo sjå på etter kvart.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, sikkert - boka har komme i (minst?) to utgåver.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi har sett at det fyrste bindet om Don Quijote opnar, i tråd med tidas skikk og bruk, med eit brev til ein adelsmann, i dette tilfellet hertugen av Bejar, som boka blir tileigna. Den hertugen var ein reell person, har eg lese, men store delar av teksta har Cervantes faktisk kopiert frå eit anna verk. Så kjem “fortalen”, retta til lesaren, også dette eit kjenneteikn på tida. Ikkje utan grunn alluderer forfattaren her til den store Lope de Vega når han uttalar seg negativt om seg sjølv og boka (mange meiner at de Vega var like stor som Shakespeare, men at han skreiv på “feil” språk). Han legg òg inn sitat frå m.a. Ovid og også frå Bibelen, som jo var på latin den gongen i den katolske kyrkja. Og så finn vi ein samtale med ein venn, og vennen kommenterer dei latinske sitata.

Det er no så. Men Cervantes ber ikkje – etter skikk og bruk – lesaren om å unnskylde dette makkverket, for lesaren er fri, seier han, til å vurdere sjølv. Dette er nye tankar i ei verd som fram til no hadde vore meir guds- enn menneskesentrert! Vidare nemner han andre forfattarar og kjem inn på at romanen “i sin helhet” er “et angrep på ridderromanene”, ein dominerande sjanger på Cervantes’tid.

Dette er, skulle eg tru, noko av hovudpoenget: Cervantes går til åtak på ein sjanger som ikkje lenger svarar til den nye epokens verdiar, og han vil at lesarane skal vurdere verket fritt. Vi er i ei ny tid!

Men det er, ser vi, framleis vanleg å ha med dikt som kommenterer sider ved romanen. Interessant er ein allusjon til Orlandos galskap i Ariostos verk Orlando furioso. Ein artig vri er det fyrste diktet, der linjene ikkje er fullførte.

Eg liker òg diktet som nemner “skjøn Dulcinea av Tobo –“. Her er dikt til Don Quijote, til Dulcinea, til Sancho Panza og også til Rocinante – ja, til og med ein samtale mellom Babicea og Rocinante kan vi lese her; riktig fornøyeleg, er det.

No skal eg vere bortreist nokre dagar, men eg lurer Don Quijote, Sancho Panza og Rocinante med i bagasjen, så får vi håpe det beste for den vidare lesinga …

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Edgar følgjer far sin i eitt og alt. Den gamle jarlen gjennomgår ei interessant utvikling: han blir straffa for sin politiske blindskap, men får den innsikta som han mangla når han får sjå gjennom kontakten med Poor Tom:

Here,take this purse, thou whom the heavens’ plagues Have humbled to all strokes: that I am wretched Makes thee the happier: Heavens, deal so still! Let the superfluous and lust-dieted man, That slaves your ordinance, that you will not see Because he does not feel, feel your power quickly; And each man have enough.

(IV, I, 65f.)

Uttrykket “your power” er noko som Gloucester aldri har kjent og derfor aldri sett: kjærleik og brorskap – verdiar som Tom verkeleggjer.

Ein av dei mest interessante rollefigurane er likevel Cordelia. Det er ho som er den sannehelten i opningsscena. Og i måten representantane for den nye tida behandlar henne på, avslører dei seg som prinsipplause og umenneskelege.

Når ho blir spurd om kva ho føler for kongen, svarar ho:

I love your Majesty According to my bond; no more no less.

(I, i, 91f.)

Ho forklarer forholdet mellom to menneske heilt realistisk, for her er den eine personen bade konge og far I eit føydalt samfunn. Då blir “according to my bond” det einaste som dekkjer forholdet. Før vi går nærmare inn på dette, og før vi no bør gå inn på hovudpersonen, nemner vi berre kort at Kent er den modigaste og den minst korrupte av dei “føydale” personane, men er den som gjennom handlingane sine på slutten viser at utviklinga ikkje kan gå tilbake til føydale forhold og verdiar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dikt til 1. mai

Rudolf Nilsen: Bekjennelse

Det er ingen mening med livet?

Du sier: Vi fødes og dør,

men er der et mål for det hele,

en hensikt med alt det vi gjør?

Jeg kjenner en mening med livet.

Det er at du gjør din plikt

i stort og i smått mot din klasse -

i handling, i tanke og dikt.

Det er at du aldri gir efter

for løfter om laurer og lønn,

men trossig og hatefull kjemper

for rettferd og fred for din sønn.

Ti selv har du intet å håpe.

Lykken er ikke for dig.

For fremtidens slekt skal du åpne

en bedre og lysere vei.

Jeg kjenner en mening med livet.

Det er i de navnløses hær

å kjempe for arbeiderklassen

med tanke og sang og gevær.

På stengrunn, 1925

Godt sagt! (14) Varsle Svar

25 år gammal var Thomas Mann då han skreiv denne korte romanen - eller helst: lange novella - om motsetninga mellom kunstnarlivet og det borgarlege livet. Imponerande! Denne utgåva har illustrasjonar frå 1913-utgåva, som tydeleg understrekar konflikten mellom dei to miljøa. Interessant å lese om reise til og opphald i København, forresten!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Aber meine tiefste und verstohlenste Liebe gehört den Blonden und Blauäugigen, den hellen Lebendigen, den Glücklichen, Liebenswürdigen und Gewöhnlichen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Die reinigende, heilige Wirkung der Litteratur, die Zerstörung der Leidenschaften durch die Erkenntnis und das Wort, die Litteratur als Weg zum Verstehen, zum Vergeben und zur Liebe, die erlösende Macht der Sprache, der litterarische Geist als die als die edelste Erscheinung des Menschengeistes überhaupt, der Litterat als vollkommener Mensch, als heiliger, - die Dinge so betrachten, hieße, sie nicht genau genug betrachten?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterMarit AamdalAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelKirsten LundmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaPiippokattaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein KippersundIngunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekToveHallgrim BarlaupChristofferHanneAstrid SæverhagenStig THeidiBerit R