KONSUL BERNICK
[...] Det er fra mig fremskridtene må komme, ellers kommer de aldrig.

SKIPSBYGGER AUNE
Jeg vil også gerne fremskridt, herr konsul.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å nei, eg krev ingenting av nokon (på dette området). Berre at dei som vil blir med på det som dei vil vere med på når dei vil. Eller slik omtrent. Inga på- og avmelding, nei. Eg lagar ein plan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi bør vel lese i kronologisk rekkjefølgje - men med unntak for A Christmas Carol. Plan kjem.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leseplan for utvalde verk av og om Charles Dickens

Eg kunne tenkje meg både å lese om Dickens, lese opp att dei åtte verka som eg har lese før og berre (!) lese verk eg ikkje har fått sett meg ned med. Når det gjeld organisering av diskusjonen, har eg sans for både “kjell k-metoden”) og “annelingua-metoden” – og kjem derfor med framlegg om ein kombinasjon:

• Vi kunne lese eitt eller to verk etter “annelingua-metoden”, slik ein del av oss les Don Quijote, altså ved å ha ei “lekse” til kvar sundag. For at dette ikkje skal opplevast som stress, kunne vi kanskje, lage ein plan med eitt kapittel til kvar sundag? Dette ville i så fall gå over litt over eit år, med start før dickensåret 2012 og avslutning litt etter dickensåret 2012. Men kunne vi ta eitt verk til etter denne metoden? David Copperfield? Bleak House? Eller …? • Dei andre kunne vi lese slik kjell k har organisert lesinga av Ibsens samla verk, altså ikkje med ein heilt fast plan, men med lenkjer til kvart enkelt verk – så kunne kvar enkelt av oss nyte dei verka som ho eller han vil konsentrere seg om og leggje inn kommentar når det passar?

Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt å velje språk å lese Dickens på; kapittelinndelinga er vel den same uansett. A Christmas Carol burde vi jo ta i jula – eller moralsk sett: før jul?

“Something will turn up!”

Biografi

Eg har alt begynt å varme opp med biografien som Peter Ackroyd har skrive, Dickens (35 kap. og etterskrift). Dei som vil følgje med har kommentarar og/eller gode sitat, kan jo berre skrive dei inn her

Romanar og forteljingar

The Posthumous Papers of the Pickwick Club

(1836–1837) (57 kap.)

Oliver Twist (1837–1838) (53 kap.)

Nicholas Nickleby (1838–1839) (65 kap.)

The Old Curiosity Shop (1840–1841) (73 kap.)

Barnaby Rudge (1840–1841) (81 kap.)

A Christmas Carol (1843) (5 kap.)

Martin Chuzzlewit (1843–1844) (54 kap.)

Dombey and Son (1847–1848) (62 kap.)

David Copperfield (1849–1850) (64 kap.)

Bleak House (1853) (65 kap.)

Hard Times (1854) (37 kap.)

Little Dorrit (1857) (70 kap.)

A Tale of Two Cities (1859) (45 kap.)

Great Expectations (1861) (57 kap.)

Our Mutual Friend (1865) (68 kap.)

The Mystery of Edwin Drood (1870, ufullført) (22 kap.)

Dette skulle tilseie i overkant av ni hundre kapittel med rubbel og bit, som Richard Herrmann ville ha sagt, altså om vi reknar med biografien og forord og slikt. Ingenting for ein bokelskar, eigentleg, men litt i overkant innanfor 2012, kanskje. Så eg har tenkt å starte rundt 1. september med skjønnlitteraturen, og om eg les i gjennomsnitt to kapittel om dagen, blir eg ferdig (i denne omgang) på vårparten 2013, om eg ikkje har rekna heilt feil. Der Lillebjørn Nilsen løyser kryssord med kulepenn, trur denne optimisten her at døgnet blir utvida med ein time straks han får ei ny bok i huset.

Aller fyrst vil eg altså høre synspunkt på organiseringa og kor mykje vi skal lese etter annelingua-metoden (med “lekse” frå sundag til sundag).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, vi er ein del her som har begynt å erkjenne den universelle verdien i Gro Harlem Brundtlands utsagn om at alt heng saman med alt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ferdig med gjenlesinga av fyrste akt. Godt driv og fin bruk av den retrospektive teknikken - tenk på alt som blir sagt om samfunn og utlufting og som er hint til hendingar i fortida. For ei utvikling frå De unges forbund! Og Lona Hessel kallar adjunkten for "pastor" . hi-hi!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

ADJUNKT RØRLUND
De? Med tilladelse, frøken, hvad vil De gøre i vor forening?

FRØKEN HESSEL
Jeg vil lufte ud, herr pastor.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

FRØKEN HESSEL
[...] Men fy, fy, fy, - dette moralske lintøj lugter så fordærvet, - akkurat som ligsvøb. Jeg er vant til luften på prærierne, jeg, skal jeg sige.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

ADJUNKT RØRLUND
[...] Når en mand er sat til at være en moralsk støtte for det samfund, han lever i, så -; man må ikke være forsigtig nok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

FRU RUMMEL
[...] Vil De tænke Dem, hun klipped håret af sig, og så gik hun med mandfolkstøvler i regnvejr.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

You need not rest your reputation on the dinners you give.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så du er godt i gang! Vi får diskutere dette i løpet av Dickensåret!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja. på mange måtar er eg einig med deg - men sp er det dette med utviklinga, da. Ordet bok var opphavleg ei tavle av bøketre med runer på, og ei slik tavle er vel ganske så ulik det vi i dag forbind med bok. Kanskje var det nokon som protesterte da pergament vart samla i "bøker" òg? Så eg - som kan vere konservativ på ein del område - har komme til at eg godt kan vere med på å operere med "lydbok" og "e-bok".

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ikkje godt sagt, dette heller, men viktig å merke seg kvar Martin Luther ytrar seg slik.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

At øvrigheten er ond og urettferdig, gir ingen unnskyldning for sammensvergelse eller opprør. For å straffe ondskapen, det tilkommer ikke enhver, men bare den verdslige øvrighet, den som bærer sverdet. Slik sier Paulus i Rom 13 (v. 4) og Peter i 1 Pet 3 (kap. 2, v. 14) at den er innsatt av Gud for å straffe de onde.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nye, adapterte utgåver på spansk av bind I og bind II av Don Quijote er nå å få tak i her i landet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg syntest at det var eit poeng som absolutt kan forsvarast å vente med vindmøllene. Elles kjente eg att ein replikk frå bind II. Kostyma har eg ikkje greie på, nei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjenner du ordninga med vekas e-dikt?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kan ikkje ta stilling til ei bok som eg ikkje har lese, men eg vil gjerne nemne at eg for snart tjue år sidan, i USA, kjøpte bøkene The European Discovery of North America og The European Discovery of South America. Desse titlane inneber ein innfallsvinkel til kulturmøta der vest enn den som eg syntest mangla i lista til Hart over viktige hendingar i renessansens Europa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailaAkima MontgomeryHilde Merete GjessingTanteMamieKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTine SundalTherese HolmEgil StangelandMads Leonard HolvikBård StøreHilde H HelsethEster STor Arne DahlsveinEirin EftevandDinaAnn Helen EPiippokattaIngunn SEivind  VaksvikOddvarGLilleviTotoromarvikkisSigrid Blytt TøsdalIreneleserJulie StensethVibekeSynnøve H HoelHeidiPer LundTurid KjendlieMariannelittymseAnne Berit GrønbechHanneMcHempettIngvild SAlice Nordli