'Not too much writing home allowed, I suppose?' said the father-in-law, hesitating.
'None, except a circular at Christmas, to say that they never were so happy, an dhope they may never be sent for,'rejoined Squeers.
'Nothing could be better,' said the father-in-law, rubbing his hands.
'Then, as we understand each other,' said Squeers, 'will you allow me to ask you whether you consider me a highly virtuous, exemplary, and well-conducted man in private life; and, whether as a person whose business is to take charge of youth, you place the strongest confidence in my unimpeachable integrity, liberality, religious principles and ability?'
'Cerainly I do,' replied the father-in-law, reciprocating the schoolmaster's grin.
Much vexed by this reflection, Mr Squeers looked at the little boy to see whether he was doing anything he could beat him for: as he happened not to be doing anything at all, he merely boxed his ears, and told him not to do it again.
Mr Squeer's appearance was not prepossessing. He had but one eye, and the popular prejudice runs in favour of two.
Beslaglegginga av Fra Kristiania-Bohemen vart stadfesta ved ein dom i Kristiania Byret 29. april 1886. Forfattaren vart til 30 dagars fengsel. Hans Jæger appellerte til Høgsterett. Da Georg Brandes kom til Kristiania den våren, heldt han eit foredrag om Polen i Den frisindede Studenterforening. På ein selskapeleg samankomst etter møtet gjekk Jæger til angrep på Brandee fordi han ikkje hadde snakka om beslaglegginga av Fra Kristiania-Bohemen i staden for Polen. Georg Brandes svarte spydig:
Jeg vidste ikke af, at De er Verdens Midtpunkt!
Litteratur om Olav Duuns liv og forfattarskap
Du er så rask, du! Føler at det er fyrst nå at eg er kommen i gang. Til alle som ytrar seg om "fristar": Her er ingen kontroll, ikkje noko ytre press, berre ei ramme for dei som vil knyte lesinga av romanane til det som er før, i og etter Dickens-året. Så ikkje stress - nyt!
Og som eg tenkte: Opninga var ein introduksjon til at vi skulle få møte Nicholas. Tenk på dette: Dickens etablerer ei sjølvstendig - men ikkje uviktig - ramme rundt hovudpersonen, og så møter vi han (ikkje Dickens, men Nicholas) saman med onkelen. Ikkje noko rett på og skrive-alt-som-det-er-og-fortelje-alt-til-lesaren-med-éin-gong her, nei! Å, så mange forfattarar som kunne lære noko her!
'A widow, ma'am?' said Ralph.
'Yes, she is a widow,' replied the lady.
'A poor widow, ma'am?' said Ralph, with a powerful emphasis on that little adjective which conveys so much.
DOKTOR STOCKMANN arrig
Jo, det skal jeg sige dig. Det er fordi at her i byen er alle mand kærringer - ligesom du; alle tænker de bare på familjen og ikke på samfundet.
FRU STOCKMANN griber ham i armen
Så skal jeg vise dem en - en kærring, som kan være mand - for engangs skyld. For nu holder jeg med dig, Tomas!
DOKTOR STOCKMANN
Sniksnak, Katrine; - gå hjem og tag dig af dit hus og lad mig ta' mig af samfundet.
DOKTOR STOCKMANN
Men er du da rent gal, Katrine! Skal en mand med kone og børn ikke få lov til at være en nyttig og virksom statsborger, - ikke få lov til at tjene den by, han lever i!
Hvis jeg leser en bok som "alle" andre har lest før meg for måneder eller år siden, og jeg fikk lyst til å mene noe om den boken,synes jeg det er helt greit å smette inn på en lenke som stoppet opp for et år siden.Da er det også mulig at den settes i gang igjen. Det var nå bare min mening da.
Bøkene om Arn har jeg ikke lest enda,men har sett noe om Arn på TV,nå er det så mange andre forfattere som jeg hadde tenkt å snuse litt på.Liker veldig godt måten Guillou skriver på,nesten som å være med i boka og handlingen.Venter på, og håper at det skal komme en bok til om Hamilton.That will be the day..
Eg blir vel ikkje ferdig med neste bolk før tett oppunder fristen for bolken etterpå, så eg kan ikkjeopne tråden ennå. Ja, her er mange referansar, som vi får sjå litt på.
For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.
(Luk 12,34)
Eller se måten romere følger sine strenge regler på: Ikke cappuccino etter lunsj. Aldri!
På slutten av 50tallet bodde jeg i samme område som Rottenikken hadde holdt til. Gikk noen historier om han der.
Ja, for meg var dette logisk ut frå Ws løysing, og eg kunne vel ha nemnt det, men eg ville helst gå ut frå originalen, dvs. den utgåva eg har, da. Men da satsar vi på at du har tenkt rett!
Eg bruker ikkje å ta ordet i diskusjonar som handlar om språk på ein nettstad om litteratur, særleg når eg ser ko godt Karamella ordnar opp, men her vil eg veldig gjerne seie at infinitiven heiter burde eller byrje i nynorsk og burde i bokmål. Ein kan altså ikkje seie at burde er preteritum av bør, for bør er presens. Forma burde er preteritum av burde. Elles er kommentaren din interessant.
Artig med den videobiten, som eg skal vite å bruke. Mest til inspirasjon, men òg for å sørgje over at favorittførelsaren Francis Bull neppe ville ha nådd til finalen i denne tevlinga her ...
Så få vi er, da. Vi har tapt mot Johan Borgen, som opplevde folketomme gater da hans las frå Barndommens rike i radioen, og vi har tapt mot det same mediet sin versjon av Rolf og Alexandra Beckers Dickie Dick Dickens, som utløyste streikebryteri i NRK for at folk skulle få høyre om Chicagos farlegaste mann. Men mange av dei som har skrive om Don Quijote (La Manchas farlegaste mann?) har i alle fall trekt fram at forfattaren gir eit realistisk bilete av det spanske samfunnet i overgangen frå mellomalder til ny tid, og eg synest at desse kapitla om bryllaupet til Camacho sikkert lyt ha vore med i vurderinga da slike konklusjonar vart trekte: Her er det detaljerte skildringar av det frodige folkelivet, her er fleire samfunnsklasser og –sjikt. Og her er liv.
Så skal vi sjå, ei veke på etterskot, kva som ikkje er nemnt i tidlegare innlegg: Den andre av studentane «no traía otra cosa que dos espadas negras de esgrima, nuevas, y con dos zapatillas» (G&K: «to floretter med knapperne på»; W: «to fektesverd av jern, begge nye med dupp på spissen»). Var det ikkje vi som såg på uttrykk som blanke våpen og trekkje blankt sist vi møtte liknande skildringar? Og annelingua som vanleg dukka ned i kjeldene? LAM siterer ein som seier at espadas blancas er dei aceradas – acerado: «1 stål-, stålagtig, 2 spids, (fig.) bidende, skarp» – våpna som vi forsvarar og oss og går til åtak med, til forsvar frå «las de esgrima», og verbet esgrimir betyr «fekte», som er av reint jern, utan glans, utan skarp kant og med knapp på spissen. Espadas negras, derimot, er «svarte sverd/kårdar» som vart brukte til fekting. Desse zapaitillas var forros («beklædning, betræk, omslag») eller botones («knap», «dup») av lær som dekte spissen av sverdet/kården så dei ikkje skulle stikke nokon. Ordboka som eg har gått over til å bruke meir konsekvent enn før, er Pia Vaters Spansk-Dansk Ordbog, heretter forkorta V. Kanskje er vi nå litt nærmare eksakt kunnskap om våpen frå denne tida.
Vidare seier G&K at studentane skjønte at don Quijote hadde «en skrue løs», som kanskje er å vere litt for direkte, for originalen snakkar om «la flaqueza del celebro de don Quijote», altså ein mangel ved – ja, sei dét; celebro står ikkje i nokon av ordbøkene mine. Tenkjer ikkje eingong Pia på våre behov? Men eg trur likevel at W nok er mest på linje med Cervantes her: «… hvor dårlig det sto til med don Quijotes hjernekapasitet».
Og ordspel er vanskelege å omsetje, særleg når Sancho Panza forvekslar ord og uttrykk som liknar på einannan. I originalen forvekslar han friscal og fiscal. Adjektivet fiscal har jo med skatt og andre kjedelege, men akk! så nødvendige, ting å gjere, mens den vanlege tydinga av substantivet fiscal er statsadvokat, dvs. eit offentleg aktorat. Dette passar med at væpnaren føler seg kritisert av riddaren sin. Men friscal står ikkje i ordbøkene, så anten er ordet for grovt, eller så finst det ikkje. G&K lèt Sancho Panza seie urinisere i staden for ironisere, og det er jo flott, så kva blir att til W nesten eit hundreår etterpå? Jo, krytisk og kritisk. Ikkje særleg mykje å slå opp latterdøra av? Dette er forresten fyrste gongen at eg bruker W litt systematisk. Han skriv godt, det må eg seie, sjølv om eg altså er «krytisk» innimellom.
LAM har ingen fleire kommentarar som eg synest det er nødvendig å opplyse medlesarane om. Men eg vil gjerne, for eiga rekning, trekkje fram opninga på II.20: «Apenas la blanca aurora había dado lugar a que el luciente Febo con el ardor de sus calientes rayos las liquidas perlas de sus cabellos de oro enjugase, cuando …» Dette er Homer! Eg meiner: Her bruker Cervantes den same opninga som renessanse- og barokklesarane kjente frå Iliaden og Odysseen når Homer skal skildre kva som hendte når ein ny dag grydde! Artig parallell!
Da vil eg til slutt – eg lyt prøve å komme i rute – framheve den gode observasjonen av samfunnsforholda i II.20: «Dos linajes solos hay en el mundo»: det finst berre to slags menneske (W seier slekter, som er mest korrekt, meint stilsitisk held eg med G&K når dei har mennesker) her i verda – «el tener y el no tener». Så kort kan det seiast: Dei som har og dei som ikkje har. Dette er noko vi skal møte ofte i spansk kultur framover: konflikten mellom «las dos Españas», ein konflikt som kulminerte under borgarkrigen. Dvs. den av dei som vara frå 1936 til 1939.
Så til neste bolk! Men om du kan peike på kvar W skriv om pelotaspelar, så skal eg ta oppdraget. Eg tenkte ikkje over det da eg las. Så godt at vi er fleire!