Eg kjende ikkje til denne boka. Det du har skrive om henne freistar til å skaffe meg henne. Ho høyrest å vere svært interessant. Andre "skal lese"-bøker må nok vente litt då. Eg las Kairotrilogien for nokre år sidan. Dei bøkene "sit i" ennå. Veldig gode!
Hjertevarm og med underfundig humor, men på samme tid trist. En stor leseopplevelse. Anbefales!
På nettet er det Haugen bok og amazon.com.Elles fins det ein veldig god bokhandel på Evje, Setesdalen Libris. Den er driven av tre leseinteresserte damer. Deira begeistring for bøker smittar, og når eg har eit ærend innom der, kjem eg som regel ut med ei eller fleire bøker.
Kate Morton har kome med ny bok. The Distant Hours. Eg trur ikkje ho har blitt utgitt på norsk ennå. Har lasta henne ned frå I-Tunes.
Ser ut til å vere ei morosam bok. Har sett henne på "skal lese-lista".
Ny bok til hausten av Gert Nygaardshaug? Då gledar eg meg veldig! Er stor Nygaard-fan!
Ikke helt som forventet....
Det fins mange vakre dikt om naturen og dei skiftande årstidene. Her er eit nydeleg vinterdikt av ein av mine yndlingsdiktarar, Hans Børli:
Nysnø
Ennå finnes der
tilgivelse i himmelen.
Gårsdagens sulk og søppeldynger
blir dekket til med
et finmasket slør av hvitt.
Jeg sitter og ser på
fnuggenes uendelige mjuke fall
skrått over brystet til en dompap
som lyser med sitt lille liv
i bjørka utenfor mitt vindu.
Det kjennes varmt innom meg
at alt jeg holder av, alt
som dufter av ville vinger,
er innerlig nær meg
hver gudskapte dag - her
mellom Jordens lågmælte undere.
Rart hvor lite et hjerte kan leve på
når alle kunstige behov
ligger igjen på en skrotplass
ved Melkeveien.
Jeg går barhodet ut.
Står i det hvite suset
og lokker snøhvite ord
heim fra skogen.
Eg har også lytta til denne boka og hadde glede av dette. Edvard Hoem gir ei fin skildring av Peder Bjørnson sitt liv og samtidig ei skildring av livet i prestegardar og bygdeliv i 19. århundre. Hoem har evne til å gjere stoffet interessant og lesverdig!
Det er ein bokserie om Knoterud FK (fotballklubb). Bøkene er lettleste og korte. Ein god del humor.
Skolebiblioteket har sikkert eit utval bøker for fotballinteresserte gutar.
Jeg er helt enig. Mellom oss er en kjempegod debutroman som bør leses
Dette er ein fabelaktig god roman med eit nydeleg språk, - til tider poetisk. Gripande forteljingar om livet til musikarane som tilfeldig er komne saman og dannar orkester på Titanic.Historiene deira er hovedtemaet i romanen. Bakteppet er Titanic si reis og forlis. Livshistoriene til musikarane er svært forskjellige. Dei kjem frå ulike land og ulike samfunnslag, men alle bryt med familie og endar opp aleine. Ein stor roman som gir rom for ettertanke.
Du burde sette serien til Julie Kagawa på listen din. Jeg holder på med første bok, The Iron King, og den er kjempebra. Hvis du googler serien, vil du se at den har fått overstrømmende anmeldelser fra flere utenlandske bokbloggere.
Intenst nifs affære. Anbefales. En av de beste spøkelseshistoriene jeg har lest.
Eg har lese Maria Stuart av B. Bjørnson. Dette skodespelet handlar om Dronning Maria Stuart av Skottland og hennar siste regjeringsår, mars 1566 til ho måtte abdisere i 1567
Språkdrakta er frå 1892 og gjer stoffet til tider vel tungt å ta inn. Men eg har vore ein dag på Holyrood castle og gått i Maria Stuart og David Rizzio sine fotspor. Eg har sett staden der Rizzio anda ut. Skottane passar på å male opp att med raudt staden han døydde.
Å ha gått rundt der det hende har gjort det lettare å leve seg inn i historia, så eg likte skodespelet.
Det er frå dette stykket uttrykket: "hver gledesstund du fikk på på jord betales må med sorg" kjem frå. Orda er lagt i munnen på william Taylor
min far hadde same livssyn som deg. Han las heile bibelen og iallefall ein gong og gamle testamentet fleire gonger. Det er der dei gode historiene er, sa han.
Sjølv har eg prøvt fleire gonger utan å komma i mål. Likar best historia om Rakel og Lea og når dei stakk av med verdisakene til Laban(faren):)
Eg fekk denne boka til jul. Og må føye meg til din hyllest! Bøkene hans er så sære og så gode at eg blir nysgjerrig på både forfattaren og overrsettaren. For første gong i mitt liv skulle eg ønske eg kunne finsk. Tenk å kunne lese Paasilinna sine bøker på originalspråket!!!1 :)
Jeg vil tro de er rett rundt hjørnet. Noen forlag sendte ut pressemeldinger på dette i desember allerede. Jeg vil tippe at det vil ligge på hjemmesidene til forlagene i løpet av de neste ukene.
Jeg gleder meg mest til den nye boken til John Ajvide Lindqvist og de norske krimutgivelsene.
Jeg har laget en oversikt ( dog ikke uttømmende) over vårens bokutgivelser her
Jeg bruker forlagenes hjemmesider, søkefunksjonene hos nettbokhandlerne, blogger, hjemmesider m.m for å holde meg oppdatert.