Eg les 'Hegrenes dal' av Sarita Mandanna. Foreløpig berre komt til side 57, og nn så lenge går det tregt. Boka har ikkje fenga meg heilt enda. Hadde eit håp om at dette skulle vere ein lettlest underhaldningsroman, men er som sagt ikkje heilt overbevist.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boka fenga ikkje meg i det heile! Lite engasjerande og personane var lite truverdige. Emnet boka tek føre seg er absolutt viktig, men her blei ikkje historia formidla godt. Slutten blei litt too much for min del. Etter å ha skumma gjennom dei siste 50-100 sidene har eg plasset boka i bokhylla eg har kalla 'anbefaler ikkje'.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg begynte på "Historien om vakre jente" tidlegare i veka. Er ikkje komen skikkeleg i gang, og er litt usikker på kva eg syns så langt. Satsar på å lese den ferdig i helga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg fant ei utgåve av Mansfield Park i eit antikvariat, etter tips frå Kirsten Lund, og bestilte den. Men tusen takk for tilbodet, eg set stor pris på det!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk, takk! Den er bestilt :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tips! Det er nesten flaut å innrømme det, men eg har aldri vore i bokbyen... Og ja, eg høyrer heime i Sogn og Fjordane. Skal sende dei ein epost og sjekke!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter stor suksess med å få tak i boka "Overtalelse" med hjelp frå bokelskar Iselin, prøver eg igjen. Eg har eit ynskje om å skaffe meg "Mansfield Park" og "Northanger abbey" av Jane Austen, i norsk utgåve. Er det nokon som kan hjelpe med det? Selge meg ei utgåve, eventuelt nokon som har tips til kvar eg kan skaffe dei?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ser absolutt at det er ein fordel at barn får lese noko som interesserer dei. Interessa for å lese må nok vekkast før det er særleg håp om å "utvide horisonten", iallefall dersom det er snakk om barn som i utgangspunktet ikkje er så glad i, eller vant med, å lese.

Min eldste, ein gut på 7 år, er glad i actionheltar, figurar frå ymse tv-seriar, dragar, star wars og liknande. Ein periode gjekk det mykje i teikneseriar, noko eg ikkje likar å lese. Men i sommar har vi lese oss gjennom 15 bøker i Taynikma-serien. Dette er fantasy-bøker med eit pittelite snev av teikneserie, og passa perfekt for guten. Både han, eg og pappaen var fornøgde med lesestoffet. Eg merkar at det er viktig for min eigen del at eg likar det eg skal lese høgt, då blir engasjementet naturleg nok større.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høgtlesing er bra, ja. Ser det godt på jobb og. Jobbar som lærar for tredje klasse, og det er utruleg kjekt å lese for dei. Og så er det jo så mange gode og morosamt barnebøker å ta av!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Satsar på å komme godt i gang med "Overtalelse" av Jane Austen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I dag fekk eg pakke i posten, så no er "Overtalelse" på lese snart - lista mi!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her har vi tidleg begynt å lese til ungane på senga, før legging. Det blei fort ei rutine vi såg ungane likte og sette pris på, og då blir det igjen lettare for oss vaksne å sette av tida til det. I tillegg til at det er ei kosestund for store og små merkar vi jo og at det gir uttelling på andre måtar. Betre ordforråd, fantasi, evne til å fortelje ei historie frå start til slutt og ikkje minst er det jo ei god øving i å konsentrere seg og fokusere på noko. Berre positivt med andre ord!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei leseglad mor blir varm langt inn i sjela når 7-åringen ber om at vi les Charlie og sjokoladefabrikken igjen, fordi "den var jo så morsom". Eg kosar meg når ungane legg hovudet på skuldra mi om kvelden, og sluker orda i bøkene vi les, når dei rettar på meg og seier "det er ikkje sånn historia er". Eg håpar lesegleda varer, og at dei får like mange gode, engasjerande, triste, romantiske, skumle og fine lesestunder som det eg har hatt!

Godt sagt! (28) Varsle Svar

Eg gler meg til den kjem i postkassen! Har sett filmen og likte den, men historia får alltid litt meir "kjøtt på beina" i bokform, så eg ser fram til å lese boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg har googla både lenge og vel uten å finne anna enn lydbokversjonen eller engelske utgåver. Er det verkeleg ikkje marknad for desse bøkene lenger, sidan det er så vanskeleg å få tak i dei? Eller er det andre grunnar til at dei ikkje er i salg lenger?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tusen takk for hjelpa! Då er den bestilt frå Majorstuen antikvariat, og forhåpentlegvis snart på vei til bokhylla mi :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som ihuga Austen-fan blei eg nokså skuffa då eg oppdaga at "Overtalelse" var meir eller mindre umogeleg å få tak i frå bokhandlarar, både på nett og i fysiske butikkar. Eg har boka tilgjengeleg på engelsk, men kunne også tenke meg ein norsk versjon. Er det nokre snille sjeler her på forumet som har eit eksemplar å selje meg? Eventuelt tips til kvar det går ann å få tak i denne boka?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du meiner "Døden kommer til Pemberly"? Eg likte den godt, men som ihuga fan av både P.D James sin krim og "Stolthet og fordom" er det kanskje ikkje så rart. Men, på tross av forkjærligheten min til både James og Austen, så nådde boka ikkje heilt opp til forventningane. Men absolutt verdt å lese for dei som er svake for Mr og Mrs Darcy!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I helga skal eg lese ferdig "Døden kommer til Pemberly". Dersom det blir meir lesetid kjem eg nok til å starte på "Mississippi".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorTove Obrestad WøienChristofferDaffy EnglundElisabeth SveeAnniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn Christin