Eg blei litt skuffa. Mange som har skrytt av den, og eg syns ikkje den svarte heilt til forventningane. I tillegg syns eg den blei litt i overkant brutal. Nokre gonger blir det rett og slett for mykje blod.
Einig! BBC- versjonen av Stolthet og fordom kan nesten måle seg med boka, men filmatiseringa, med Kiera Knightley, var direkte skuffande!
Men serien blir jo berre betre etterkvart som du "veks" inn i Harry Potter sitt univers. Dei første bøkene er barnslegare enn dei seinare, og stemninga blir dystrare. Eg skulle så gjerne ønske at eg ikkje hadde lese Harry Potter endå, slik at eg nok ein gang kunne få oppleve serien for første gang :)
Det varierer veldig. Dersom eg har ånden over meg, les ei fengande bok, og har tid kan det fort bli nokon hundre sider pr dag. Andre gangar kan eg bruke veker på samme antall sider. Leselysta varierer nok og mykje. I nokre periodar les eg dagleg, medan andre ganger les eg mindre.
Ikkje noko problem :) Bøkene i hylla er for det meste mine, med nokre unnatak. Har aldri tenkt på at det skulle vere problematisk å blande mine og dine bøker.
Roald Dahl er fantastisk! Eg har alltid vore glad i bøkene hans, og no driv eg Dahl- propaganda overfor elevar og eigne barn i håp om at fleire skal oppdage han.
Kjøkkengudens kone er absolutt å anbefale! Likte både den og Lykke og glede veldig godt!
Eg syns denne boka føyde seg fint inn i rekka av typiske "dameromanar". Hadde nok litt høge forventningar etter å ha lese om boka er inne, men blei dessverre skuffa. Boka var god nok den, men utifrå omtalar trudde eg kanskje den skulle ha litt meir djupne.
Eg har nett begynt på denne boka, men ser ut som om eg kjem til å avbryte den. Den er forsåvidt morsom, men fengar ikkje heilt likevel.
Som du er eg veldig glad i Jane Eyre, så eg prøvde meg på Villette ein gang. Trur eg hadde ein norsk versjon. Men det blei til at eg la den til side, kom ikkje skikkeleg inn i historia. Eg burde kanskje gi den ein sjanse til, men det freistar ikkje endå.
Her har eg berre lese 4. Har begynt på eit par til, men ikkje fullført.
Etter ny opptelling er talet oppjustert til 56. Mange av bøkene på lista er jo ganske lett litteratur, og då blir dei kjapt lest :)
Kjekt med lister :) eg har lese 31 av desse bøkene, og nokre av dei kjem høgt opp på favorittlista mi og :)
Har lese 56 av bøkene på lista. Nokre er av mine favoritter og, andre syns eg var ganske dårlege. Har i tillegg nokre i bokhylla som kanskje blir lesne ein dag.
Denne var berre kjedeleg.
Øya var i grunn ganske dårleg den og, så trur ikkje du går glipp av noko om du ikkje les den. Dvs, fortidshistoria var interessant og ganske god, men notidshistoria var lite spennande. Språket i boka irriterte meg og, men det kan jo sjølvsagt vere på grunn av oversetjinga.
Samme her. Orkideens hemmelighet var verkeleg ikkje verdt papiret den var skriven. Makan til møl skal ein leite lenge etter. Kjem nok ikkje til å bruke tida mi på ei ny bok av Riley.
Eg har 20 bokhyller, men syns likevel det kan vere vanskeleg å plassere bøker rett. Nokre bøker har eg plassert etter verdsdel, andre etter sjanger, og andre igjen etter handling.
På mitt låneeksemplar er det bilete av ein gerbera.
Omtrent som mi oppleving. Eg trengte litt tid før notidshistoria fenga skikkeleg. Men totalt sett blei boka ei god oppleving.