Denne helga les eg Arven av Kathrine Webb. Fin underhaldningsroman, så det går unna. Hovudpersonen Erica er i ferd med oppklare heile to familie-løyndommar. Pageturner....
EIN LITEN KVIST.
Ein liten kvist med sylvrim på
står drøymande ein frostdag blå.
Å, var eg berre kvisten, eg,
med sylvrimkåpe over meg.
Ein vårdag vil han, kvisten, stå
med lette, grøne knoppar små.
Å, var eg berre kvisten då,
som unge knoppar spretter på.
Ein liten kvist, men tru du meg,
- han hyser krefter inni seg.
Torvald Tu.
Min yndlingsbokhandel er på Evje i Aust Agder. Libris. Han er driven av nokre damer som gir ypparleg service. Dei er interessert i litteratur og er flinke til å anbefale bøker til kundar. Dei vil også gjerne få tilbakemelding om bøkene ein kjøper. Eg går ikkje ut av butikken utan at eg har med meg ei eller fleire bøker, sjølv om eg eigentleg berre skulle ha ein eller annan liten ting.
Vi kom inn i det nye århundret uten kompass.
Allerede i løpet av de første månedene varslet flere foruroligende hendelser oss om at verden er i drift og i grunnleggende ubalanse på en rekke områder samtidig
- intellektuelt, finansielt, klimatisk, geopolitisk og etisk.
Verden i ubalanse av Amin Malouf.
Kjempefin bokmelding, Brit! Eg er heilt einig i det du skriv. Den usynlige broen er ein fengslande, utruleg god roman. Karakterane og situasjonane er truverdige og realistiske. Ein blir sterkt gripen av personane og livet deira.
Ungarn si historie frå under den 2. verdskrigen har vore nokså ukjend for meg. Den historiske ramma i boka er autentisk. Forfattaren Julie Orringer er etterkommar av ein ungarsk jøde som enda opp i USA etter krigen med familien sin. Ho fortel i eit intervju at det var bestefaren si soge som inspirerte til denne romanen. Han var arkitektstudent i Paris med ungarsk stipend, men måtte reise heim då dei stoppa å utbetale stipend til jødar. Ho byggjer på det familien hennar har fortalt, og på grundig research i tillegg.
Ja, dette var ein pageturner som eg vil anbefale andre å lese. Skulle forresten gjerne sett at det var eit kapittel til, der vi hadde fått visst korleis reisa til USA gjekk....
Denne helga kjem eg til å lese ferdig Den usynlige broen av Julie Orringer.
Elles held eg på med (lyttar til) Snorre 3. Tredje og siste CD-palkke med Heimskringla.
Eg kosa meg med romanen Sullivan`s Island. Vi får historia til Susan Hayes som vaksen i 1999 og som fjortenåring i 1963. Kapitla vekslar mellom desse epokane.
I nåtida er ho aleinemor til ei tenåringsdotter og strevar med å komme seg på beina etter å ha blitt forlatt av ektemannen.
I historia frå 1963 får vi kjennskap til familiesituasjonen hennar. Faren er ein hard mann med eit skremande temperament. Mora er svak og depressiv. Susan og søskena blir utsette for mishandling og omsorgssvikt. Men så kjem ei svart hushjelp, Livvy, inn i huset. Ho er ei sterk og klok kvinne som får slutt på mishandlinga medan ho er i huset.Ho tok vare på familien og sette eit varig preg på liva deira.
Forfattaren har skapt ei ganske interessant historie med truverdige karakterar. Men slutten tykkjer eg ikkje er så vellykka. Her skjer ting noko for fort. Eg blei litt snytt der. Likevel ei bok å anbefale.
Ja, Fredrik Wandrup sin artikkel var interessant å lese. Han skriv mellom anna at spørsmålet "Hva slags bøker ville Charles Dickens skrevet i dag?" er tittelen på eit av arrangementa i jubileumsåret hos britane. Skulle vore artig å vite det....
Eg har lånt Til musikken som lydbok. Veldig god bok og nydeleg musikk! - Men siste CD-en var så full av hakk at eg ikkje fekk med slutten. Så eg må lese dei siste kapitla i papirbok. Nå står dei to andre bøkene i trilogien på "skal lese-lista" mi. Gledar meg til dei! Ketil Bjørnstad er ein dyktig forfattar!!
Kan det vere Tante Pose av Gabriel Scott?
Kan det vere Samuel Beckett sitt stykke Mens vi venter på Godot?
Når det kjem til stykket, er det
så lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
Olav H Hauge
Eg er i ferd med å lese Til Musikken nå. Ei fin bok som eg absolutt vil anbefale. Det er lydboka eg "les", då får eg med musikk i tillegg.
Med Kilden får du deg ei fin lesehelg. Nydeleg bok!!
Sjølv har eg nyleg begynt på Den usynlige broen av Julie Orringer. Romanen ser ut til å svare til dei store forventningane mine...
Diktet står i HANS BØRLI SAMLEDE DIKT (Aschehoug)
450 sider med nydelege dikt.
Etterord av Tom Christophersen.
DET SNØR
Det snør
i mine grove hender.
Et svimlende kort sekund
står fnuggene levende
på huden - jeg ser
deres uendelige skjøre
rosettmønstre, et himmelpust
av urørt renhet -
da bryter de sammen
for blodvarmen i meg
og renner i dråper av skittent vatn
over de kvaesvarte håndflatene.
Hans Børli
Beth Hoffman har levert ein fin debutroma! Ypparleg ferielesnad. Eg blei gripen frå første side. Dette er ei feel-good-bok.
CeeCee har ein tragisk og venelaus barndom. Berre ei gammal nabokone bryr seg om henne. Så skjer noko som forandrar livet hennar totalt, - og ho kjem til ei rik, og godhjarta grandtante som bur i eit stort hus i Savannah.
Tanta og den kloke og snille husholderska hennar gir god, kjærleiksfull støtte til jenta i prossessen med å komme over såra som barndommen har sett.
Ein finn mykje tankevekkjande livsvisdom i boka, - humor også.
Eg er einig med deg, Torunn, i at boka ikkje er så djup. Tykkjer kanskje òg at det nye livet hos tanta er noko for godt til å vera heilt truverdig...
Men det er absolutt ei bok å anbefale. Den som lika Bienes hemmelige liv, vil nok like denne.
Can a magician kill a man by magic?” Lord Wellington asked Strange. Strange frowned. He seemed to dislike the question. “I suppose a magician might,” he admitted, “but a gentleman never would."
..The argument he was conducting with his neighbor as to whether the English magician had gone mad because he was a magician, or because he was English.
There is nothing in the world so easy to explain as failure - it is, after all, what everybody does all the time.