Ok, takk for tips.
Er dette sakprosa eller skjønnlitteratur?
Etter mine begrep er Mysteriet i trua ein fin måte å bli kjend med Jon Fosse. Og annleis enn å lese bøkene hans, der han er kompromisslaus og held seg til det løynde og det usagde, og prøvar å nå inn til sanning ved å lytte, ikkje ved å finne opp og konstruere karakterar, miljø og handling. Fosse ferdast der Fosse ferdast, og det krever naturleg nok mykje av lesaren.
I Mysteriet i trua er det annleis. Her møter vi Fosse som menneske. Teologen og katolikken Eskil Skjeldal stiller spørsmål, og Fosse svarar som best han kan. Dei er innom mange tema, både filosofi, skriving og livet generelt, men heile tida med utgangspunkt i at Fosse ved eit punkt konverterte og blei katolikk. Vi får mellom anna vite at Fosse som ungdom var dregen mot sosialismen (og er det framleis - vestlandsanarkist), at han ikkje fann seg til rette i arbeidarrørsla, sidan han var ubrukeleg til alt anna slikt arbeid enn å "spyle tak og veggar", at han likar det smålåtne og lyttande hos kvekarane, mykje om Wittgenstein og Heidegger og han peikar på to skjelsetjande andelege opplevingar i livet, eine ei nær døden -oppleving som liten gut, andre ei plutseleg kjensle på kjøkengolvet av å stå i ei enorm lyskjegle. Fosse seier han er ein elitist, men også ein slask på bakarste benk. Det høge kan ikkje finnast uten det låge. Han fortel om alkohol, røyking, snusing og å lytte og finne det heilage i punktet der lidinga i eige liv møter lidinga til Jesus på krossen i forløysing. 'Der fortvilinga møter si grense, der er Gud." Dette minner meg om Edvard Hoem sine tankar i romanen Tid for klage, tid for dans, der hovudpersonen til slutt konkluderer med at om Gud framleis finnast her på jorda etter alle krisene og meiningsløysa, så er det i lidinga og kjærleiken, som vi alle har felles.
Skjeldal spør også t.d kva Fosse meinar om den katolske kyrkja sine synder, om homofili, forkynning, sølibat, den endelege domen og meir. Og korleis kan ein framleis tru på Gud etter Auswitz? Interessant tykte eg det var: Den endelege domen skjedde ved Jesus på krossen, og den domen pågår kvar dag og kvar augneblink den dag i dag.
Fosse seier i siste linjene at han blei katolikk på grunn av mysteriet i den katolske trua. Skjønbart, då mysteriet er sentralt i Fosse si dikting og. Absolutt tilrådd lesnad, då boka gjev eit godt innblikk i Jon Fosse si tenking og skriving.
En spinnvill røverhistorie med katt, sild og muldvarp i hovedrollene. Ulikt det meste annet av romaner jeg har lest. Det er en god del morsomme hendelser og vokabulære krumspring å spore her, men av og til prøver man kanskje litt hardt? Det er nesten slik at forfatteren enkelte ganger burde slakket litt på gassen bare for å ha litt mer å gå på senere. Slutten var uansett veldig morsom.
Godt poeng, jeg legger dette til!
Ja det er sant, grensene er endret. Endringen kom faktisk fordi jeg har justert opp grensene for hvor store filer vi tar imot, fordi mange dyttet borti maksgrensa.
Omslagsbildet på bokdetaljsidene er på 250px bredde, så det er perfekt om bildet er 500px bredt, da blir bildet skarpt også på gode skjermer. Derfor oppjusterte jeg minimumsgrensa til 500px mens jeg oppjusterte maksgrensa.
Ser imdlertid poenget med at mange omslag på nett ikke alltid er så store, så jeg justerer minstekravet ned til 250px, og legger inn en anbefaling om å gå opp til minst 500.
Denne bør nesten bli pensum for alle foreldre. En ubehagelig, vond og svært relaterbar bok om mobbing og hvordan foreldre blir påvirket av sine barns følelsesliv. Selv om man (nær sagt selvfølgelig) får medynk og sympati for bokens hovedperson Frida, er det interessant hvordan forfatteren allikevel ikke moraliserer, eller rett ut tar parti, men faktisk skildrer en situasjon fra ett perspektiv. Hun deler ikke ut rett og galt, men illustrerer svært effektivt hvordan mobbing og utfrysing kan sees og oppleves for en part i en slik sak. Solem sløser ikke med ord og tempoet er forholdsvis høyt, med korte kapitler og en gjennomgående, ulmende uro.
Engasjerende fra start til slutt. Anbefales.
Visste du at du selv kan legge til bøker på Bokelskere? Gå til /bok/ny/ for å registrere en bok som mangler i databasen.
Nå har vi en ny funksjon mange har etterspurt: Du kan nå redigere utgavene du selv har lagt inn!
Du finner redigeringsknappen under omslagsbildet på bokdetaljsida for boka du har registrert.
Dette gjør det enkelt å rette opp feil, legge til mer informasjon, eller oppdatere detaljer på utgaver du selv har bidratt med.
Som i et speil kom ut i 2002. Glimrande bok. Handlinga tek oss tilbake i tid til ein kjærleikstrekant og familietragedie i 1957. Så får Veum ei forsvinningssak hyra inn av eine dottera i den nemnde familien, Berit Breheim. Veum begynner å grave, og som i ein spegel teiknar den gamle tragedien seg på ny, i spegelvend form i notida. Fokuset er ikkje så mykje på Veum sitt grå tilvere her, men på ein familie som framleis er prega av Amor sine vilkårlege piler skotne heilt tilbake i 1957. Samstundes oppdagar Veum forbindingar mellom einskildpersonar i denne saka og eit skippingfirma som driv med lyssky verksemd knytt til eit mistenkjeleg skip som nærmar seg norskekysten.
Som vanleg levande og drivande språk av beste Staalesen-årgang.
Jeg ser hva feilen er - en feilformattert lenke i menyen som ledet deg til en annens bokhyller. Feilen skal være fikset nå! :-)
Heisann! Takk for at du ga beskjed om dette. Kan du sende en rask mail til admin@bokelskere.no der du legger den urlene du klikker på og hvilke urler du sendes til?
No har eg ikkje lese boka, men ut ifrå handlingsreferatet, så minner det om Misery av Stephen King?
Gratulerer med ny slektsrekord! Måtte den stå lenge i Tislevoll-slekta sine annalar.
Hei, Monica! Det forstår eg godt! Nokon av historiane du hugsar spesielt?
eg er frisk, og det er unødvendig å stenge meg inne. eg er stengd inne i meg sjølv, og fargane er forsvunne.
Dette ble for stillegående og kjedelig for meg. I tillegg har den flust av karakterer jeg ikke bryr meg om i særlig grad. Spåket er til gjengjeld fint, og de første hundre sidene syns jeg var gode. De siste 350 ble derimot en aldri så liten prøvelse.
Lite som slår iskalde grøss! Skikkeleg kult med dei ekle heksene som fortel makabre og uhyggelege historiar. Digga desse blada som ungdom, og gjer det framleis! Til dømes den om han gamle fangstmannen langt inn i skogen ein plass. Kona døydde midtvinters, og han måtte vente til våren før han kunne dra inn til sivilisasjonen å kjøpe ei dyr kiste til ho. For å få råd til kista sette han ut ekstra mange feller den vinteren. Samstundes hadde ei gaupe som hadde gått i ei av saksene hans slite seg laus og søkt skjul inne i skjulet der han oppbevarte liket av kona. Då våren kom, og han opna opp døra inn til kona så hadde gaupa ete opp heile liket.
Til slutt kom heksene, som alltid, med nokre passande ord om den syndefulle og uperfekte menneskenaturen som sette eit grueleg, men passande punktum.
Ser veldig spennande ut! Som stor fan av Vidar Sundstøl gler eg meg til denne.
Stoner synes eg er veldig bra. Skal sjekke ut Togdrømmer. Takk for tips.
Hei og takk for svar.
Då får eg tenke litt på det. Kanskje sjekke på biblioteket om dei har han på norsk og med normal tekststorleik. 😊
Såg forresten at Nesser sit inne for skatteunndragelse. Mykje omtalt i svensk media. Han prøvar å få saka opp i høgsterett. Han sonar i ein open anstalt såg eg. Sånn umiddelbart burde no ei slik oppleving vere interessant, om ikkje berre som ein skjebnens ironi, for ein som har skapt seg eit namn på å.skrive krininallitterarur?