Good writin' ain't necessarily good readin'
Man, when you lose your laugh you lose your footing.
Jeg vet ikke en gang hvilken musikk jeg egentlig liker, for jeg er så opptatt av å like det de andre liker
Nei, så hvor er det fest i helgen da?spør Espen,og det er helt utrolig hvordan han har klart å holde seg helt til tredje friminutt onsdag formiddag
Denne var utrolig kjedelig! Eller så er jeg ikke helt i form. :P
Pass på jenta mi, i alt det lyse og alt det mørke
Når eit menneske døyr, er det mange som vert berørte. Både slektningar og venner, men òg folk som har eit fjernare forhold til personen som er død. Novellene i denne novellesamlinga handlar alle om det same dødsfallet, men sett frå ulike personar. Interessant og til ettertanke.
Clare møter Henry første gong då ho er seks år. Då er Henry 36. Men Henry møter Clare første gong først då ho er 20. Då er han 28. Forvirra? Henry reiser i tida, og det gjer dette til ein av dei mest spennande og fascinerande kjærleikshistoriene eg har lese. Det er ikkje mange bøker eg føler at eg har lyst til å eige, men denne har eg kjøpt.
Mustafa Cans far reiste frå Tyrkia til Sverige for å få seg jobb då Mustafa var liten. Etter ei tid reiste kone og barn etter nordover. Planen var at dei bare skulle bli der ei kort tid, spare seg opp litt pengar, og så reise heim att. Men alt gjekk ikkje som planlagt. Interessant og sterkt om arbeidsinnvandrarar på 70-talet og etterkomarane deira.
Under andre verdskrigen gifta mange engelske soldatar seg med australske jenter. I 1946 vart desse jentene frakta i store skip frå Australia til England for å bli gjenforeina med mennene sine. I denne boka følgjer vi 600 australske jenter som vert frakta med eit tidlegare hangarskip dei 6 vekene det tek å kome til det nye landet. Spesielt følgjer vi dei fire jentene på lugar 6f og utfordringane dei har under overfarten.
Mange har lese Et helt halvt år og bøkene Jojo Moyes har skrive etter den, men forfattaren kom med fleire bøker på norsk fleire år før den tid (men ikkje på same forlag). Dette var første romanen eg las av forfattaren, og eg likte den svært godt.
Iris Lockhart får ein telefon med beskjed om å hente grantanta si. Asylet ho har budd på skal leggjast ned, og Iris er einaste slektning. Men Iris har aldri høyrt at ho har noka grandtante.
Svært sterk lesnad om korleis ein på 1930-talet kunne behandle barn som ikkje ville tilpasse seg.
Rett før ho skal starte på andre året på vidaregåande bestemmer Amal seg for å starte med å gå med hijab, trass kritiske spørsmål frå foreldra. Dette er ei humoristisk forteljing om ein vanleg og uvanleg tenåring frå Melbourne i Australia. Dersom ein hugsar korleis det var å vere usikker tenåring, er det mykje gjenkjenneleg å finne i denne. I tillegg kan ein lære mykje om å vere muslik i eit vestleg land, og ein får ei god og morosam historie. Eg las boka då ho var ny, på toget mellom Egersund og Asker, og trass mange folk rundt meg, kunne eg ikkje la vere å le høgt fleire gonger.
Bibliotekaren Disireé møter mjølkebonden Benny, og dei vert på uforklarleg vis forelska. Dette er ei tragikomisk bok. Den får deg både til å le og til å gremme deg, anten du føler deg som Disireé, som Benny, eller ein eller annan mellomting.
Eg les ikkje bøker meir enn ein gong, derfor kjøper eg få av dei. Denne kjøpte eg etter at eg las henne første gongen, og det er den første boka eg har lese fleire enn ein gong (tre til no) sidan eg las Anne+Jørgen=sant i 4. klasse.Det er ei kjærleiksforteljing, ei humoristisk forteljing, ei forteljing skrive med godt språk (og omsetjaren har også gjort god jobb), og ikkje minst er det ei forteljing med mykje håp, og håp trengst jo ganske ofte.
Anna, søstera til Liv, har blitt totalt forandra bare på nokre få dagar. Etter at dei kom heim frå ferien i India, verkar det ikkje som ho kjenner att vennene sine. Liv undrar seg på kva som har skjedd. Dette er ein grøssar. Har ein lett for å bli mørkredd, er det ikkje rette boka å lese. Neste ekkel-spennande, både denne og Loftet av same forfattarar. Men godt skriven, og absolutt å anbefale for dei i målgruppa (5. - 7. klasse, vil eg seie) som liker eit grøss.
Laila Larsen veks opp saman med familien sin i andre etasje av huset til familien Henriksen. Sonen i første etasje, Jonny, er døv, og det utviklar eit fint vennskap mellom han og Laila. Laila ser tilbake på denne oppveksten og vennskapet med Jonny, og det vert ei fin, men trist historie.
Jonas er forelska i Katarina, men han har ein tendens til å hamne i pinlege situasjonar medan ho ser på. God bok om å vere forelska, og om å vere ung og usikker.
Any woman can face the world alone, but why should we have to.
Nå går det heller ikke lenger an å snakke om det som et personlighetstrekk, eller som en del av en personlighet, ettersom det å være naturlig var for stemninger, følelser og andre mennesker er blitt til en slags kvasidiagnose og noe alle vil smykke seg med; jeg er så sensitiv