Eg og las stykket på både norsk og engelsk, og synes at dette er den beste omsettinga (av dei eg har lese så langt). Originalen har eit meir flytande, poetisk språk, men det var fleire partiere eg likte betre på norsk..
Sjølv om eg har sett fleire filmatiseringar og lese fleire bøker som har basert seg på dette stykket, vart eg overraska over kor lite eg tenkte gjennom dette medan eg las. På førehånd hadde eg bestemt meg for å finne minst 3 argument for at stykket ikkje er tidlaust. Eg fann ingen som var nemneverdige..
No som du har lese stykket bør du prøve deg på filmen "Romeo + Juliet" av Baz Luhrmann, den er utruleg bra! =)
Ja eg skjønar godt at du ikkje vert lei, stykket er absolutt gjenlesbart. Stykket passar nok bra på ein ungdommskule. Der er vel elevane i rette alderen for å kunne kjenne seg igjen i karakterane. Sjølv vart eg overraska over kor unge Romeo og Julie er, eg var klar over at dei ikkje var gamle, men eg hadde sett for meg 16-17 år, ikkje 13-14..
Eg og trur Lorenzo er ein klok mann, og han gjer jo sitt beste, men det er vel litt vanskeleg å kunne gripe inn når skjebnen allereie er bestemt for dei to, som vi ser av prologen: "Av disse slekters skjebnesvangre skjød får et par elskende sin levefrist, som stjernene forkorter." Dette viser jo også til dei gamle greske tragediene, som Kong Oidipus, der skjebnen alltid er bestemt, og ikkje kan endrast.
Når det kjem til Tybalt og Mercutio, har eg mest sansen for Mercutio. Han er brautande, men ynskjer ikkje anna enn å vise seg (trur eg), Tybalt er eit anna stykke, han verkar aggressiv og vond. Men Mercutio sitt drap var vel eit uhell frå begge si side? Eg fekk i alle fall inntrykk av det.
Men ein ting eg lurte litt på. Er det ei slags seksuell spenning mellom Lady Capulet og Tybalt? Eller er eg heilt på viddene her?
Ja det kan verke litt urettferdig at Mercutio, som ikkje har noko med striden å gjere, vert offer for den, indirekte på grunn av Romeo, men dette mordet er vel ein slags katalysator for dei neste elendige hendingane.
Ja Julie sin frykt for å fortelje foreldra sanninga er også tragisk, men ho er jo ikkje like fri som Romeo. Er Paris eit dårleg gifte for ho? Personleg synes eg eigentleg at han berre er irriterande. Kvifor er han i det heile på kyrkjegården? Er det berre for å vere endå ein trist skjebne?
Eg synes at Baz Luhrmann sin filmatisering av stykket er svært bra. Handlinga har vorte modernisert, men er samstundes tru mot originalen. Dette viser vel kor tidlaust dramaet kan vere.. "Sukk" no må eg vel sjå denne filmen igjen også ;)
Romeo:
Hun kunne lære fakler flammeskinn! Det er som henger hun på nattens kinn lik smykket på en afrikaners øre, for skjønn til bruk, for dyrebar å røre! Hun er mot andre kvinner, vakre nok, en snehvit due i en kråkeflokk. Min grove hånd vil efter dansen ta på hennes, og lykksaliggjøres da. Kan jeg ha elsket før? Syn, sverg på at sann skjønnhet så jeg aldri før i natt!
Første akt, scene 5
Eg og var ganske så nøgd med stykket. Trur kanskje at dette kan kome av at eg kjente til historia frå før.
Den karakteren eg likte best i stykket var Broder Lorenzo. Han fremstår som ein litt klønete hjelpar, men han ynskjer jo berre dei to elskande det beste. Likevel kjem han også med fleire åtvaring til Romeo som: "Wisely and slow; they stumble that run fast." Med dette meinar han at Romeo må ro ned den ildfulle kjærleiken han nærer, elles kan det gå gale.
Ein kan jo også stille spørsmål ved om den altoppslukende kjærleiken som vert presentert her i stykket, kan vare..
Ein annan karakter som eg likte godt, var ammen. Ho er ei småkåt og jordnær matrone, som er med på å bringe litt humor inn i stykket.
For sjølv om stykket er ein tragedie, er det jo også mykje humor å spore her. Sverdkampane inneheld mange artige og kommentarar, og stykket kan fungere som ein komedie, frem til vendepunktet, der Tybalt drep Mercutio.
Kven er så den mest tragiske av dei to heltane? Romeo er utan tvil ein ulykkesfugl. Alt går gale for han, og dette påverkar alle som er rundt han. Men Julie lar seg jo vikkle inn i dette nettet, sjølv om ho kanskje kunne ha vorte lukkeleg med ein annan mann.. Kan vi seie at Broder Lorenzo har ein del av skulda? Det var jo han som arrangerte Julie sin "død".
Thoughts? =)
Lady Capulet:
I beg for justice, which thou, prince, must give;
Romeo slew Tybalt, Romeo must not live.
Act 3, scene 1.
Juliet:
My only love sprung from my only hate!
Too early seen unknown, and known too late!
Prodigious birth of love it is to me,
That I must love a loathed enemy.
Act 1 scene 5
Herlig giftig og besk bok!
They're just like the old aristocracy! Kings sitting up to their ears in cabbage. And the simple people are trash. A herd of sheep that are good for shearing, but sometimes it's more profitable to slaughter them. Nothing's changed.
"But even so, you're not right," he replied more calmly. "Logic does exist, of course, yes… But if you compare things with the Middle Ages, then morality has definitely advanced."
"Don't be ridiculous!" I said, shaking my head. "How has it advanced?… Even in the wars back then they had a strict code of honour. A war then was a real war, and kings fought with their armies, risking their thrones and their heads. And now? A big country wants to put pressure on a little one, so it bombs it for three months and gets rid of its outdated armaments at the same time. Not even the soldiers risk their lives! It's the same as if you drove up onto the sidewalk and started knocking down pedestrians like bowling pins."
Kan godt tenke meg at den var noe tung å lese høyt, ja! Jeg foretrekker helt klart å lese den fantastisk, og ikke realistisk. Da blir den jo bare supersupertrist...
I saw an old woman in a window. The shadow of death was already hovering over her, she could probably sense it herself. But she was still smiling. Her grandson had come around to see her that day. Probably only to check if his grandmother were still alive, or if the expensive apartment in the center of Moscow were free now. She understood that too, but she was still happy. I felt ashamed, but I touched her and took a little Power. A fading orange and yellow bouquet of asters and autumn leaves...
Artig! Godt å høyre at eg ikkje er den einaste av hankjønn som er teknisk tilbakeståande. Og eg skal prøve å heve "selvfølelsen" deira neste gong =)
Sjølv lese eg faktisk ein del "gjør det selv" bøker, som "enkel muring og støping", "terasser på en, to, tre", "fliser og flislegging", for å nemne nokon. Dette gjer eg ikkje for å tillegne meg desse eigenskapane, men for å skjønne prinsippet og dermed få ein viss tryggleik, ikkje fordi eg kan gjere det, men fordi eg veit korleis andre kan gjere det - skjønar du? =)
Hehe, godt forslag! ;)
109 bøker er ikkje så verst, men med tanke på at vi samla har lese omlag 2000 bøker og berre 100 av desse overlappar er det likevel ikkje så mykje =)
Du kan jo kanskje plassere dei du les litt av og til i kategorien "oppslagsverk". Dette passar vel eigentleg bra for diktsamlingar, faglitteratur og liknande.
Personleg brukar eg ikkje å legge inn bøkene før eg er heilt ferdig med dei, ettersom eg har merka meg at eg ikkje leser bøker eg har lagt i kategoriane "skal lese" eller "leser". Eg kan til nøden legge inn ei bok i "leser" om den har sitat eg ynskjer å fremje.
Det ser ut som du har sett poenget mitt, og eg synes du argumenterer godt for dine syn. Sjølvsagt kan folk skrive så mykje dei berre vil om vitsar, interiør i heimen og det nye brødet, men det betyr ikkje at eg treng å like det.
Personleg synes eg diskusjonar om bøker er dei mest spennande diskusjonane her inne, men desse klarer skjeldant å utvikleg seg til noko meir enn - "boka var bra" og "eg er såååå enig", og når nokon prøver å diskutere litt rundt handlinga og plottet kjem det ei rekke sure kommentarar frå sutrete brukarar, fordi det ikkje sto "spoiler".
Når det kjem til desse alternative diskusjonane synes eg at dei kan vere greie (i små mengder), men dei tek så fort opp altfor mykje av fukuset.
Det ser likevel ut som eg står aleine når det kjem til mine visjonar om eit utopisk bokelskere, der fokuset ligger på bøkene.
Ikkje verst, då ser eg frem til å lese Innsirkling 2. Det skal verte spennande å sjå kven som sender inn dei neste "minne" breva.
Etter at eg hadde lese Jon og Arvid sine delar satt eg igjen med eit inntrykk av at David ikkje hadde missa hukommelsen, noko som Silje også misstenkjer. Og både David og Silje er jo dyktige manipulatorar med ein hang til å vere eksentriske, men dette vert jo berre spekulasjonar.
Kvifor likte du Jon sin del best?
Ja den filmen er ikkje dum =)
Har nett lese/høyrt denne på lydbok.
Eg synes Innsirkling var ganske bra, til tross for dystre menneskeskjebnar. Spennande å lære David å kjenne gjennom andre sine minner. Eg likte også alle dei vage røyndommane som ein kan skimte gjennom historia.
Eg likte best delen med Jon (lurer på om dette kan ha noko å gjere med at eg las den delen sjølv eller om det går på naiviteten hans), men kjende meg vel best igjen i Silje.
Men er det ikkje noko som manglar i boka? Eg er ikkje ute etter det store svaret, men saknar eit eller anna som eg ikkje kan sette fingeren på. Kanskje det heile vert klarara i Innsirkling 2?
Føler du deg litt i skuddlinja ;) Men det var ikkje berre deg eg sikta til altså, og det hender vel at eg sjølv skriv litt meir enn kva som er naudsynt - eg er ikkje verre enn at eg ser flisa i mitt eige auge.
Jo plass er det sikkert nok av her inne, men kan det hende at andre føler seg litt "overvelda", om dei kjem inn på ein diskusjon der 3-4 personar har skrive 80 av dei 100 innlegga. Viss dei i det heile veljer å bidra med noko sjølv, vil dette innlegget fort verte lite synnleg.
Eg meiner at i trådar som denne, altså litt "alternative" trådar, kan det vere på sin plass at ingen bidrar for mykje, sjølv om dei har mykje å kome med.
Diskusjonar som omhandlar bøker er ein annan sak. Der må folk berre kome med eigne innspel så lenge dei har noko (nytt?/relevant?) å kome med. =)
For å sette det heile litt på spissen. Om eg loggar på bokelskere og ser at Kåre Gunnar har kome eit sitat og Rita har kome med 9, kven sitt sitat er det størst sansyn for at eg les? ;)
No har i grunnen sagt mitt, og vart brått litt i stuss om kvifor eg skriv dette. Eg burde jo heller ha skrive ei artig historie!
Eg ser no at det eg skreiv over kanskje kunne oppfattast litt negativt. Det var ikkje meininga å støte nokon. Det eg prøvde å seie er at somme bokelskarar er litt for ivrige til å bidra med sine eigne innlegg, og då kan lett andre forsvinner i mylderet frå den vesle kjerna som skriver ganske mykje.
Eg seier ikkje at det dei som skriver mykje seier er mindre bra enn kva andre seier, men eg synes det er viktig at andre får kome til.