Eg og har notert meg at Paasilinna fungerer godt på svensk. Sjølv har eg ikkje lese bøkene på svensk, men har høyrt dei på svensk lydbok. Det svenske språket synes eg er med på å gjere bøkene litt "eksotiske" og alle dei "framande" namna, vert mindre "framande" når ein høyrer dei på svensk, som i seg sjølv er ganske "framandt".

Ein kan vel også tenkje seg at omsettingane er bedre på svensk, og vi nordmenn har det vel lettare med å tråkke nedpå ei dårleg, norsk omsetting, enn ei svensk omsetting.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er veldig enig med deg i denne vurderinga. Sjølv om det er fleire episoder som kunne vorte morosame vert det aldri noko meir enn eit "he" der det burde ha vore "he he"..

Rytkonen sin demens er meir eit irritasjonsmoment enn noko å more seg over, og Seppo Sorjonen som er ein under gjennomsnittleg smart lykkejeger, kjenner vi igjen frå fleire av dei andre bøkene til Paasilinna. Karaktertypen er kanskje litt oppbrukt.

Når dette er sagt synes eg at boka tok seg litt opp på slutten. Episoden på gården, og villmarksturen med oksejakt og dei franske damene, synes eg var ganske så hysterisk. Men alt i alt ikkje det heilt store.

Eg synes likevel at denne var betre enn Kollektivt Selvmord, men eg trenger nok ein lang Paasilinna pause om eg skal klare å setje pris på bøkene hans igjen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

The Singer:
But you, who have listened to the story of the Chalk
Circle
Take note of the meaning of the ancient song:
That what there is shall belong to those who are good for
it, thus
The children to the maternal, that they thrives;
The carriages to good drivers, that they are driven well;
And the valley to the waterers, thus it shall bear fruit.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

The Singer:
Listen now to what the angry girl thought, but didn't say. (He sings)

He who wears the shoes of gold
Tramples on the weak and old
Does evil all day long
And mocks at wrong.

O to carry as one's own
Heavy is the heart of stone.
The power to do ill
Wears out the will.

Hunger he will dread
Not thouse who go unfed:
Fear the fall of night
But not the light.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

The Singer:
The Ironshirts took the child away, the preacious child.
The unhappy girl followed them to the city, the dangerous place.
The real mother demanded the child back. The foster mother faced the trial.
Who will try the case, on whom will the child be bestowed?
Who will be the Judge? A good one, a bad one?
The city was in flames. On the Judgment Seat sat Azdak.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Below the surface evil lurks" - hmm, no kjenner ikkje eg historia noko særleg, men eg hadde ikkje inntrykk av at kvalen var spessielt vond?

No fekk eg lyst å briefe litt med mitt favorittuttrykk på latin - "Balaenae nobis conservandae sunt!" (save the whales)..

Forøvrig ein meget dårleg trailer, men eg meinar no i det heile at actionfilmar er meiningslause og nokså tanketomme, berre så det skal vere sagt. "Dixi"..

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har lese boka 2 gongar, og må innrømme at eg ikkje var særleg begeistra for Naiv. Super. første gangen eg las den. Eg synes tidvis den var morosam, men i det heile litt difus.

Den andre gongen eg las boka fekk eg eit anna perspektiv på den. Eg hadde sjekka litt rundt den og funne ut at Loe, gjennom denne boka, stiller spørsmål rundt mannsrolla (mannen sin identitet) i vår tid. Når eg no hadde litt meir forståing for kva boka eigentleg tok sikte på å formiddle, vart boka straks mykje betre. Eg forsto hovudpersonen betre, og klarte å finne meining i alt det "uvanlege" han driver med.

Eg trur problemet med boka er at det er litt vanskeleg å finne ut kva den eigentleg handlar om. Kva som er meininga, og kva Loe eigentleg prøvar å formiddle. Sjølv om Loe behandlar det same temaet (mannsrolle) i "Tatt av kvinnen", vert emnet klarare fremstillt i den enn i Naiv. Super.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg synes ikkje det er noko å vere flau over. Sjølv har eg lese bøkene på engelsk og høyrt alle som lydbok på både norsk og engelsk.

Om du ynskjer å lese dei omatt kan det jo vere ein ide å høyre dei på lydbok. Dei har veldig behaglege opplesarar på både norsk og engelsk, men eg trur eg føretrekke dei på norsk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synes boka var bra, men ikkje fantastisk, ettersom det var ein del partier som var litt langdryge og kanskje litt kjdelege..

Ei bok eg kan anbefale deg, som (eg meinar) liknar ein del på denne, er Elizabet Kostovas "Historikeren".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

«Tenke seg til å ha knullet så mye,» mumlet oberst Aureliano Buendía. «Tenke seg til å ha knullet så mye, og så skal man bli drept av seks rompiser uten å kunne løfte en finger.» Han gjentok det med så innett raseri at det nesten lød som religiøs inderlighet, og kaptein Roque Carnicero ble rørt fordi han trodde han ba. Da pelotongen tok sikte, hadde raseriet antatt fysisk form som et seigt og bittert stoff som lammet tungen hans og tvang ham til å lukke øynene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om Shakespeare faktisk har meint at Julie sin "true love" er Paris, og at dei kunne leve lukklege alle sine dagar, om ikkje Julie hadde drepe seg pga flørten Romeo,synes at dette vitnar om ein ganske så svart humor. =)

Eg føler at alle dei mannlege karakterane i stykket, med untak av Benvolio, verkar ganske så blodtørstige. Men nei det er nok ikkje godt å vite korleis Capulet tenkjer når han let Montague gutane vere att..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var ei fin liste.

Det er vel moderne sett i forhold til eldre tider, kanskje? Ikkje moderne i forhold til vår tid.. Men riktig, det er stort sett snakk om den første halvdelen av det 20 århundret, så altså ei god stund sidan..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"However", Norry said, raising a slender finger. "I have reason to belive that Duhara Sedai may have had a hand in the document you seem to be treating with... um... unusual reverence." He glanced at the pages Elayne had tossed to the floor. One bore the distinct outline of her shoe.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

The air smelled good - of ale, smoke, and of the washcloth that had recently wiped the counter. He liked that. There was something calming about a good, rowdy tavern that was also kept clean. Well, clean as was reasonable, anyway. Nobody liked a tavern that was too clean. That made a place feel new. Like a coat that had never been worn or a pipe that had never been smoked.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tja, eg tvilar på at det finnes mange mennesker som kan seiast å ha den "dannelsen" som det her er snakk om..

Sjølv såg eg på dette sitatet, som ein slags "litteraturteoretikarens trøyst" - det er berre eit fåtall som leser tekstene det her er snakk om, men teoretikarane kan trøyste seg med at dei er heva over resten av oss og har "de dannedes dannelse".

Leo Löventhal hevder at Hamsun (og Ibsen) høyrer til høgdepunktene i den ideologikritiske tradisjonen, så det er nok godkjent å lese desse for å oppnå "dannelse". Om du ynskjer å verte endå meir "danna", skal du vissnok lese Balzac og Thomas Mann.

Lukke til på vegen mot "de dannedes dannelse".

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Populærlitteraturen skrives av andre forfattere, formidles av andre forlag, selges i kiosken og leses av et publikum uten de dannedes dannelse.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg skreiv tidlegare ein teori om at Romeo var gamal (eldre enn Julie) Vi får vel ikkje vite kor gamal han er, eller?

Prologen passar i grunnen ganske godt. Den viser oss at dette er ei tragedie, til tross for all humoren ein kan spore i byrjinga. Humoren henger vel i grunnen med gjennom heile stykket, sjølv om den endrar form frå "komediehumor" til galgenhumor (tragi-komisk?). Det er jo i grunnen litt komisk med broder Lorenzo som skal ordne opp, kjem for seint, også går han heim..

Eg trekker tilbake det eg skreiv om Fru Capulet sin seksualitet, det var nok minner frå filmen - der ho er veldig seksuell ;)

Kan hende at Tybalt ikkje er så mannevond, men han er i alle fall mindre sympatisk enn til dømes Benvolio som truleg er den mest reflekterte av karakterane i stykket.

Forresten har du tankar om kvifor Capulet godtek at Montague-gutane er tilstades på festen hans. Er han brisen? Tenkjer han på åtvaringa frå fyrsten? Eller ynskjer han ikkje å øydelegge ein vellukka fest?

Paris er ein fjott! Men han er nok snill og godtruande. Han hadde heilt sikkert vore eit betre gifte for Julie enn Romeo.. Trur du karakteren Paris har noko å gjere med Illiadens Paris?

Hehe eg såg klippet du linka. Det var grusam overperformance, etter mitt syn, sjølv om eg ikkje høyrte kva dei sa. Likte kommentaren: "wow romeo was a very horny guy lol" ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tja, eg vart i alle fall forbløffa over kor godt eg likte stykket ;) Men eg er enig i at historia kanskje er litt for familiær til at ein kan oppleve dei heilt store overraskingane.

Hmm, eg skjønar kva du meiner. Sjølv er eg også veldig skeptisk til moderniseringar av klassiske verk. MEN akkurat denne filmen synes eg var veldig gjevande.

Enig i at Julie sin oppvåkning rett før Romeos død er med på å forsterke det tragiske, mon tru kva tankar som farer igjennom han i det han trekker sine siste drag med luft. Andre trekk eg likte med filmen var at Romeo truleg var høg på partydop første gong han såg Julie, og pistolar med våpenmerket "Sword" som Anja nemnde under (eller over..)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant. Eg og er usikker på om Romeo gjer ein tragisk feil, men ein kan vel kanskje seie at han er fulgt av ulykke. Først vert han indirekte skuld i drapet på Mercutio, drep Tybalt i raseri, og vert forvist frå Verona. Så er det brevet frå Broder Lorenzo som ikkje når frem, og til slutt det at han når frem til Julie, litt for tidleg..

Det einaste som kan verke som Romeo sin skjenesvangre feil er at han sniker seg inn på Capulet-festen..

Eg lurer på om Romeo er eldre enn Julie? Var det ikkje vanleg at unge jenter vart gifta vekk til gamle gubber, sjølvsagt har han ganske mange ungdommlege trekk, men han kan jo vere ein barnleg 20 åring, eller litt treig 30 åring for alt vi veit - Juliet er vel den einaste som vi får bekrefta alderen på, og etter all den lediggangen ho opplever trur eg ho ville kasta seg over kven som helst som gav ho merksemd..

Men Julie er vel, som du seie, meir moden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Stjernene har alltid skulda! ;)

Eg trur at både Romeo og Julie er meir forelska i følelsen av forelskelse enn i kvarandre. Begge er altfor mykje med på notane til at det kan vere snakk om noko anna enn eit gjennsidig behov for å fylle ut tomrom i liva sine.

Elles er eg veldig enig med det du seier, når det kjem til følelsane til hovudpersonane - og eg må innrømme at deira dødsfall gjorde langt mindre inntrykk på meg enn drapet på Mercutio (og kanskje tosken Paris!). Om dette har noko å gjere med at eg ikkje følte at Mercutio fortjente å døy eller om det bunnar uti at eg heile tida var viss på at emo-kidsa kom til å drepe seg sjølve, er uvisst..

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Roger MartinsenPiippokattaKirsten LundDemeterEivind  VaksvikStig TKristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda APär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettFrode TangenBjørg Marit TinholtKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild S