Åh.. Fangen fra Azkaban er vel kanskje favorittboka mi noensinne.. Veit ikke hva det er med en, men får en så god følelse av å lese den:) Jeg misunner deg virkelig som får lese den nå! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Svake mennesker blir ofte trukket til kirken, og mennesker som vil ha makt over svake mennesker trekkes også dit.

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Takk for tipset! The Wise Man's Fear har eg også gleda meg til å lese, håpar berre at den helde samme nivå som forgjengaren.. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høyres bra ut. Den utgåva eg las hadde valt å vere tru mot teksten sitt opphav, dermed var det ingenting som ikkje stemte (nåja), men desto fleire hol. Får satse på at det dukkar opp fleire fragmenter med tida.

Heltar og hendingar (klarte først å lese hedningar) frå svunne tider er ikkje feil! Eg har så smått byrja å setje meg inn i keltisk og gamal amerikansk tru og kultur, ja også opplever eg sjølvsagt mad men nostalgi..

(La merke til at du gjekk over til nynorsk ;) )

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fin omtale du har skrive Anja. Du likte den norske omsettjinga, ja? Sjølv har eg berre lese den på engelsk, men det byrjar å verte ei stund sidan så kanskje eg skal prøve meg på nytt.

Eg er einig med deg i at det mest interessante med eposet er dei mange likskapane mellom den gamle mesopotanske gudetrua, og nyare trusretningar.

Einaste problemet med eposet er dei manglande fragmentdelane. Sørgeleg at dei ikkje er avdekka endå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var godt å høyre. Eg har lese teikneseriane som tek for seg handlinga før 1 bok, og synes heile konseptet verkar svært spennande - trur eg får prøve meg på King igjen, berre synd eg har så lang leseliste...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har byrja på den serien 2-3 gongar, men klarer ikkje heilt å la meg rive med. Vert serien betre etterkvart?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"A song of ice and fire" av George R.R. Martin er den bokserien eg likar best nett no (no er det berre litt over ein månad til tv-serien byrjar!!)

Når det kjem til teikneserieroman-seriar har eg mange favorittar: Sandman, Preacher, Fables, Bone, Y - the last man og Elfquest.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg tenkte først at seriøs litteratur kunne definerast som litteratur som ikkje er populærlitteratur. Seriøs litteratur vil då altså vere bøker som ikkje er meint for alle, men berre for ein liten "elite". Men dette vert vel kanskje litt snevert.

Uansett så er eg einig med deg i at ein ikkje bør vere så oppteken av å lese det andre meinar er "stor" eller "viktig" litteratur. Skjønnlitterær lesing bør først og fremst vere noko ein gjer fordi ein likar det. Ikkje som ein måte for å snobbe opp sjølvbilete.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Tja, kanskje du kan prøve deg på "sagaen om Darren Shan" av Darren Shan. Det er ein vampyrserie på 12 bøker. Bøkene er vel hovudsakeleg skrive for ungdom, men burde passe som god underhaldning for dei fleste som er glade i fantasy.

Alle bøkene finnes også som lydbok (på norsk). Den første boka er også filmatisert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må innrømme at noko av det eg likar best med Staalesens Veum-bøker er desse metaforane du snakkar om. Ja, dei kan både vere svært så svulstige og pompøse, men eg synes dei gjev bøkene kraft, samstundes som det er eit flott særpreg. Og kvifor spare på latteren? Eg trur mange av metaforane i bøkene er meint som humoristiske innspel, sjølv i "upassande" situasjonar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tom Kristensen har eg aldri heilt klart å la meg fengje av. Eg reagerte også på at hendingane på 80-tallet fekk så mykje plass, sidan det nok er Jonas som er hovudpersonen i boka. Likevel synes eg det var spennande å høyre litt om dykking, oljeboring og slikt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er veldig enig med deg i di vurdering av boka. Eg er også ein stor fan av Hagerup sine Markus bøker, men denne nådde diverre ikkje heilt opp mot dei andre. Eg føler at samspelet mellom karakterane var meir kunstig enn tidlegare, og temaet sjakk er vel heller ikkje det mest interessante. Eg føler også at ein del av karakterane var litt oppbrukte - fleire stadar gjennom boka tenkte eg: "dette har eg lese før". Likevel var det ei grei bok, med ein del morosame episodar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Min blomst er efemerisk, sa den lille prinsen til seg selv. – Den har bare fire torner å forsvare seg mot hele verden med! Og så har jeg latt den bli igjen hjemme helt alene!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Enig, dette her er ei av dei betre bøkene om norrøn gudetru. Eg synes også det er flott at ho skriv ein del om korleis kjelder vert nytta. Eg saknar likevel nokre fortolkningar og hypoteser, men slikt høyrer vel ikkje heime i ei seriøs fagbok...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikke tall på hvor mange ganger jeg har tatt ut denne boka av bokhylla bare for å lese de siste kapitlene på nytt. :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"After all this time?" "Always," said Snape.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Artig. I følgje tellesystemet til bokelskere, har eg lese omlag 240000 sider. Eg har likevel notert meg at ikkje alle bøkene har registrert antall sider, så det er nok ein viss feilmargin her ;)

Elles kan eg nemne at det gjennomsnittlege sidetalet for kvar bok eg har lese ligger på 190 sider. Dette er ein kraftig nedgang frå i fjor jul då gjennomsnittet låg på omlag 250 sider. Eg må altså byrja å lese tjukkare bøker!

Det kjem jo også litt ann på kva type bøker ein les. Eg les til dømes mykje grafiske romanar, der ein gjerne kan lese 200 sider i timen. Vi må derfor gjere ei omrekning og tenkje oss at 10 sider med grafisk roman, tilsvarar ei vanleg bokside. På den same måten kan vi også tenkje at kvar side med faglitteratur, tilsvarar 10 vanlege boksider - Har du tenkt på det Ann Christin! ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kjenner meg igjen i situasjonen din. Eg også byrjar på altfor mange bøker som berre vert avbrotne og gløymde. Av bøkene på lista di var det fleire eg også sleit med, som Jonathan Strange and Mr. Norrell, 1984, The amber spyglass og Labyrinth. Men kvifor må du fullføre desse (no) når det er så mange andre gode bøker?

Eg har lukta litt på boksamlinga di og ser at vi har ganske mykje likt, mellom anna wheel of time. Dette kan jo tyde på at du også er ein ivrig lesar av tjukke fantasy-seriar. Eg kan derfor anbefale deg å kikke nærare på denne sida her:

http://www.bestfantasybooks.com/top25-fantasy-books.php

Eg oppdaga denne i dag, og har allereie funne lesestoff for dei neste åra ;)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei, at Gift er aktuell i vår tid vil heller ikkje eg påstå. Likevel synes eg det var spennande å sette seg inn i eit anna skulesyn enn det som vert fremma i dag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaIreneleserVannflaskeHanne Kvernmo RyeEmil ChristiansenMads Leonard HolvikIngunn SNorahSolHeidi HoltanEivind  VaksvikKirsten LundWencheTerje MathisenBookiacLars Johann MiljeritaolineHanneVigdisPer LundWilliam BillisonBjørn SturødINA TORNESLinda NyrudSivHarald KJarmo LarsenTor Arne DahlNicolai Alexander StyveCarine OlsrødDagfinn JakobsenMarianne  SkageAlice NordliGro-Anita RoenIngeborgChristofferHilde Merete GjessingIngunnAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJ