Sant nok. Ikkje ei god samanlikning.
Litteratur er kunst, og nokon har meir innsikt innan dette område enn andre. Dei er derfor meir skikka til å seie noko om kvaliteten og. Og ein kan jo sjå vitenskaplig på kunst. Det er vel difor vi har litteraturprofessorar. Dei er ekspertar og vi er amatører.
Og dermed hender det eg ikkje greier å vente, og vips, så les eg to bøker samtidig :)
Men av og til skal ein ut og reise, og då er det jo praktisk med ei pocketbok og ikkje ei stor og tung ei (både innholdsmessig og bokstavelig talt) :)
Vanskelig det ja. Måtte nettopp fjerne ei bok og innsjå at eg hadde gapt over for mykje. Av og til blir det så mange bøker samtidig at ein liksom ikkje kjem nokon veg med nokon av dei. I tillegg til at biblioteket sendte purring :)
Blanda nok saman deg og MiaMaria i forhold til syn på litt.prof. Ser kva du meiner med at det subjektive spelar inn, det gjer vel alltid det i ein eller annan grad når det kjem til stykket. Men poenget er at det er ein årsak til at nokon bøker er bedre enn andre, nokre objektive kriterier. Vi er nok ueinige om dette ja. Det er sjølvsagt ei flytande grense og ikkje svart/kvitt, men det går fint å seie kva som er ei god bok og ikkje.
Vil nok og seie at det er eit klart kvalitetsteikn å vinne, eller vere nominert til, Nordisk råds litteraturpris. Det er våre beste forfattarar som har vunne denne. Er vel det nærmaste ein kan komme eit "bevis" på god litteratur slik eg ser det. Har ikkje merka nokon både-og-stemning hos kritikarane angåande Petterson, men no har ikkje eg full oversikt over over desse heller. Han er vel den mest meritterte av våre forfattarar, både i inn- og utland, og det er vel ein god peikepinn
Nei, det er vel sjelden det når det viser seg at mannen din er homofil....
Av og til tar ekspertane (les: litteraturprofessorane) feil, men stort sett må vi stole på at dei kan meir om emnet enn oss andre. Vi tvilar ikkje på at det er slikt innan andre emner enn litteratur. Dersom nokon kritiserer klimaforskarar blir dei sett på som dumme, men dersom litteraturforskarar har eit anna syn på ei bok eller ein forfattar vi liker, ja då er det dei som tar feil. Dei er snobbete, sære og elitistiske.
Det er ikkje eit utprega subjektiv syn frå litt.prof. som gjer at dei synast ei bok er god. Dei har ein grunngjevnad. "Problemet" er vel mest at lesarar blir fornærma når dei opplever at andre (som generelt har betre kunnskap enn dei) seier at det dei likar og opplever som godt, ikkje er god litteratur. Og då føler ein at nokon ser ned på deg og din smak, og då "angrip" ein gjerne eksperten. Ein må kunne skilje mellom god litteratur og meir underholdningsprega litteratur. Eg les begge delar, og ser forskjellen.
PS! Synast ikkje "Jeg forbanner tidens elv" har eit kjedelig og dårleg språk, tvert i mot. Petterson er ein av dei beste forfattarane vi har i Norge, noko Nordisk råds litt.pris er eit bevis på. Personleg likar eg "Ut og stjæle hester" betre. Er etter mi meining ei av dei beste, om ikkje den beste, bøkene som er utgitt i Noreg i etterkrigstida.
Er nok ueinig der. Kan hende opplevinga av kva som er ei god bok avheng av kor i livet ein er, men ei god bok er ei god bok uavhengig av alder.
Eg har skjønt det slik at vi lesarar er forskjellig. Nokon les fleire bøker samtidig mens andre kan berre lese ei bok i gongen. Sjølv les eg gjerne fire-fem bøker til ei kvar tid. Då vekslar eg gjerne mellom ei sakprosabok, ein klassisk roman, ein lettlest, ei reiseskildring osv.
Kva med deg? Les du ei eller fleire bøker samtidig? Og dersom fleire; les du forskjellige sjangarar?
Nei, kan lese fem-seks bøker samtidig, så dermed fell det problemet vekk. Har skjønt at lesarar er forskjellige sånn.
"Hvis fem litterturprofessorer og Nordisk råd mener boka er god, er den da bedre enn om ti tusen lesere elsker den?" Svaret er ja. For dei ti tusen lesarane kan boka deira vere den beste leseopplevinga dei har hatt. Det er ei god bok for dei, men det er ikkje dermed sagt at det er ei god bok. Tusenvis ser på Paradise hotel, og du er vel einig i at det ikkje er god tv... Det er ikkje snobbete å skilje mellom kva som er ei god bok og ikkje. Dette er ikkje noko ein gjer for å skilje seg ut og vere spesiell. Det er berre slik at det er kvalitetsforskjell på ting, det vere seg film, musikk, bøker, tv-program, kokkekunst, øl, båtar, bilar osv.
Lettlest og underhaldande for menn er Aubrey/Maturin-serien til Patrick O'Brian. Dette er historiske romanar, og liker du å lese om krig og seglskuter under Napoleonskrigane, ja, då er dette serien for deg. Passar ypperleg til å slappe av med ei underhaldande og lettlest bok, spesielt dersom du ikkje er spesielt interessert i krim (som vel er ein annan slik sjanger).
Hadde den siste setningen vore eit sitat frå ei bok så hadde eg markert det som favorittsitat :)
Ein må verkeleg "jobbe" med god litteratur, men så kjem du til å hugse dei bøkene resten av livet. To virkelig gode bøker du nemner der, og ikkje akkurat lettleste.
Fekk ei bok i gåve, som eg bytta i ei eg hadde lyst på, nemleg Merethe Lindstrøm si nyaste. Har ikkje lest noko av ho før, men både Kritikarprisen og Nordisk råds litteraturpris gjer at eg gledar meg til denne.
Sidan eg likevel var i ein bokhandel kjøpte eg ei bok til. Kystliv av Per Roger Lauritzen er ei bok om ulike reisemål langs den fine kysten vår. Ei slik bok ein kikkar i og les litt om litt.
Fikk den anbefalt av ein ven som synast det er av det beste som er skrive på norsk. Med tanke på at den vart kåra til folket sin favoritt så hadde eg høge forventningar. Dei vart ikkje innfridd.
Boka er i beste fall heilt middels. Den verkar som om den er skrive av ein draumande kommunist på vidaregåande skule. Full av klisjear og med eit dårleg språk. Sjølve historia er svak og eg vil absolutt ikkje anbefale dette makkverket til andre.
Voldsforherligende makkverk.
Det er sjølvsagt dei bøkene som får seks, men ikkje alle. Ei bok eg ikkje gjer toppkarakter, har nemleg ikkje gjeve meg ei evigvarande oppleving.
Det må vere ei bok som gjer djupt inntrykk, anten det inntrykket kjem med ein gong eg lukkar boka eller det kjem sigande etterkvart som eg funderer over innhaldet.
Eg må sitje igjen med eit inntrykk av at dette, ja, dette er noko eg må fortelje til andre. At det er noko som set seg fast, som får meg til å tenkje etter, lenge...
Og det er bøker eg har, eller garantert skal, lese om att.
Frihetens vinder er en sånn bok du synker ned i godstolen med, og som du bruker god tid på. Dette er ikke en lett og enkel dameroman, men en viktig historie om kampen mot urettferdighet og arbeidet for likeverd. Liker du historiske romaner som du lærer noe av, kan du trygt velge deg denne. Jeg tror blant annet den vil appellere til deg som likte Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill.
Les mer om hva jeg mener her
Bok og ro. Må ha det stille rundt meg, noko som betyr at eg må vere åleine i rommet. Er ikkje av dei som kan lese overalt, dessverre :(