Pocket kjøper eg berre dersom det er einaste tilgjengelige format. Ja, og så viss eg skal ut og reise då. Pocket er ikkje meint for å vare, og då kan ein jo like greitt lese den digitalt.
Jeg vil absolutt anbefale de to første bøkene. Askepott, den aller første, er en pageturner fra ende til annen. Den finnes i pocket. http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=askepott%20ohlsson&p=1&r=2&cid=218007
Høyrast bra ut. Eg starta i går kveld, virkar bra så langt.
Irriterar meg ekstremt dersom eg har lånt ut ei bok og og eg ser at vedkommande har lest boka med smussomslaget på. Boka er nesten øydelagt. Eg veit godt at det er innholdet i ei bok som gjeld (og det er det jo), men eg likar den fysiske boka. Det at eg kan holde den, bla i den, sjå på den i bokhylla (som skal bli til eit bibliotek). Alt dette er ein del av det å lese bøker. Det er og grunnen til at eg ikkje les bøker på iPad eller Kindle, men likar BOKA. Den eg kan halde i. Den eg kan lukte på. Den som ikkje er virtuell, men her.
Merke i bøker, satt av andre, er forkastelig. Blod, kaffi, snørr, gørr og eg veit ikkje kva - eg likar det ikkje. Ein skal vere forsiktig med bøker. Det er noko dyrebart. Det er ikkje berre ein ting, noko som kan erstattast (tenker ofte på kva eg hadde gjort om huset hadde brent. Hadde eg kjøpt alle bøkene eg har lest på ny - vanskelig).
Behandlar bøkene mine med den største omhu. Les ikkje med smussomslaget på, låner sjelden ut bøker, kjøper stort sett berre innbundne bøker, skriv ikkje i bøker, les ikkje på do (uhygenisk), osv.
Men heldigvis er ikkje alle som meg (sjølv om det kan vere irriterande).
Svaret er enkelt: der får ein vere i fred. Ingen som forstyrrar. Når det er sagt, så ville eg aldri lese bok på do, det virkar uhygenisk og er vel ikkje akkurat ein godstol ein sit på.
Det er ikkje sånn at ein skal skamme seg over bøker ein ikkje har lest. Ein må ikkje kome seg gjennom alle klassikarane, då blir det ikkje lese noko anna.
Som gretemor seier så kan ei slik liste gjere ein bevisst forfattarar ein ikkje visste om og kome med gode lesetips for framtida, men det er ikkje slik at ein må lese alle.
Det er det. Det er ikkje slik at eg føler eg må lese dei fordi dei er klassikarar, men mange av dei har eg lyst å lese (nesten alle), men ser eg på alle andre bøker eg har lyst å lese så skjøner eg at ikkje kjem til å rekke over alt, i allefall ikkje med mi lesehastigheit...
Har lest 12. Planlegg å lese resten, men så er det jo så mange bøker ein vil lese...
Som eg seier så er ikkje ei subjektiv meining betre enn ei anna subjektiv meining, Det eg hevdar er at det er noko som gjer at ei bok er god eller dårleg, og dette er ikkje berre kvar person si subjektive meining. Det er nokre objektive kriterier som ligg i bunn. Sjølvsagt vil kvar enkelt si personlige meining og smak til ein viss grad spele inn, men dette kan ikkje vere det som avgjer om litteratur er god eller dårleg (eller ein plass mellom desse to ytterpunkta).
I så tilfelle vil jo den beste boka i verda vere den som flest folk liker. I så tilfelle må jo Nobels litteraturpris og andre prisar bli ein rein popularitetskonkurranse...
Kjenner igjen situasjonen ja. Skulle gjerne lest meir, men lesing kjem jo etter barn, jobb og husarbeid. Ikkje mykje tid til overs då nei. Til sommaren, då ...
Les "Dager i stillhetens historie" av Merethe Lindstrøm.
Kjøpte denne etter den vann Nordisk råds litteraturpris, men "snuste" på den før det. Huskar ikkje heilt, men eg meiner at eg las fleire gode kritikkar av boka.
Ei veldig god bok så langt (ca. halvferdig). Fortjener nok prisen som beste bok i Norden, utan at eg har lest alt som blei utgitt i fjor altså. Dette er norsk litteratur på sitt aller beste.
Har brukt lang tid på boka grunna mykje jobb og ein liten unge som ikkje søv når han skal, men eg har tenkt veldig mykje på boka innimellom. Eit godt teikn.
Det er sjølvsagt ikkje einkvar ekspert og kritikar si subjektive meining som avgjer kva dei tykkjer er god litteratur. Ei subjektiv meining er ikkje betre enn ei anna subjektiv meining.
Tenk på ein norsklærar som rettar stilar. Det er nokre kriterier dei har i bunn, det er ikkje berre korleis dei opplev teksten som avgjer karakteren. Sånn er det med ekspertar og kritikarar og. Det er ikkje sånn at dei berre føler på boka og seier den likar eg, den likar eg ikkje...
Skattejakt er bra. Det å gå rundt på eit bibliotek eller i ein bokhandel berre for å sjå på bøker er ei eiga spesiell lykkekjensle. Snu boka for å lese omslaget, finne ein ny forfattar du ikkje har høyrt om, komme plutseleg over ei råbillig bok på salg, for deretter gå derifrå med ei bok du ikkje hadde tenkt å kjøpe (eller med alt for mange bøker frå biblioteket).
Det gjer det nok. Men kort sagt: dei beste bøkene får prisar.
Men folk kan ha ei topp lesaroppleving sjølv om boka ikkje har fått ein pris i det heile tatt. Eg berre seier at eg likar nok best dei bøkene, så er det andre som likar andre bøker.
Men eg ville heller hatt ein god kokk til å lage maten min enn ein dårleg...
Ingen vel vel seg ei bok dei veit er dårleg, men ein er vel til tider meir usikker i valet av bok enn andre gonger. Dersom du ofte blir skuffa så handlar det jo om deg som vel boka du skal lese. Du kan jo velje totalt på måfå, få tips av vener, lese på baksida av boka, lese kritikkar osv.
Ingenting i vegen med lettare lesestoff. Hadde blitt frykteleg tungt å berre lese litterære meisterverk :) (Men då veit du jo kva du vel).
Og det er vel mange som handlar vin på den måten :) Du finn sjelden ein utprega dårleg vin på vinmonopolet, men du finn lett dårlege bøker...
Er vel på veg der eg og :)
Godt poeng. Ikkje mange som begynner på ei kjedelig bok med vitande vilje håper eg :) Ikkje noko nederlag å legge frå seg dårlege/kjedelige bøker, er nok mange som gjer det. Er nok eg som er litt rar der. Berre føler eg må lese den ut, merkelig nok.