Eg har òg tolka det slik. Den spanske utgåva mi har inndeling etter hovuddelar, men har fortløpande kapittelnummerering, mens den norske berre har kapittelnummerering frå I og framover. Men vi finn vel fram.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er gjennom galskapen sin at Lear kjem fram til ei ny meining med livet. Stoltheita hans forsvinn, og kongen kjem med ei vedkjenning for alle som lir:

Poor naked wretches, whereso’er you are,

That bide the pelting of this pitiless storm,

How shall your houseless heads and unfed sides,

Your loop’d and window’d raggedness, defend you

From seasons such as these? O! I have ta’en

Too little care of this. Take physic, Pomp;

Expose thyself to feel what wretches feel,

That thou mayst shake the superflux to them,

And show the Heavens more just.

(III, iv; 28ff.)

Den manglande evna som Lear har til å tilpasse seg og hamle opp med dei umenneskelege sidene ved den nye tida, får han til å utrykkje samkjensle med og seinare identifisere seg med dei fattige. Han blir tvinga til å ta inn over seg den veldige hjelpeløysa åt dei fattige som er underkasta makta åt dei rike, dvs. dei som eig. Når Lear innser korleis dei med eigedom behandlar dei som ikkje eig noko, byrjar han å setje spørsmålsteikn ved den private eigedomsretten – ikkje så verst av ein føydal konge!

I neste akt, den fjerde, blir dette utvikla til hard samfunnskritikk:

A man may see how this world goes with no eyes. Look with thine ears: see how ypnd justice rails upon yond simple thief. Hark, in thine ear: change places, and, handy-dandy, which is the justice, which is the thief? Thou hast seen a farmer’s dog bark at a beggar?

“Ay, Sir,” svarar Gloucester, og Lear held fram:

And the creature run from the cur?

There thou might’st behold the great image of Authority:

A dog’s obey’d in office. Thou rascal beadle, hold thy bloody hand!

Why dost thou lash that whore? Stripe thine own back;

Thou hotly lusts to use to use her in that kind

For which thou whip’st her. The usurer hangs the cozener.

Thorough tatter’d clothes small vices do appear;

Robes and furr’d gowns hide all. Plate sin with gold,

And the strong lance of justice hurtles breaks;

Arm it in rags, a pigmy’s straw does pierce it.

None does offend, none, I say, none; I’ll able ‘em:

Take that of me, my friend, who have the power

To seal th’accuser’s lips. Get thee glass eyes;

And like a scurvy politician, seem

To see the things thou dost not. Now, now, now, now;

Pull off my boots; harder, harder, so.

(IV, vi, 158ff.)

Lear har no nådd eit høgare steg I forståinga si av verd og samfunn, og han forkastar dei sosiale verdimåla som han godtok tidlegare. Når han prøver å ta av kleda, vil han identifisere seg med Poor Tom, sjølv om den nye Lear framleis er i strid med den gamle. Representantane for den borgarlege verda har audmjuka han, men ved at han fell, kan han reise seg og bli menneske, hjelpt av ein narr og ein tiggar.

Så står konklusjonen att.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk, Guiritana av Trøndelag!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er mange slike passasjar i boka, og ein lyt berre gjere som Ann Christin og bite tennene saman og lese. Godbitane kjem!

Vi får høyre meir om “el segundo autor”, Cide Hamete Benengeli, og slik var det altså på den tida. Nyttig for ein bokelskar å få kjennskap til tidlegare tiders narratologi – Denis Diderot (Jacques le Fataliste) og Edvard Hoem (Kjærleikens ferjereiser) er ikkje dei fyrste som eksperimenterer!

Cervantes skriv at folk “de aquella nación”, altså arabarane, er “mentirosos” – løgnaktige. Hugs på tida: muslimane måtte ut av landet, og forfattaren trekkjer vel fram den vanlege oppfatninga av arabarane (Spania var muslimsk lenger enn det har vore kristent etter 1492) – utan nødvendigvis å gå god for desse synspunkta sjølv? Eller byggjer han på erfaringar frå åra i fangenskap?

Dette er einaste staden der Sancho Panza blir kalla Zancas; det tyder eit lange og tynne bein, “stankelbein”, ville vi vel seie. Vår eminente medlesar guiritana var sist inne på etymologien til namnet Sancho, og eg følgjer opp no med at panza er ein diger mage, kanskje “kulevom” eller noko slikt. I Spania får ein kjøpt ulike typar av figurar som framstiller Don Quijote og Sancho Panza, og då er det jo nettopp slik han ser ut: Liten, og med diger mage på to stankelbein. I ein butikk i Toledo såg eg fullt opp av slike figurar; eg seier ikkje noko på at Toledo blir nemnd her; det er ein stad med ein svært vakker gamleby, med mange skilt som viser at dette er Quijote-land.

Sancho er den praktiske av dei to, men når Don Quijote snakkar om homocidios, trur han det dreiar seg om omecillos, som tyder “uvennskap” eller “krangel”, altså mykje mildare enn homicidio. Dette ordspeler klarer ikkje Grønvold og Kjær å ordne opp i (dei skriv “bane”, og det er greitt nok – vi ser likevel at den intellektuelle ballasten hans er noko avgrensa). Seinare, i kap. XII, forvekslar han cris og eclipse - cris finn eg ikkje ut av, men omsetjarane mine seier “formindskelse” (kontra “formørkelse”, som er eclipse). Andre forvekslingar er estéril (“steril”) og éstil (som eg ikkje veit kva er) og Sarra (kona til Abraham) og sarna, eit ordspel det blir for komplisert å forklare på norsk, men eg har sans for løysinga til Grønvold og Kjær: “Metusalem” og “Jerusalem”). Eg kjem nok til å skaffe meg utgåva til Worren for å sjå korleis han taklar uttrykk som er vanskelege å omsetje.

Marcela har fleire medlesarar alt kommentert, så eg nøyer meg med å opplyse at diktet

Nadie las mueva que estar no pueda con Roldán a prueba

er ei spansk omsetjing av to linjer i Ariostos Orlando furioso, eit verk som tydelegvis lyt ha vore viktig for Cervantes.

Vi går vidare!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Bonne chance! Allez!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det vart visst litt kluss med lenkja fordi eg fyrst kalla boka Œuvres póetiques i staden for Œuvres poétiques og så prøvde å redigere tittelen på bokai samlinga mi. Men det er nok det diktet som du siterer i engelsk omsetjing, ja. Her er det i original (det ligg òg under "Godt sagt"):

Quand vous serez bien vieille, au soir à la chandelle,

Assise auprès du feu, dévidant et filant,

Direz, chantant mes vers, en vous émerveillant :

‘Ronsard me célébrait du temps que j’étais belle.’

Lors vous n’aurez servante oyant telle nouvelle,

Déjà sous le labeur à demi-sommeillant,

Qui au bruit de Ronsard ne s’aille réveillant,

Bénissant votre nom de louange immortelle.

Je serez sous la terre, et fantôme sans os

Par les ombres Myrteux, je prendrai mon repos.

Vous serez au foyer une vieille accroupie,

Regrettant mon amour et votre fier dédain.

Vivez, si m’en croyez, n’attendez à demain :

Cueillez dès aujourd’hui les roses de la vie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dersom eg er rett orientert, fanst det ikkje andre historier om Don Quijote, men historiene om dei riddarane som var i dei bøkene som Cervantes parodierer, skreiv forfattarane ofte om slike parallelle tekster. Cervantes held seg altså innanfor den sjangeren som han gjer narr av.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sonnet XXIV

Quand vous serez bien vieille, au soir à la chandelle,

Assise auprès du feu, dévidant et filant,

Direz, chantant mes vers, en vous émerveillant :

‘Ronsard me célébrait du temps que j’étais belle.’

Lors vous n’aurez servante oyant telle nouvelle,

Déjà sous le labeur à demi-sommeillant,

Qui au bruit de Ronsard ne s’aille réveillant,

Bénissant votre nom de louange immortelle.

Je serez sous la terre, et fantôme sans os

Par les ombres Myrteux, je prendrai mon repos.

Vous serez au foyer une vieille accroupie,

Regrettant mon amour et votre fier dédain.

Vivez, si m’en croyez, n’attendez à demain :

Cueillez dès aujourd’hui les roses de la vie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo, Yeats' "When you are old" er eit svært godt dikt som eg er glad i, men Yeats byggjer her på - eller stel frå, for å vere meir presis - Pierre de Ronsards vakre og rørande og litt sjølvgode Sonnet XXIV.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hadde planlagt å registrere den franske skjønnlitteraturen seinare, men ettersom du spør, har eg lagt inn dei bøkene av Zola som er i samlinga mi. Du finn dei her. THérèse Raquin har eg lese på norsk, så her har vi kanskje ikkje den same utgåva, og dei andre tre har eg på fransk. Eg har tenkt på Zola etter at du inspirerte meg, så no har eg lyst til å skaffe meg La Bête humaine og Le Débâcle ...

Ta litteratur alvorleg? Ja, det skal eg seie deg - men eg har enno eit stykke att før eg tek att den lesaren som under ei vandring i "Kristin Lavransdatters rike" i Sel spurde "Kvar er ho gravlagd?". Men eg kjem vel dit òg, med tid og stunder.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sterkt om prostitusjon. Romanen skal byggje på studiar av miljøet, visstnok berre frå eit teoretisk perspektiv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rett ad undas: Arv og mijø, sa Zola og dei andre naturalistane. Ein arbeidagut blir øydelagd; her er forfall over heile linja. Sterkt om klasseforskjellar og ekte skildringar, men svakt om perspektivet framover.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gruvearbeidarromanen med stor "G", om helvete, men òg om vegen opp: Zola har begynt å oppdage arbeidarklassa som frigjerande kraft. Sydande av erotikk, som hos Uppdal.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lidenskap, lidenskap og lidenskap. Og når forfattaren er naturalist, kan det berre gå éin veg. Til helvetes i neroverbakke og på holkeføre, er det vel Dævel-Didrik hos Duun seier. Prototypen på ein naturalistisk roman, dette - og med ei skildring av eit lik som er så sterk at ho sit i meg enno, mange år etter at eg for fyrste gong las romanen om Thérèse Raquin.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det med Kielland har eg anten gløymt eller aldri fått med meg, kanskje helst det siste. Takk for sitatet! Ja, Ibsen konsentrerer seg om å beskrive interiør og måten personane går og snakkar på, og meire til, men som personar framstår dei altså som personar i kraft av slik dei handlar, og så får vi tolke dei ut frå det. Ibsen ville nok ikkje kunne skrive romanar, nei, og trong det vel ikkje heller; skodespela er, mildt sagt, gode nok. Den einaste sneven av naturalisme som eg finn i stykka hans, forresten, er skildringa av doktor Rank i Et dukkehjem. Men for all del: Eg liker veldig godt å lese Zola!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om Kejser og Galilæer seier Horst Bien i Henrik Ibsens realisme at stykket “gir viktige opplysninger om Ibsens Hegel-inspirerte filosofi”; du veit Hegel var særleg oppteken av utviklinga tese – antitese – syntese, som vi jo kjenner att i dei tre rika, der det tredje riket kan sjåast på som ein syntese av dei to fyrste. Og her får du støtte frå professoralt hald i tanken din om at Julian minner deg om Peer Gynt:

I dette monumentale verket setter Ibsen en fanatisk idealisme av Brands type inn i en helhetsramme sammen med en opportunisme av Peer Gynts type, som bare er ute etter jordisk nytelse. På denne måten forsøker han å forene motsetningen mellom de åndelige og materielle kreftene i menneskehetens historie til en syntese som viser inn i en utopisk framtid. […] [Ibsen] vil ha en syntese av begge livsformer på et høyere utviklingsnivå, der ‘kjødets rike’ og ‘åndens rike’ skal opphøyes i en ny kvalitet, ‘det tredje rike’.

Bien seier vidare at i mystikaren Maximos’ ord om dei tre rika

kommer Ibsens daværende forventning om en hurtig og fundamental fornyelse av samfunnslivet til syne, et håp som fikk næring av krisesituasjonen i begynnelsen av syttiårene, av den fransk-tyske krig og av pariser-kommunen. I forgrunnen for interessen ved ved behanslingen av det historiske temaet ‘keiser og galileer’ sto Ibsens ønske om å komme på sporet av de samfunnsmessige grunnproblemer i tiden.

Eg er enno ikkje ferdig med fyrste delen av dobbeltskodespelet, så no går eg over til å lese.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ibsen sa at Zola gjekk ned i kloakken for å bade, mens han sjølv gjorde det for å reinske opp. Thérèse Raquin lyt da vere eit av verdas tydelegaste eksempel på naturalismen i litteraturen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde eg sett det i boka, ville eg - håper eg - ha delt med dykk. Så anten sov eg, og er flau, eller så står dette fantastiske uttrykket ein annan stad. Vi håper på hjel - AnjaE, kvar er du?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg har samla ein del sitat her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, Et dukkehjem, for eksempel, treffer jo stadig blink rundt om i verda, særleg i Asia ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

MarteÅsmund ÅdnøyAlexandra Maria Gressum-KemppiCathrine BoreKirsten LundAndreas HesselbergBente NogvarubbelHeidi BEvaTanteMamieSynnøve H HoelBeate KristinKarina HillestadLilleviMari ArnIngeborg GBeathe SolbergOdd HebækAlice NordliMorten JensenAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenAud Merete RambølMonaBLRuneHeidimgeKjerstiDagfinn JakobsenInger BjørndalJulie StensethIna Elisabeth Bøgh VigresomniferumCamillaBerit RPiippokattaFride LindsethTurid KjendlieAnniken Røil